|
PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.
|
|
SPONSORAR Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>
BØKER PÅ ENGELSK: THE BIOLOGY OF LOVE, . Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet. Prometheus Books 2000. Les meir>> MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen. Les meir>> |
PRIMALTERAPI - BERRE SKRIK ELLER SERIØS PSYKOTERAPI ? Av Leiv Henriksbø Primalterapi kan best omtalast som ei form for psykoanalyse der ein jobbar meir målmedvite med å sette ord på kjensler og ikkje minst gi uttrykk for kjensler enn kva som er vanleg innafor ordinær psykoanalyse og andre såkalla akademiske psykodynamiske psykoterapiar. I tillegg ser ein på gjenoppleving av traume ifrå barndommen som like viktig som innsikt i desse trauma. På folkemunne har primalterapien nokså forakteleg vorte kalla skriketerapien der pasientane ligg på golvet og skrik ut aggresjon eller ropar på mor eller far. Til høgre dei ropar eller skrik, til lengre skal dei komme inn i dei fortrengde kjenslene og behova ifrå barndommen som dei prøver å mane fram igjen. Målet skal vere til slutt å få utløyst eit slags urskrik, og etter det skal alle problema vere løyste, både ifrå fortida og i notida. Dette er ei stereotyp oppfatning av primalterapien som ikkje har noko med røyndommen å gjere, slik eg har opplevd den som pasient hos opphavsmannen til denne terapien, den amerikanske psykologen Arthur Janov. Diverre er det ein del ukvalifiserte primalterapeutar som trur det skal vere slik og driv primalterapi på denne måten.
Janov hevdar at han oppdaga primalterapien nokså tilfeldig då han i 1967 bad ein psykiatrisk pasient leggje seg ned på golvet og rope MAMMA! PAPPA! Ideen hadde han fått ifrå eit teaterstykke der ein vaksen mann hadde gått omkring på ei scena i berre bleier og ropt mamma, pappa. Dette førte forunderleg nok pasienten inn i ei katarsisoppleving som ikkje berre skal ha forandra dei psykiatriske symptoma hans, men også livet hans her og no.
Trauma ifrå barndommen er altså drivkrafta bak sjukdommane, men kva slags sjukdommar ein skal få, er bestemt av arvelege disposisjonar og sosiale tilhøve. Viss dette er riktig, peikar det på at det ikkje alltid er nok å behandle den enkelte sjukdommen isolert, men at det kan vere ein god del å vinne ved også å behandle den psykiske sida av dei fysiske sjukdommane, altså heile mennesket. I den første tida vart Janov møtt med stor interesse hos lekfolk og til ein viss grad også i det akademiske miljøet, til og med her i landet, og boka The Primal Scream verka i stor grad som eit reklameskrift som trekte nye pasientar ifrå store deler av verda til The Primal Institue i Los Angeles. Men interessa i det akademiske miljøet minka etter kvart som det viste seg at dei første fantastiske resultata ikkje viste seg å vere så fantastiske som ein først hadde trudd, og terapien tok lenger tid før ein oppnådde varige resultat. I tillegg fekk andre psykologar og psykiatrar problem med å reprodusere resultata til Janov. Det har likevel ikkje forhindra at det i dag skal vere omlag fem hundre senter rundt om i verda som driv primalterapi, og det hovudsakleg med terapeutar som aldri har hatt noko med Janov å gjere. Det som spesielt har irritert den akademiske psykologien og psykiatrien er, at Janov påstår at primalterapi er den einaste terapien som kan kurere nevrosar, og denne irritasjonen er forståeleg. På den andre sida har Janov moderert dette standpunktet noko i boka; The Primal Revolution (1972), der han skriv at det er det same kva ein kallar ein terapi, men for at den skal