PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.

 

Startside
Opp
Primalterapi
Fødselstraumet
Traumeteorien
Psykoterapi
Psykiatri
Annonsering
Debatt
Bøker
Foreiningar
Lekkjer
Planer

 

SPONSORAR

Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>

 

BØKER PÅ ENGELSK:

THE BIOLOGY OF LOVE, .  Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet.  Prometheus Books 2000. Les meir>>

MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni  ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen.  Les meir>> 

LEIV HENRIKSBØ - NOTORISK MOTARBEIDD AV HELSEBYRÅKRATIET I SAMBAND MED ALTERNATIV PSYKOTERAPI

Dette er mi historie, dvs. eit samandrag av historia mi, og er som følgjer: Eg har lidd av angst, søvnproblem og depresjon som var så alvorleg at eg hadde store problem med å fungere i studie- og jobbsamanheng. På byrjinga av 70-talet gjekk eg i fire år etter tur til to forskjellege psykologspesialistar i Bergen og var samtidig innom to forskjellege psykiatrar, utan å få noka effektiv hjelp med desse problema. Då gav eg opp det norske psykiske helsevernet. 

På denne tida kom eg over boka Primalskriket av den amerikanske psykologen Arthur Janov. Her er det verkeleg ein som har forstått kva nevrosar eigentleg er, og korleis desse best kan kurerast. Då bestemde eg meg for å begynne i primalterapi ved hans institutt i Los Angeles i USA.

Primalterapi er ein holistisk psykodynamisk traumeorientert psykoterapi. Her går ein gradvis tilbake i den personlege historia til pasientane, og det blir lagt like mykje vekt på gjenoppleving av gamle fortrengde traume ifrå barndommen som innsikt i desse. Primalterapi har ein teori som til og med omfattar fødselstraumet som grunnleggjande årsak til psykiske lidingar og metodar til å behandle dette. Det blir hevda av Janov, at denne behandlingsforma har potensiale til å gjere pasientar med psykiske lidingar heilt friske og arbeidsføre, viss ein berre held fram i behandlinga lenge nok.

Kort tid før eg skulle reise til USA, fekk eg beskjed av det lokale trygdekontoret i Bergen, at denne terapien måtte eg i følgje regelverket betale fult ut sjølv. Det var for så vidt ille nok, med tanke på at det er tvungen medlemskap i Folketrygda og alle må betale inn trygdeavgift her enten ein får adekvat behandling eller ikkje. Det som er verre er, at eg også vart fråteken sjuketrygd og attføringspengar medan eg gjekk i behandling i denne terapien i Los Angeles  vinteren 1978/-79. Dette ser eg diverre på som eit overgrep.

Men det stoppa ikkje der. Etter å ha gått i primalterapi hos Janov i utlandet, trengde eg regelmessig årleg oppfølging i denne behandlingsforma. I byrjinga vart desse utgiftene trekt ifrå på skatten som særfrådrag for store sjukdomsutgifter. Men for skatteåret 1989 vart det slutt på dette. Året før hadde nemleg Torbjørn Jagland si Arbeidarpartiregjering innført nye føreskrifter i Skattelova når det gjeld alternativ behandling. (Skattelova § 6 – 83, jf. Forskrift av 14. april 1988 §§ 2/4) No skal ein berre kunne få trekkje ifrå på skatten utgifter til alternativ behandling viss det ikkje finst tilsvarande behandling her i landet. Denne behandlinga treng heller ikkje vere den same som den alternative.

I og med at det i prinsippet, og kanskje også i praksis, skal finnast behandling for alle mogelege sjukdommar innafor det norske offentlege helsevesenet, vil det i praksis seie at ingen vil ha rett til å kunne trekkje ifrå på skatten utgifter til alternativ behandling som særfrådrag pga. store sjukdomsutgifter. Det ser ikkje ut til å ha noko å seie om den innanlandske behandlinga er til noka nytte eller ikkje.

Dette avslaget på særfrådrag for utgiftene til å gå i primalterapi, vart straks anka til fylkeslækjaren i Oslo, som på prinsipielt grunnlag sende saka vidare til Sosial- og helsedirektoratet. Der blei det til slutt endeleg avslag, skrive på godt nynorsk, med beskjed om at lover og reglar diverre ikkje tillet noka støtte i noka form. Dessutan er det heilt vanleg med eigendelar på innanlandsk behandling også.

