PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.

 

Startside
Opp
Primalterapi
Fødselstraumet
Traumeteorien
Psykoterapi
Psykiatri
Annonsering
Historier
Debatt
Bøker
Foreiningar
Lekkjer
Planer

 

SPONSORAR

Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>

 

BØKER PÅ ENGELSK:

THE BIOLOGY OF LOVE, .  Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet.  Prometheus Books 2000. Les meir>>

MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni  ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen.  Les meir>> 

RIKSTRYGDEVERKET OG PRIMALTERAPI.

Sak mellom Leiv Henriksbø og Rikstrygdeverket.

av Leiv Henriksbø

Eg er fødd i 1948 i Eivindvik i Sogn og fjordane og vaks opp på ein bondegard. Av utdanning har eg lærarskule med adjunktkompetanse, men har dei siste fjorten åra fram til år 2000 jobba som lageransvarleg i private bedrifter i Oslo. Sidan tenåra har eg lidd av søvnproblem, angst og depresjon, og i studietida i Bergen vart det så ille at eg bestemte meg for å oppsøkje hjelp for desse problema. Eg var så naiv, at eg trudde det berre var å gå til psykolog og bli kurert. Etter eit par års meir eller mindre resultatlaus behandling, spurde eg difor psykologen om kor tid eg kunne rekne med å bli frisk. Eg fekk til svar, at det kunne eg aldri rekne med. Terapien gjekk berre ut på å lære og leve med problema. (Eg har seinare angra bittert på at eg ikkje bad om å få dette skriftleg.)

Eg fann dette svaret svært utilfredsstillande, men likevel heldt eg fram i to år til før eg gav heilt opp. Til slutt måtte eg avbryte realfagstudia ved Universitet i Bergen på grunn av psykiske problem, samtidig som eg gjekk i psykoterapeutisk behandling for desse problema. Så effektiv var altså den konvensjonelle akademiske psykoterapien. Det same kan også seiast om psykiatrien, i og med at eg i denne perioden var innom to forskjellege psykiatrar og fekk prøve to forskjellege medisinar, som hadde det til felles at biverknadene var mykje større enn den positive verknaden, dvs. den positive verknaden var så godt som totalt fråverande.

Etter at eg måtte gi opp studiane ved Universitetet, bestemte eg meg for å begynne på lærarskulen, som den heitte den gongen. Ei yrkesutdanning må ein jo ha, og eg hadde tenkt å ta jobb i skuleverket i alle tilfelle. Eg rekna med at opplegget på lærarskulen ville vere slik at eg ikkje ville dette av lasset her på grunn av psykiske problem, og det stemde for så vidt. På den andre sida var det kanskje noko naivt å tru, med dei problema eg hadde, at ein skulle kunne fungere godt som lærar. Men i tjueårsalderen er det vanskeleg å akseptere at det ikkje skal finnast noka form for psykoterapi som skal kunne kurere slike problem.

På denne tida møtte eg Grethe, ei nydeleg og kjekk jente som var tre år yngre enn meg og som viste seg å vere ifrå nabokommunen til Gulen, nemleg Masfjorden. Faren hennar hadde segla ute under krigen, og som dei fleste andre krigsseglarar var han ein del plaga av det som seinare vart kalla posttraumatisk stress. Difor vart ho ikkje skremd av at eg hadde psykiske problem, kanskje også fordi ho hadde sine eigne problem å stri med. Vi vart glade i kvarandre, og etter at vi hadde kjent kvarandre i halvtanna år gifte vi oss i november 1972.

Diverre vart ikkje dei psykiske problema mine borte ved at eg gifte meg og skifta utdanning og miljø. Tvert imot vart det så ille andre året på lærarskulen, at eg måtte be skulelækjaren om tilvising til psykiatrisk klinikk ved Haukeland sjukehus. På grunn av dei spesielle problema eg hadde, vart eg her anbefalt å ta kontakt med ein psykolog i Bergen som nettopp hadde begynt å praktisere noko som blir kalla primalterapi, etter den amerikanske psykologen Arthur Janov. Før eg begynte i denne behandlinga, las eg boka Primalskriket, som var Janov si første bok. Det var som ei openberring. Endeleg var det ein som hadde forstått kva nevrosar og andre psykiske lidingar eigentleg er og korleis desse best kan behandlast. Eg kjende igjen problema mine i denne boka og bestemte meg for å begynne i primalterapi.