ha nokon positiv effekt, må den på ein eller annan måte ta omsyn til dei fortrengde trauma ifrå barndommen. I byrjinga trudde Janov at ein ville oppnå best resultat dersom ein tok i bruk alle tilgjengelege middel for å bryte ned det psykiske forsvaret til pasientane, og at dei kjenslene som på den måten kom opp til overflata i medvitet nærmast vart integrerte av seg sjølve. Såleis vart det teke i bruk sterke verkemiddel som søvndeprivasjon, kroppsmanipulasjon, hyperventilering og til dels grove verbale provokasjonar for å oppnå dette målet. Nokre pasientar med god egostyrke reagerte positivt på dette hardkøyret, andre braut truleg saman i psykose eller depresjon medan atter andre stengde kjenslemessig heilt av. Dette skal ha ført til ein del rettssaker ifrå pasientar som hevda at dei hadde vorte skadde av behandlinga i primalterapi. Såleis blei det nokså fort klart at skulle ein hjelpe flest mogeleg, må ein gå monaleg meir forsiktig fram. Det viste seg at ein del pasientar har så dårleg psykisk forsvar og egostyrke at ein må hjelpe dei den første tida til å byggje opp igjen det psykiske forsvaret, slik at dei kan bli i stand til å integrere trauma sine ifrå barndommen. Sjølv om det har vore relativt stille omkring primalterapien dei siste åra, har den i følgje Janov levd i beste velgåande og vorte konsolidert både med omsyn til teori og praksis. No prøver ein å gå veldig forsiktig tilbake i den personlege historia til pasientane og handsame trauma i kronologisk rekkefylgje, og Janov kallar primalterapien for nevrose i revers. Det å få opp i medvitet på eit altfor tidleg tidspunkt katastrofale traume ifrå dei første leveåra, er lite gunstig og kan verke meir desintegrerande enn integrerande. Diverre er det ukvalifiserte primalterapeutar og andre, f.eks. såkalla gjenfødselsterapeutar, som i dag driv terapi slik Janov gjorde i byrjinga. Ein kan undrast på om alle desse veit kva dei driv på med? Pasientar sine gjenopplevingar av traumatiske barndomsopplevingar i primalterapi har gjeve ein del ny kunnskap om kva som er årsakene til psykiske lidingar og kva ein best kan gjere for å unngå desse. Primalterapi er ein rein traumeorientert terapi. Janov hevdar at det ikkje berre er enkelte traumatiske episodar i barndommen som vold, incest og tap av foreldre eller andre omsorgspersonar som fører til nevrosar, men også oppattekne mindre traumatiske episodar over lengre tid. Generelt hevdar Janov at psykiske lidingar ikkje berre har si årsak i mangel på tilfredsstilling av fysiske behov som mat og stell dei første leveåra, men at det er minst like viktig å få tilfredsstilt psykiske behov som det å bli sett, vere elska og få fysisk kontakt. Dette er i stor grad i samsvar med den engelske psykiateren John Bowlby sin teori om kjenslemessig tilknyting (the attachment theory). Eit barn blir født med eit fysisk og psykisk utviklingspotensiale, men utan noko psykisk forsvar og er fullstendig kjenslemessig ope. Det ikkje å få tilfredsstilt desse fundamentale behova blir av barnet opplevd som ein trussel mot sjølve overlevinga. Difor må barnet, for å overleve, fortrengje desse behova som det ikkje fekk tilfredsstilt og prøve å tilpasse seg foreldra sine behov og krav, for på den måten å få den omsorga og kjærleiken det i første omgang ikkje fekk. Det må altså gi opp sitt eigentlege sjølv og laga seg eit nevrotisk og splitta ego. Er ikkje dette nok til å få foreldra sin omsorg og kjærleik, er barnet verkeleg ille ute og kan seinare komme til å bli asosialt utagerande eller trekkje seg tilbake inn i depresjon eller schizofreni.