No heldt eg likevel fram med å føre utgiftene til primalterapi opp som særfrådrag på sjølvmeldinga heilt til eg flytta ifrå Oslo i 2002. Omtrent kvart einaste år etterpå vart desse utgiftene godkjende av likningsvesenet i Oslo som særfrådrag.

Det har forundra meg at Likningsvesenet skal ha ei meir human og menneskeleg haldning til folk som slit med helse- og sosiale problem enn dei institusjonane, nemleg Rikstrygdeverket/NAV og resten av helsebyråkratiet, som har til oppgåve å hjelpe folk i samband med slike problem.

For min del måtte eg jobbe så mykje både overtid og ekstrajobb for å betale renter og avdrag på lån tekne opp i samband med primalterapien, samtidig som eg måtte finansiere vidare behandling, at eg til slutt vart heilt utbrend og måtte ta ut langtidssjukmelding. Samtidig vart eg oppsagd ifrå den jobben eg hadde i Oslo på grunn av innskrenking. Då sende eg på nytt inn ein søknad til Trygdeverket om økonomisk støtte til å halde fram i primalterapi, slik at eg skulle kunne bli i stand til å skaffe meg ein ny jobb innan rimeleg tid. Men denne vart blankt avslått etter halvt anna års tid. Då var det ikkje noko anna å gjere enn å søkje om uføretrygd, som eg fekk tildelt i 2001.

Det er heilt uforståeleg for underteikna, at det skal vere meir økonomisk for Staten ved Rikstrygdeverket/NAV å betale ut fleire hundre tusen kroner i trygd i året nærmast for å halde folk borte ifrå arbeidslivet, i staden for å yte eit langt mindre beløp for at folk med psykiske lidingar skal kunne gå i effektiv alternativ behandling og kunne bli tilnærma heilt friske og arbeidsføre.

I 2002 hadde eg ikkje lenger råd til å bu i Oslo og reiste heim igjen til Eivindvik i Sogn og Fjordane, der eg hadde arva eit hus. Då fekk eg på nytt problem med skattevesenet. For skatteåret  2006 vart eg på nytt nekta å kunne trekkje ifrå utgiftene til primalterapi på skatten som særfrådrag for store sjukdomsutgifter.

Dette vart anka til fylkeslækjaren i Sogn og Fjordane, men her vart det blankt avslag på reint juridisk grunnlag. Dette trass i at eg har erklæring ifrå ein psykiatrar og to lækjarar, m.a. den noverande fastlækjaren min, på at hittil er det primalterapi som har verka best. Dette vart anka til Helsedirektoratet, men utan noko positivt resultat. Derifrå fekk eg eit rimeleg arrogant og nedlatande svar tilbeke, skrive på bokmål denne gongen, der det vart lagt vekt på følgjande:

Direktoratet kan ikke se av sakens dokumenter at det er søkt offentlig helsevesen om behandling og at dette er avslått. Det er ikke slik at pasienter på eget initiativ kan oppsøke behandlingstilbud utenfor den offentlige helsetjenesten og få fradrag for utgifter til dette. Forskriftenes § 2, punkt b er derfor ikke innfridd.

Her går direktoratet berre ut ifrå at eg ikkje har søkt om behandling innafor det offentlege norske psykiske helsevernet, men det har eg faktisk. I 2000 søkte eg eit DPS i Oslo om behandling, men vart avvist. Eg har framleis brevet. Men i og med at avslaget på anken til Helsedirektoratet er endeleg, fekk eg ikkje høve til å leggje fram dette. Eg har merka meg, at privat initiativ berre skal brukast når det gjeld å søkje hjelp innafor det offentlege helsevesenet, eller er det galt også?

Det er noko forunderleg med heile denne sakshandsaminga.  F.eks. bad likningskontoret i Skatt vest om å få tilsendt lækjarjournalane. Men kva plikt her eg eigentleg til å la tilfeldige likningsfunksjonærar lese den personlege sjukdomshistoria mi. Eg nekta dette og gav beskjed om at eg heller ville sende lækjarjournalane til Fylkeslækjaren eller Helsedirektoratet viss dei ber om det. Men ingen av desse var interessert i verken å sjå eller å lese desse. Kan dette vere riktig og adekvat  sakshandsaming.