Ein annan ting som er spesielt er at teorien som i etterkant (a posteriori) har vorte utvikla rundt denne forma for psykoterapi, omfattar også traume ifrå dei første leveåra og fødselen og til ein viss grad også fosterstadiet og korleis desse best kan handsamast. Verken psykiatrien, kognitiv åtferdsterapi eller psykoanalysen har nokon teori om fødselstraumet og behandlinga av dette.  I primalterapi jobbar ein altså avdekkande, medan psykiatrien jobbar motsett, nemleg tildekkande. For nærmare opplysningar om primalterapi, les: PRIMALTERAPI - BERRE SKRIK ELLER SERIØS PSYKOTERAPI ? og fødselstraumet: FØDSELSTRAUMET - GRUNNLEGGJANDE ÅRSAKER TIL PSYKISKE LIDINGAR.

Våren -75 tok eg kontakt med denne "primalpsykologen" i Bergen og fekk begynne straks etter. Endeleg ville problema mine bli løyste, trudde eg, men der tok eg feil igjen. Det skjedde lite eller ingenting, og etter omlag eitt år gav eg opp. Seinare fekk eg vite at denne psykologen hadde sett i gang med å praktisere primalterapi utan sjølv å ha gått i denne terapien eller fått noka utdanning og trening i den. Janov åtvarar sterkt mot dette og kallar slike terapeutar for falske primalterapeutar (mock therapists). Dei to første pasientane greidde han å hjelpe til ein viss grad, men dei ti-femten neste kom han liten eller ingen veg med. Mange av desse har seinare reist til USA og gått i primalterapi hos Janov i Los Angeles.

Hausten 1977 begynte eg i lærarjobb, men no vart eg så dårleg at eg måtte sjukmelde meg etter kort tid. Då bestemte eg meg for å reise til USA for å gå i skikkeleg primalterapi hos Janov. Dette såg eg på som det einaste mogelege for å bli frisk og kunne leve eit normalt yrkesaktivt liv. Eg hadde no mista all trua på norsk akademisk psykoterapi, og psykiatrien har eg aldri hatt noka tru på når det gjeld å gjere folk heilt friske og arbeidsføre. Eg skulle begynne i primalterapi i Los Angeles i byrjinga av mai 1978, men eit par månader før avreise fekk eg eit brev ifrå Trygdekontoret i Bergen om, at så snart eg reiser ut av landet ville utbetaling av sjukepengar bli stoppa. Eg valde å utsetje å begynne i primalterapi til i byrjinga av august same året, for å spare opp meir pengar. Det skulle vise seg å bli ein tabbe som skulle få konsekvensar.

Før eg reiste til USA sende eg inn ein søknad om attføringspengar. Eg rekna det som sjølvsagt at Trygdeverket ville vere velvillig innstilt til ein slik søknad, i og med at eg ville betale utgiftene til opphald og behandling av eigne midlar og såleis spare Trygdeverket og det offentlege for fleire utgifter til resultatlaus norsk behandling. Eg rekna med at helsepolitikken var lagd opp slik at den påskjønna personleg initiativ og innsats for å hjelpe seg sjølv og bruk av eigne midlar på helsa. Men der tok eg feil. Etter eit halvt års tid fekk eg svar ifrå Trygdekontoret i Bergen om at søknaden var avslått av noko som kalla seg Fylkesnemnda i Hordaland, med følgjande grunngjeving:

For å kunne tilstå attføringspengar etter Lov om folketrygd § 5-4, pkt. 1a er det en forutsetning at søkeren er under medisinsk behandling med utsikt til bedring av ervervsevnen og at ervervsevnen er nedsatt med minst halvparten.

Fylkesnemnda har funnet at ovennevnte vilkår ikke er oppfylt, idet De ikke kan anses å være under medisinsk behandling med utsikt til bedring av ervervsevnen.

Kravet er derfor avslått.

Eg følte at eg endeleg hadde funne den rette terapien, this is it, som Beatlesmedlemmet John Lennon skal ha sagt då han gjekk i primalterapi hos Janov på midten av syttitalet. Difor fann eg avslaget ifrå Trygdekontoret heilt urimeleg, irrasjonelt og som eit slag under beltet, og dette vart straks anka inn til Rikstrygdeverket sentralt. Etter endå eit halvt års venting kom det avslag ifrå Rikstrygdeverket med følgjande grunngjeving:

I den konkrete sak er det opplyst at vanlig psykiatrisk behandling som kan gis i Norge ikke er forsøkt i tilstrekkelig grad. Ovennevnte behandlingsform kan således i dette konkrete tilfelle ikke anses for å være adekvat behandling.