Som eksempel kan nemnast, at det er for vondt for eit barn å erkjenne at foreldra ikkje er glade i det. Det må rasjonalisere dette bort med å tenkje at det må vere noko galt med det sjølv, for å kunne halde ut å ha det slik. Eller for å sitere den skotske grunnleggjaren av objektrelasjonsteorien innafor psykoanalysen, psykiateren W.R.D. Fairbairn: It is better to live as a sinner in a world created by God than in a world created by the devil. (Det er betre å leve som syndar i ei verd skapt av Gud enn i ei verd skapt av djevelen.) Åtferdsterapien har tradisjonelt hevda at barn ikkje må skjemmast bort med for mykje merksemd, elles vil det seinare bli for krevjande og sytete. Janov hevdar tvert imot at eit barn som er under eitt år ikkje kan skjemmast bort. Får det nok omsorg og kjærleik dei første leveåra, vil det seinare bli behovsmessig og kjenslemessig sjølvregulerande og lettare å ha med og gjere. Behova til små barn er enkle og burde vere lette å tilfredsstille. Når det likevel er foreldre som har problem med dette, er det truleg fordi dei er kjenslemessig resurssvake på grunn av at dei heller ikkje har fått tilfredsstilt sine behov i sin barndom. Vi er med andre ord alle offer. Intime relasjonar til andre menneske generelt og til eins nærmaste spesielt, har gjerne ein tendens til å vekkje til live sakn og smerte som ein sjølv ber på ifrå barndommen, og dette kan bli for mykje for enkelte å takle. Ein annan ting primalterapien har lært er, at ulike psykiske symptom kan ha årsaka si i dei same trauma i barndommen, og at ulike traume kan føre til like symptom i vaksen alder. Difor kan ein ikkje finne ut noko eksakt om årsakene til psykiske lidingar berre ved å studere symptoma hos vaksne, slik som den akademiske psykologien og psykiatrien prøver å gjere. Ein må også lytte til og ta lærdom av historiene til pasientar, ikkje minst til dei som gjenopplever trauma sine ifrå barndommen. I boka; The Primal Scream skriv Janov ingenting om fødselstraumet. Det er fordi ingen primalpasientar på den tida hadde begynt å gjenoppleve fødselen, men det skulle komme seinare. Dei primalpasientane som har gjenopplevd fødselen heilt eller delvis, hevdar at dei gjer dette heilt konkret og er ikkje i tvil om kva dei opplever. Det er ikkje alle menneske som har hatt ein traumatisk fødsel, og det er ikkje noko mål i seg sjølv å føre alle pasientar heilt tilbake til fødselstraumet, viss ein kan hjelpe dei til eit verdig liv på enklare måtar. Det har likevel vist seg, at psykiske lidingar blir grunnlagde alt i fødselen og til og med på fosterstadiet. Om dette skal utvikle seg til ei psykisk liding i vaksen alder, kjem ut på kor mykje omsorg og kjærleik ein får som barn den første tida etter fødselen. Diverre har det vist seg at barn som har hatt ein traumatisk fødsel med komplikasjonar, ofte er meir krevjande enn kva gjennomsnittleg gode foreldre kan makte. Innafor primalterapien ser ein ikkje på psykiske lidingar som sjukdommar på same måten som innafor psykiatrien, men som utviklingskriser som gir høve til vekst og modning. Det er nødvendig å gå tilbake til barndommen for å føre vidare ei utvikling som har stoppa opp for å bli ein meir moden og heil vaksen person. Primalterapi kan kortast og best omtalast som ein konfrontasjon med eins eiga personlege fortid, der ein går inn i smerta og fortvilinga, i staden for å fortrengje den ved hjelp av nevrotisk utagering, tobakk, alkohol, narkotika eller overdriven bruk av medisinar. Etter ei tid i primalterapi er det nødvendig å jobbe med livet her og no for å komme vidare i terapien, og vice versa. Korleis blir primalterapien praktisert? Når ein begynner i primalterapi hos Janov, får ein vanlegvis tre veker med intensiv terapi der ein går i terapi kvar dag