 

Trass i at eg for tida har hamna på uføretrygda, held eg meg rimeleg oppegåande ved å ha to til tre timar i primalterapi i veka over telefon med ein primalterapeut ved LAPP (London Association of Primal Phsychoterapists) i England. Etter at eg begynte i primalterapi, fekk eg 14 ekstra år i arbeidslivet som eg ikkje hadde noko håp om å få så lenge eg fekk hjelp av det norske psykiske helsevernet, som ifølgje det norske helsebyråkratiet skal vere så fantastisk. Målet er naturlegvis å komme seg tilbake i jobb med tida, i alle fall halv jobb.

Det verkar som ingenting av dette er av nokon verdi for det norske helsebyråkratiet. Når ein ser på den store mangelen på psykologspesialistar med driftsavtale i høve til behovet, kan det tvert imot verke som om menneske med psykiske lidingar her i landet helst ikkje skal få noka effektiv hjelp og behandling før dei eventuelt blir så dårlege at dei må ha psykiatrisk hjelp.

Såleis kan det vere relevant å spørje: Er det slik at psykiatrien er ein slags verna profesjon som nærmast skal ha monopol på behandling av psykiske lidingar og støttast av det offentlege for ein kvar pris? Diverre har psykiatrien svært dårleg resultat når det gjeld å hjelpe klientane sine til å bli tilnærma heilt friske og arbeidsføre. Den medisinske behandlinga fører rett nok til symptomdemping, men i svært mange tilfelle blir pasientane innafor psykiatrien omtrent like handikappa av medisinane som dei før var av dei psykiske plagene som medisinane skulle hjelpe mot, berre på ein annan måte. Medisinane ser ut til å vedlikehalde og sementere dei plagene som dei skulle verke imot.

Resultatet blir, at har ein først begynt å ta sterke medisinar, må ein gjerne halde fram med dette resten av livet, eit liv som ofte blir kortare enn det eigentleg burde vere. Svært mange av dei som får psykiatrisk behandling, hamnar før eller seinare på uføretrygda, og mange av desse igjen må plasserast i verna bustader med dagleg tilsyn. Den store mangelen på psykologspesialistar og effektiv behandling innafor psykiatrien som kan gjere folk med psykiske lidingar friske og arbeidsføre, har delvis ført til at det i dag er omlag 700 000 menneske i arbeidsfør alder som har hamna utanfor arbeidslivet. Dette er omlag ein tredjedel av alle menneske i arbeidsfør alder og omfattar folk på forskjellege trygdeytingar og sosialen.

Det hadde vore langt billigare å gitt desse menneska eit tilbod om effektiv samtaleterapi av ein eller anna art, slik at dei lettare kunne komme seg tilbake til eit aktivt yrkesliv igjen og fått skikk på liva sine, viss det berre hadde vore kapasitet til det. Kanskje mange også kunne sleppe å måtte forlate arbeidslivet, for ikkje å seie skuleplassen, viss dei hadde fått tilbod om effektiv  behandling i tide. Igjen må eg spørje: Kva slags samfunnsøkonomi er det i dette, eller har ein ikkje slike økonomar innafor helsebyråkratiet?

Personleg har det vore eit enormt slit å skaffe seg midlar til å finansiere privat behandling i primalterapi. På grunn av manglande kontinuitet i behandlinga som skuldast økonomiske årsaker, har mi behandling i primalterapi vorte svært langvarig og dyr. Pr. dags dato har eg brukt over ein million kroner på sjølve behandlinga. Men det som er verre er, at eg også i tillegg har måtta betale over ein million kroner i rente på lån som eg har måtta ta opp i samband med primalterapien. Det er sanneleg dyrt å vere fattig i den perfekte velferdsstaten Noreg og samtidig bli motarbeidd både av helsebyråkratiet og Skatteetaten.

Sidan 2001 har eg berre hatt primalterapi pr. telefon. Dette er diverre svært lite effektivt når ein jobbar med gamle traume heilt ifrå dei første leveåra og fødselen. Eg skulle gjerne vore i London eit par veker to gonger i året for å gå i intensiv primalterapi. Då ville eg ikkje ha behøvd å hamne på uføretrygda, men diverre, Rikstrygdeverket/NAV ville det annleis.

