PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.

 

Startside
Primalterapi
Fødselstraumet
Traumeteorien
Psykoterapi
Psykiatri
Annonsering
Historier
Debatt
Bøker
Foreiningar
Lekkjer
Planer

 

SPONSORAR

Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>

 

BØKER PÅ ENGELSK:

THE BIOLOGY OF LOVE, .  Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet.  Prometheus Books 2000. Les meir>>

MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni  ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen.  Les meir>> 

NYE PLANAR FOR HEIMESIDA

Vanlegvis skal ein ikkje røpe kva ein har av nye planer, for då har dei gjerne ein tendens til å renne ut i sanden og ikkje bli noko av. Men på grunn av eventuelle sponsorar har eg likevel valt å gjere det, så får ein håpe på det beste. Dei nye planane er som følgjer:

Gå igjennom alt som er lagt ut tidlegare og oppdatere det. Denne heimesida vart først oppretta våren 2002. Dei som har sett den opphavlege utgåva har sikkert lagt merke til at eg har teke vekk ein del stoff som eg hadde med tidlegare. Eg har på ein måte gått tilbake til "the basics".

Skrive to nye store artiklar. Den eine skal vere ei samanlikning mellom psykiatrien og primalterapien, der psykiatrien nok vil komme litt dårleg ut. Den andre skal handle om traumeteorien generelt, som i dag er lite verdsett som årsak til alvorlege psykiske lidingar.

Starte ein ny landsomfattande organisasjon som skal heite Norsk Forening for Ny Psykoterapi, forkorta NFNP. Denne skal ha som føremål å arbeide for å gjere traumeteorien kjent og behandlingsformer som arbeider ut ifrå denne, spesielt primalterapi. 

Vidare skal den arbeide for å få slutt på den grove diskrimineringa av menneske med psykiske lidingar som helsebyråkratiet og politikarane driv med i høve til menneske med fysiske lidingar. Den skal også arbeide for å reformere det psykiske helsevernet slik at det blir meir humant og menneskeleg og meir basert på samtaleterapi av forskjellege slag og mindre medisinbasert. 

Prøve å følgje opp større medieoppslag om det psykiske helsevernet.

Underteikna er diverre ikkje så altfor effektiv for tida, så dette vil nok ha eit lengre tidsperspektiv. Men når det gjeld NFNP, reknar eg med å få lagt ut formålsparagrafen med grunngjeving alt til hausten i september i år (2008), om ikkje før. Så inntil den tid vil underteikna vere sjølvbestalta formann for NFNP som berre vil eksistere i teorien, for ikkje å seie i Cyber-space. Eventuelt interessert kan alt no sende meg ein e-post og vil då bli informert om oppdatering av denne heimesida.

Leiv Henriksbø

Eivindvik 19/3-08.

 

NB: Ei beklaging.

Eg kan berre seie meg lei for at det ikkje har vore så mykje oppdatering av denne heimesida som det burde ha vore dei siste åra. Det kjem m.a. av at eg har engasjert meg i kampen mot planane om vindmøllekraftverk i heimkommunen min Gulen, med eiga heimeside som heiter Nettverk mot vindmøller i Gulen. Dersom desse prosjekta skulle bli realiserte, vil dei etter mitt syn verke sterkt negativt inn på kystmiljøet og kystkulturen og vere til stor skade for turisme og bygging av fritidshus i området.

Eg har i mange år kjempa mot ekstrem dårleg behandling ifrå Rikstrygdeverket (les: Rikstorturverket), og dette har vore som å kjempe mot, ja, faktisk vindmøller. Så det var berre naturleg å ta dette eit steg vidare og gå til kamp mot reelle vindmøller også. Dessutan, skal ein bu i eit lite lokalsamfunn, bør ein også delta og engasjere seg litt i dette lokalsamfunnet.

Når det gjeld heimesida Ny psykoterapi, skal eg prøve å komme tilbake for fullt seinast til sommaren -08. Først må eg diverre sjå til å få fullført heimesida mot vindkraftverka Gulen. Gå gjerne inn på denne heimesida og sjå kor vakkert det eigentleg er her, før det meste eventuelt blir øydelagt av rike kraftselskap med industrielle vindkraftverk.

Leiv Henriksbø, Eivindvik den 19/3-08.

 

NB: Eg har fått tilsendt ein del stoff som eg skal prøve å få lagt ut etter kvart, så det er berre å følgje med.

L.H.

Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it.  Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. 

Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience.

ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>>

SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>

 

BØKER PÅ NORSK:

DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>>

EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>

 

 

 

Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898.  E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk.

Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk.

Startside ] Primalterapi ] Fødselstraumet ] Traumeteorien ] Psykoterapi ] Psykiatri ] Annonsering ] Historier ] Debatt ] Bøker ] Foreiningar ] Lekkjer ] [ Planer ]

Ny Psykoterapi