fem dagar i veka. Dette er nødvendig for å komme så fort som mogeleg inn i det som blir kalla primalprosessen, det vil seie å gjenopprette evna til å få kjenslemessig utløysing gjennom å kunne gråte. Når dei første tre vekene er over, går ein vanlegvis i terapi to gonger i veka i eitt til to år, og deretter kan ein normalt trappe ned til ein gong i veka dei neste åra. Etter ein del år går ein gjerne i terapi etter behov. Primalterapi er altså ein langtidsterapi, og Janov hevdar at det ikkje er nokon annan langtidsterapi der ein går så sjeldan i terapi som i primalterapi, og at primalterapien såleis berre kostar ein femtedel av kva ei fullstendig psykoanalytisk behandling kostar. Som andre spissformuleringar av Janov må denne også vere ei overdriving, men halvparten så billig som ei fullstendig psykoanalyse er den nok, og resultatet vil truleg vere betre. I motsetning til kva ein skulle tru, driv ein ikkje i primalterapi og grev unødvendig i fortida. I staden tek ein utgangspunkt i dei kjenslene og problema som pasientane har her og no og let dei snakke seg tomme i løpet av ein klokketime. Dersom kjenslene er for sterke i høve til den situasjonen som utløyste dei her og no, vil det seie at ein har opplevd liknande situasjonar tidlegare, og ein prøver å finne fram til desse, både for å få i stand ei gjenoppleving og skaffe meir innsikt i problema her og no og i samanhengen tilbake til fortida. Det som er viktigast i primalterapi er, at pasienten får tryggleik til å føle kva han har på gang av kjensler til ei kvar tid, og at han på ein måte blir halden mentalt i desse kjenslene. Då vil kjenslene etter kvart komme opp sterkare og sterkare av seg sjølve innanfrå, samtidig som pasienten får meir styrke til å takle dei, utan at terapeuten treng å utøve noko ytre press for å få dette til. Dette er svært viktig for at pasienten skal bli i stand til å integrere dei sterkaste trauma ifrå den tidlegaste barndommen og fødselen, samtidig som han kan leve eit normalt yrkesaktivt liv. Først trudde Janov at behandling i primalterapi berre skulle ta tre til seks månader, men i dag veit vi at den tek monaleg lenger tid. Optimalt bør ein vere gjennom det verste i løpet av tre til fem år, men på grunn av at ein etter ei tid berre går til behandling når ein føler eit spesielt behov for det, kan det ta monaleg lenger tid. I tillegg har folk svært ulike behov for oppfølging, dvs. at dei som ber på svært store traume ifrå den tidlegaste barndommen og fødselen må nødvendigvis bruke lengre tid på å handsame desse enn dei som har hatt ein mindre vanskeleg barndom. Difor kan ein seie at primalterapi ikkje berre er ein psykoterapi, men også ein livsstil. Etter eitt til to års terapi får ei betring som er nok til vanlegvis å kunne fungere normalt i arbeidslivet, men dersom ein seinare får opp traume ifrå det første leveåret, fødselen og kanskje fosterstadiet, kan ein risikere å bli dårleg igjen og må ha meir intensiv terapi. Janov har påstått at så mange som 90 % av pasientane hans har vorte hjelpte i primalterapi. Dette verkar diverre noko vel optimistisk. Den svenske psykologen Tomas Videgård har teke doktorgraden på ei undersøking av primalpasientar som blir kalla; The Success and Failure of Primal Therapy (1984). Han fylgde 34 skandinaviske pasientar i to år og kom fram til at berre 42 % hadde oppnådd tilfredsstillande resultat, men tek atterhald om at oppfølgingstida er for kort til å trekkje bastante konklusjonar. Likevel kom han fram til at primalterapi er den mest effektive terapien som han kjenner til når det gjeld å få folk med psykiske lidingar fort tilbake til eit yrkesaktivt liv. Det bør nemnast, at ein av pasientane som var med i undersøkinga til Videgård påstod, at han hadde fått meir ut av