PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.

 

Startside
Opp
Primalterapi
Fødselstraumet
Traumeteorien
Psykoterapi
Psykiatri
Annonsering
Debatt
Bøker
Foreiningar
Lekkjer
Planer

 

SPONSORAR

Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>

 

BØKER PÅ ENGELSK:

THE BIOLOGY OF LOVE, .  Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet.  Prometheus Books 2000. Les meir>>

MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni  ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen.  Les meir>> 

BØNN OM SPONSING

Vil gjerne bli sponsa av firma og institusjonar som ser seg tent med at deira tilsette og kundar, i tilfelle av psykisk sjukdom, får behandling som hjelper desse til å bli tilnærma heilt friske og arbeidsføre, sjølv om det inneber bruk av alternativ behandling hos private aktørar.

Dette for at tilsette skal kunne halde fram med å gjere ein god jobb for firmaet, og at kundane skal kunne halde fram med å vere i stand til å betale rekningane sine, og at alle skal kunne vere eller bli verande i stand til å betale skatt til det offentlege i staden for å bli ein utgiftspost for det offentlege.

Dagens psykiatri byggjer diverre på ei forelda genetisk-biologisk sjukdomsforståing og driv difor altfor einsidig med symptombehandling ved hjelp av meir eller mindre sløvande medisinar utan tilstrekkeleg oppfølging med samtalebehandling. Ein utviklar seg som menneske i relasjon, dvs. i samtale og samhandling med andre menneske, ikkje ved hjelp av kjemiske stoff.

Resultatet av den einsidige fokuseringa på medisinar innafor psykiatrien er, at svært mange som får psykiatrisk hjelp ikkje maktar å fungere i full jobb i eit hektisk arbeidsmiljø som krev 100 prosent innsats. Diverre er det slik, at svært mange av dei som får psykiatrisk behandling, før eller sidan hamnar på  uføretrygda, og mange av desse igjen må ha dagleg tilsyn, nokre til og med i verna bustader.

Opptrappingsplanen for psykisk helse (les: psykiatrien) går mot fullføring i år. Likevel er det mange som framleis er misfornøgde, både pasientar og pårørande. Talet på uføretrygdingar stig like mykje som før, spesielt blant unge. Psykiatrien har fått dei pengane dei alltid har mast om, men den leverer ikkje, og kan ikkje lenger bortforklarande manglande resultat med at den ikkje har nok økonomiske midlar.

I dag er det omlag 100-tusen menneske her i landet som er uføretrygda på grunn av psykiske lidingar. Totalt er nesten 700.000 menneske i arbeidsfør alder ute av arbeidslivet på grunn av sjukdom eller generelle helseproblem (sjuketrygda, attføringstrygda, uføretrygda eller på sosialen). Dette utgjer omlag 25 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder. Svært mange av desse, kanskje opptil halvparten, har enten ein psykisk hovuddiagnose eller tilleggsdiagnose.

Samtidig har styresmaktene gjort det svært vanskeleg for desse å skaffe seg adekvat psykoterapisk behandling, i og med at det er altfor få psykologspesialistar som har driftsavtale med helseføretaka. På den andre sida har vi omlag 600 alternative psykoterapeutar som har fire års spesialisert og målretta utdanning i sine terapiformer og praktiserer alt ifrå gestaltterapi til jungiansk analyse. Her må pasientane betale alle utgifter sjølve, og som om ikkje det er nok, må dei også betale moms.

Det er vitskapleg påvist at relasjonen mellom psykoterapeut og pasient er viktigare enn kva type psykoterapi som blir praktisert. Dvs. at den merksemda (oppmerksomheita) som pasienten får ifrå terapeuten står for opp til 80 prosent av behandlingsresultatet, viss kjemien mellom terapeut og pasient er optimal. Vidare har det vist seg at det er større skilnader i resultat innafor kvar psykoterapeutisk retning enn det er mellom forskjellege psykoterapeutiske retningar. Likevel vel helsestyresmaktene å prioritere kognitiv åtferdsterapi, som nødvendigvis ikkje er den beste, og psykiatrien.

Side under opparbeiding.

 

 

Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it.  Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. 

Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience.

ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>>

SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>

 

BØKER PÅ NORSK:

DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>>

EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>

 

 

 

Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898.  E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk.

Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk.

Startside ] Opp ] Primalterapi ] Fødselstraumet ] Traumeteorien ] Psykoterapi ] Psykiatri ] Annonsering ] Debatt ] Bøker ] Foreiningar ] Lekkjer ] Planer ]

Ny Psykoterapi