Eg synest, at når det er tvungen medlemskap i folketrygda, er det heilt urimeleg at ein ikkje skal få noka økonomisk støtte dersom ein av ulike grunnar vel å gå i privat alternativ behandling. Dette er først og fremst eit problem på det psykiske området, men også på det somatiske, sjølv om ein der faktisk har godkjent ein del alternative behandlingsformer for momsfritak. Det burde ha vore sett på som grunnlovstridig, viss vi hadde hatt ei skikkeleg grunnlov her i landet som også tek vare på dei svakaste i samfunnet sine interesser. I alle fall vil eg hevde, at det er  i strid med det som eg vil kalla folkeleg rettskjensle, og kanskje ein eller fleire menneskerettsdeklarasjonar også, at helsebyråkratar skal kunne forvalte skattepengane våre på ein så einsidig.

Den endelege konklusjonen må vel vere: At det er greitt for det såkalla helsebyråkratiet å øydeleggje livet til folk, viss det berre skjer i samsvar med det norske lovverket. Er vi tente med å ha eit slikt lovverk? Og er vi tente med å ha politikarar som lagar og opprettheld eit slikt lovverk? Eller ein kan også spørje: Er vi tente med å ha slike helsebyråkratar? Diverre er desse ikkje på val og knapt nok under demokratisk kontroll.

Elles har eg engasjert meg i kampen mot å få den vakre kystnaturen her i Gulen kommune øydelagd av store industrielle vindmølleanlegg, og i eit tilfelle har vi faktisk vunne fram. Men når det gjeld den største av alle "vindmøller", nemleg det såkalla helsebyråkratiet, er det som å stange hovudet mot ein bergvegg. Uansett kor god sak og gode argument ein har, prellar det berre av på dette ”vesenet” omtrent som vatn på gåsa. Kva slags vesen og system er eigentleg dette? Eg berre spør.

No har eg kanskje funne ei anna løysing når det gjeld fråtrekk på skatten for store sjukdomsutgifter. Eg har registrert meg som einmannsføretak med firmaet Studio Henriksbø, org. nr.: 988113824, der eg driv med frilansskriving, fotografering, prenting med fargelaserprinter og produksjon av enkle heimesider. Hittil har eg berre hatt underskot i dette firmaet, men eg har ført opp utgiftene til primalterapi som utgift til "inntekts ervervelse". Etter det eg har høyrt, skal visst dette ikkje vere tillate etter skattereglane. Men derimot skal det vere greitt at glamourmodellar kan trekkje ifrå utgifter til fiksing av brysta sine på skatten. Og her er det verken snakk om sjukdom eller auke i arbeidsevna.

Leiv Henriksbø, Eivindvik den 21/5-08.

Sist oppdatert den 15/6-09.

 

Eg har diverre opp igjennom åra kome i skade for å skrive tre ulike versjonar av historia mi:

MI HISTORIE - KORTVERSJONEN. Dette er i hovudsak ein biografisk versjon som diverre ikkje er så kort som namnet skulle tilseie.

KAMPEN MOT RIKSTRYGDEVERKET/NAV OG HELSEBYRÅKRATIET GENERELT. er ei middels lang biografisk historie med vekt på dei erfaringane eg har hatt med det norske psykiske helsevernet helsebyråkratiet og primalterapi. Denne er mest leseverdig for folk som er skeptiske til dagens norske psykiske helsevern og ikkje minst psykiatrien. Les meir>>

RIKSTRYGDEVERKET OG PRIMALTERAPI, sak mellom Leiv Henriksbø og Trygdeverket. Dette er ei lengre og grundigare utgreiing om Trygdeverket og spesielt Rikstrygdeverket si negative haldning til primalterapi og kva konsekvensar det har fått for underteikna. Det er skrive som grunnlag for eit eventuelt søksmål og er såleis å lese for spesielt interesserte. Spesielt interessert bør i dette tilfellet vere helsebyråkratar og helsepolitikarar, og kanskje også journalistar, viss det finst nokon, som er reelt opptekne av statlege overgrep mot enkeltmenneske. Les meir>>

Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it.  Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. 

Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience.

ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>>

SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>

 

BØKER PÅ NORSK:

DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>>

EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>

 

 

 

Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898.  E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk.

Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk.

Startside ] Opp ] Primalterapi ] Fødselstraumet ] Traumeteorien ] Psykoterapi ] Psykiatri ] Annonsering ] Debatt ] Bøker ] Foreiningar ] Lekkjer ] Planer ]

Ny Psykoterapi