hundre timar i primalterapi enn kva han tidlegare hadde fått ut av tusen timar i psykoanalyse. Likevel vart resultatet hans i primalterapi av Videgård karakterisert som utilfredsstillande. Ei etterundersøking av 200 primalpasientar over fem år ved hjelp av spørjeskjema som er referert i Janov si bok: Prisoners of Pain (1980), kom fram til ei gjennomsnittleg betring av symptombiletet på omlag 80%. Det er mogeleg at denne undersøkinga ikkje er heilt objektiv, i og med at den vart utført av to terapeutar ved Primalinstituttet. Likevel må ein kunne hevde at dette er omtrent på nivå med det som i opplysningstida si ånd på siste halvdel av syttenhundtretalet vart kalla Moralsk behandling (Moral Treatment). Her var resultatet ifrå 60- til 80% læking, og det etter ei gjennomsnittleg behandlingstid på berre tre månader. Diverre gjekk denne behandlingsforma tapt etter kvart som psykiatrien kom inn som fagprofesjon med sine meir eller mindre drastiske metodar, og lækingsprosenten gjekk ned til mellom 20- og 30% slik som den har helde seg til i dag, trass i meir moderne medisinar. Det har også vore utført ein del fysiologiske undersøkingar av primalpasientar som viser nedgang i blodtrykk, hjertefrekvens og stresshormon og til og med kroppstemperatur. Dessutan har ein funne normalisering av hormonsystemet både ifrå for lave og for høge verdiar. I tillegg skal ein ha vitskapleg dokumentasjon for positive forandringar i hjernen som for eksempel harmonisering av dei to hjernehalvdelane. Den kritikken av primalterapien som har kome utanfrå har ikkje alltid vore like seriøs, men Janov har også vorte kritisert av terapeutar som har slutta hos han og begynt for seg sjølve. Opp igjennom åra er det faktisk mange terapeutar som har slutta hos Janov fordi dei har vore usamde enten i teorien eller i praksisen eller begge deler. Såleis har Janov vorte kritisert fordi han har praktisert primalterapien både altfor mildt og altfor hardt. Dessutan har han vorte kritisert fordi han har vore for mykje vitskapleg og for lite spirituell og omvendt. Kanskje det tyder på at han eigentleg praktiserer primalterapien nokså midt på treet. Kritikken ifrå LAPP (London Association of Primal Psychoterapists) i London går på at Janov ikkje har forstått og akseptert, i alle fall i teorien, det terapeutiske verdet av faste relasjonar mellom pasientar og terapeutar. Tvert imot hevdar Janov, at når ein først er inne i den såkalla primalprosessen, kan ein jobbe med kva terapeut som helst. Dette er kanskje rett for dei pasientane som lykkast med å komme inn i primalprosessen i løpet av dei første tre innleiande vekene, men for andre som har hatt eit stort behandlings- og omsorgsbehov, har dette diverre for enkelte ført til dårleg oppfølging. Men det er alltid skilnad på teori og praksis, og så vidt eg veit får dei som ynskjer det også her ein fast terapeut å halde seg til. På den andre sida kan ein kanskje kritisere LAPP i London for i praksis ikkje å leggje like mykje vekt på at pasienten bør vere på bølgjelengde med terapeuten, at kjemien må stemme, for å få eit godt resultat innan rimeleg tid. Primalterapien blir praktisert litt ulikt hos dei forskjellege primalterapeutane som har slutta hos Janov og begynt for seg sjølve. Ved LAPP i London har dei funne det mest nyttig ikkje å starte terapien med tre vekers intensivterapi. Her har dei til ein viss grad integrert primalterapien med vanleg psykodynamisk og psykoanalytisk teori og praksis, spesielt objektrelasjonsteorien. Om dette er ein fordel, kan sikkert diskuterast, men dei hevdar i alle fall sjølve at primalterapien på den måten blir sikrare og at dei har betre resultat enn kva dei har ved Janov sitt treningssenter i Los Angeles. På den andre sida kan det hende at terapien her tek lengre tid og såleis blir dyrare og meir eksklusiv. I den samanheng bør det nemnast at den svenske psykologen Tomas Videgård hevdar i doktoravhandlinga si om primalterapi, at det var nokre pasientar som hadde så store vanskar med å komme inn i den såkalla primalprosessen at dei truleg hadde hatt like mykje om ikkje meir nytte av gå i vanlig psykodynamisk psykoterapi eller psykoanalyse. Det kan tenkjast at dette var pasientar som hadde vore utsette for massiv og vedvarande understimulering i den tidlegaste barndommen. For å bli primalterapeut, krevst det at ein begynner som pasient det første året. Etter dette må ein ha to timar i eigenterapi i veka som privat- og gruppetime dei neste fire åra. Såleis vil primalterapeutar ha bak seg om lag fem hundre timar i eigenterapi i løpet av utdanninga. I tillegg må dei så lenge dei praktiserer som primalterapeutar, ha ein time i eigenterapi/vegleiing i veka hos ein seniorterapeut. Dette sikrar ein viss standard på primalterapeutar slik at dei ikkje risikerer å utagere sine eigne kjensler (motoverføringar) på pasientar, og dette er i samsvar med det engelske kvalitetssikringssystemet for psykoterapeutar, UKCP (United Kingdom Council for Psychotherapy). Så vidt eg veit finst det diverre ikkje noko slikt krav til norske psykoterapeutar, og resultatet kan vi med visse mellomrom lese om i avisene. På same måten som Sigmund Freud og andre grunnleggjarar av nye terapiformer, har Janov vorte nokså dogmatisk med åra. Berre den måten han praktiserer primalterapien på er den einaste riktige. Difor åtvarar han mot det han kallar falske primalterapeutar (mock primal therapists). Dette har han sikkert god grunn til når det gjeld psykologar og andre som set i gang med å praktisere primalterapi utan sjølve å ha gått i denne terapien eller fått noka trening eller utdanning i den. Litt verre blir det når han også åtvarar mot primalterapeutar som han sjølv har trena og utdanna, men som har slutta hos han og starta for seg sjølve.
Primalterapi høver såleis best for folk med nevrotiske lidingar som til ein viss grad kan ta vare på seg sjølve. Slik sett er primalterapi kanskje meir eitt supplement til psykiatrien enn eit alternativ, men på den andre sida kan ei nevrotisk liding fort utvikle seg til ein akutt psykose viss ein ikkje får hjelp i tide, noko som er svært vanskeleg innafor det norske psykiske helsevernet, der det er altfor få psykologar og psykiatrar og av desse igjen er det altfor få som har kommunal driftsavtale. For å lykkast i primalterapi, krevst det at ein har ei viss erkjenning av og innsikt i sine eigne psykiske problem og at ein er godt motivert. Dessutan bør ein også ha god økonomi, i og med at ein må reise til utlandet for å få seriøs behandling i primalterapi. Ein får nemleg ikkje noka støtte til dette ifrå det norske Rikstrygdeverket, heller ikkje i form av sjukelønn eller attføringspengar om ein normalt hadde hatt krav på det. Hos denne etaten ser det ut til å vere heilt uinteressant om folk med psykiske lidingar blir friske nok til å komme tilbake til eit yrkesaktivt liv, dersom dette ikkje skjer innafor det offentlege norske psykiske helsevernet. (Det at ein brukar uttrykket psykisk helsevern i staden for psykisk helsevesen, tyder på at psykiatrien og helsebyråkratiet i utgangspunktet har gitt opp tanken på at psykiske lidingar kan lækjast og at ein berre må nøye seg med å ta best mogeleg vare på dei som har slike lidingar. Slik som situasjonen er i dag for mange menneske med slike lidingar, er vel dette likevel å rekne som eit framsteg.) Det som er mest sørgjeleg med Rikstrygdeverket si haldning til primalterapi spesielt og alternative psykoterapiar generelt er, at dette motverkar rekrutteringa av nye terapeutar innafor norske alternative terapiar. Folk med psykiske lidingar har ulike behov for behandling, og det er viktig at det finst eit breitt spekter av behandlingsformer som folk kan velje i for å finne noko som passer den enkelte. Det er diverre ikkje slik at alle blir hjelpte innafor dei to såkalla vitskaplege behandlingsformene som er kognitiv åtferdsterapi og psykiatrisk behandling, slik som det ser ut til at helsebyråkratiet trur. Pr. i dag er det mellom førti og femti nordmenn som har gått i primalterapi hos Janov og terapeutar som han har utdanna. Talet på verdsbasis er truleg omlag fire-fem tusen menneske ifrå alle deler av verda. Den mest kjende personen som har gått i primalterapi hos Janov er Beatlesmedlemmet John Lennon. Han hevda i eitt TV-intervju nokre år før han døydde, at dette var det som hadde hatt mest å seie i livet hans. Dette kom til uttrykk i musikken hans med plata John Lennon Plastic Ono Band som kom ut i 1970, etter at han hadde begynt i Primalterapi. Det bør nemnast at denne delen vart kutta ut då den sosialdemokratisk TV-kanalen NRK-TV for ein del år sidan sende dette intervjuet. I fylgje vitskapsfilosofen Thomas Kuhn vil alltid eit paradigmeskifte skje på sida av det som er hovudretninga innafor vitskapen. Ein får berre håpe at primalterapi er eller i det minste kan medverke til eit slikt paradigmeskifte innafor psykoterapien. I alle fall vil eg oppmode folk til å lese bøkene til Janov, og gjere seg opp ei sjølvstendig meining om primalterapien. Diverre er berre ei av bøkene hans oversett til norsk, men dei fleste er oversette til svensk og dansk.
Avslutningsvis vil eg ta med at eg ifrå Lillemor Johnsen har høyrt ei anna historie enn Janov si offisielle om korleis han kom på ideen til primalterapien. (Eg har berre møtt henne ein gong og det var heilt tilfeldig.) Denne historia hadde ho ifrå den tsjekkisk-amerikanske psykiateren Stanislav Grof, og Janov og Grof er tydelegvis gamle kjente, sjølv om dei i dag har utvikla kvar sine ulike terapiar og i den samanheng er nokså ueinige om ein del ting. Historia fortel at Janov og Grof ein gong midt på sekstitalet stod og prata ute på gata i Santa Barbara i California. På andre sida av gata var det ei kyrkje der gudstenesta nettopp hadde slutta og folk strøymde ut på gata. Ein liten unge spring bortover gata ifrå denne forsamlinga og snublar og blir liggjande langflat. Han reiser seg omsider og småspring sutrande tilbake til mora som står i lag med nokre venninner utanfor kyrkja. Først då han er i mora sine trygge armar, begynner han å skrike av full hals. Då først er det trygt å sleppe til smerta og kjenne på den, og etter ei stund er han heilt fin og roleg igjen. Etter denne episoden resonnerte Janov truleg slik: Kva skulle ungen ha gjort dersom han ikkje hadde funne mora si innan rimeleg tid. Då måtte han truleg ha fortrengt denne smerta, og i tillegg kanskje fortrengt ei endå større smerte over ikkje å finne mor si når han i smerte og fortviling trengde ho. Kanskje dette er mekanismen bak nevrosar, og at det vil vere mogeleg å kurere nevrosen ved å framkalle på nytt denne fortrengde smerta. Dette må vel seiast å vere primalterapi i eit nøtteskal. For ordens skuld vil eg her nemne at Lillemor Johnsen har utvikla si eiga form for vegetoterapi som ho kallar Integrert respirasjonsterapi, og med denne terapien har ho hjelpt mange som nærmast har vore oppgjevne av psykiatrien. Diverre har ho aldri fått den godkjenninga ho fortener for arbeidet sitt. (Ref.: Liv R. Lykkenborg: Bur til en skadet fugl.) Janov har alltid hatt store ambisjonar på vegne av primalterapien som han har skapt og gitt namn til og kallar den the ultimate psychotherapy (absolutt psykoterapi). I tillegg er han svært dyktig med malande spissformuleringar, men diverre held han seg framleis ikkje for god til å komme med overdrivingar med omsyn til kor effektiv primalterapien eigentleg er. Såleis trur og hevdar han framleis, at denne terapien er den einaste psykoterapien som eigentleg kan kurere nevrosar. Dette har medført at han ikkje i nemneverdig grad har brydd seg med å setje seg inn i kva andre autoritetar innafor det psykoterapeutiske området har drive med og såleis ikkje vore i stand til å gje dei kreditt for deira arbeid. Eit unntak her er, at han kallar Sigmund Freud a towering genius (kan vel best oversettast med: eit eineståande geni), då spesielt den unge Freud. Dei først bøkene til Janov var reint psykologiske, men etter kvart er det kome med meir og meir nevrologi, for å bevise at teorien han på empirisk (erfaringsmessig) grunnlag har bygd opp med omsyn til primalterapien er riktig. At han i stor grad har lykkast med dette, har verka som ein raud klut på psykiatrien som jobbar motsett av Janov, (dvs. tildekkjande ved hjelp av medisinar), ut ifrå ein teori (genteorien) som også er i motstrid med primalteorien som er ein rein traumeteori. Såleis er det kanskje forståeleg at Janov endå ikkje er akseptert av den akademiske psykologien og spesielt psykiatrien, men det er likevel sørgjeleg, ikkje minst på bakgrunn av at John Bowlby og Alice Miller endeleg ser ut til å få den godkjenninga dei fortener. Det forunderlege er, at meir spirituelle psykoterapiar som Stanislav Grof sin holotropiske terapi og gjenfødsels- og reinkarnasjonsterapiar som har mindre vitskapleg grunnlag å vise til enn Janov med sin primalterapi, stort sett slepp unna kritikk ifrå psykiatrien. Kanskje det er slik med psykiatrane som det er med dei flest av oss andre, at dei ser mørkt på å måtte omskolere seg for å kunne tilpasse yrkesutøvinga si til tida sine nye krav. Vi få heller satse på at det er med psykiatrien som med resten av vitskapen: at den går framover ifrå gravferd til gravferd, sjølv om det kjem til å ta ein god del lenger tid, (litt omskrive sitat ifrå den danske atomfysikaren Nils Bohr). Ut ifrå mine eigne personlege erfaringar med primalterapien vil eg påstå, at primalterapi ikkje berre er mykje skrik og lite ull, men absolutt ein seriøs psykoterapi som det er all grunn til å ta alvorleg, dersom den blir praktisert av kvalifiserte og kompetente primalterapeutar. Heilt til slutt kan det passe med ei åtvaring pga. Rikstrygdeverket si negative haldning til primalterapien: Viss du tenkjer på å begynne i primalterapi i utlandet og ikkje har enten ei tjukk lommebok eller mykje pengar i banken, eller begge deler for den saks skuld, vurder heller først å prøve og gå til ein norsk psykolog eller psykiater som har kommunal driftsavtale. Du kan vere ein av dei heldige som finn ein som du er fornøgd med og som kan hjelpe deg, sjølv om dei gule sidene ikkje har eigen rubrikk for spesielt dyktige psykoterapeutar. Gestaltterapi kunne kanskje vere eit alternativ, viss det ikkje hadde vore for at du må betale avgift (les: moms) til staten for å bruke av dine eigne pengar til å betale terapien. Sjå også skriv ifrå NORSK FORBUND FOR PSYKOTERAPI: FRIVILLIG REGISTRERING, VEIEN TIL MOMS-FRITAK. Leiv Henriksbø Oslo 11.03.02
|
Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it. Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience. ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>> SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>
BØKER PÅ NORSK: DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>> EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>
|
|
Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898. E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk. Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk. Ny Psykoterapi |