Det vart også gjort eit nummer av at eg mangla 21 dagar på å ha oppebåre sjukelønn i dei lovbestemde 312 dagane. At eg framleis var sjuk og leid av den same sjukdommen utan noka friskmelding i mellomtida, vart det ikkje teke omsyn til. Det var også uinteressant for Rikstrygdeverket, at eg tidlegare hadde gått fire år i vanleg norsk psykoterapi og samtidig vore innom psykiatrien, utan at arbeidsevna hadde vorte noko betre, snarare tvert imot.

Om lag fjorten dagar før eg mottok dette avslaget, ringde eg Rikstrygdeverket for å spørje korleis det gjekk med søknaden. Eg fekk snakke med ein sekretær som fortalde at alle instansar som så langt hadde uttalt seg var positivt innstilte, inkludert den lokale lækjaren min i Eivindvik, men no var saka hos den rådgjevande lækjaren hos Rikstrygdeverket. Det er såleis tydeleg at det er dei rådgivande lækjarane hos Rikstrygdeverket som sit med den avgjerande makta.

Det går tydeleg fram av Rikstrygdeverket sitt avslag på søknaden om attføringspengar, at for at ei behandling skal vere effektiv må den vere medisinsk-vitskapleg fundert og at det berre er psykiatrien som tilfredstiller dette kravet. Rett nok må vel kognitiv åtferdsterapi også seiast å vere vitskapleg, men denne forma for behandling er, etter det eg kan forstå, ikkje medisinsk fundert. Rikstrygdeverket gir såleis uttrykk for at psykiatrien nærmast er perfekt og ufeilbarleg, og at alle som er så heldige å få psykiatrisk behandling nærmast er garanterte å bli heilt friske og arbeidsføre. Diverre er dette langt ifrå tilfelle, når ein ser på uførestatistikken. Pr. 31/12-04 er det nokså nøyaktig 90.000 menneske som er uføretrygda på grunn av psykiske lidingar, og omlag halvparten av desse er heller ikkje uføretrygda på grunn av alvorlege psykiske lidingar som psykosar og schizofreni, men på grunn av neurosar eller det som i dag helst blir kalla personlegdomsforstyrringar.

Eg vil hevde at grunnen til at psykiatri som behandling av psykiske lidingar har så dårleg resultat å vise til, og det trur eg faktisk eg har ein del fagfolk med meg i, i alle fall psykologar, er følgjande: For det første at psykiatrien byggjer på den biologisk-genetiske forklaringsmodellen, som i beste fall er tvilsam og i verste fall heilt feilaktig. For det andre er den medisinske behandlinga av psykiske lidingar først og fremst symptomdemping, og det kan for så vidt vere vere vel og bra i mindre dosar for dei som lir sterkt under dei psykiske plagene sine, men fører i lengda til generell nedsløving og lågare intellektuell kapasitet. (Ref.: Den svenske nevrologen Lars Mårtensson med boka: Deprived of Our Humanity. The Case Against Neuroleptic Drugs, the Voiceless Movement. 1998. (Kan bestillast ifrå: Mouvement Les Sans–Voix, P.O.Box 235, 1211 Geneva 17, Switzerland) Dette fører igjen til at svært mange som får psykiatrisk hjelp etter ei tid endar opp på heil eller halv uføretrygd, og mange må i tillegg plasserast i verna bustader med dagleg tilsyn. 

På byrjinga av 80-talet tok den svenske psykologen Tomas Videgård doktorgraden på ei oppfølgingsstudie av primalpasientar hos Janov i Los Angeles i USA, "The Success and Failure of Primal Therapy" (1984). Denne studien gjekk over berre to år og han tok såleis atterhald om at oppfølgingstida var i kortaste laget. Likevel kom han fram til at primalterapi er meir effektiv enn til og med psykoanalyse etter objektsrelasjonsteorien, som også er ein slags traumeteori, ved Tavistockklinikken i London. Men det som er mest interessant her er, at han hevdar at av alle former for psykoterapi han kjenner til, er primalterapi den beste behandlinga når det gjeld å få pasientar på trygd fort tilbake i arbeid eller i arbeidsfør tilstand. 

Såleis kan ein med god rett hevde, at viss det er noka form for behandling av psykiske lidingar som ikkje har noko å seie for betring av ervervsevna, så må det nettopp vere psykiatrien sjølv. Når Rikstrygdeverket kan hevde det motsette, er vel dette heller eit uttrykk for at lækjarstanden har sine folk trygt plasserte innafor både Rikstrygdeverket resten av helsebyråkratiet som m.a. rådgivande skrivebordslækjarar, og at det er makta som rår. Det som er mest tvilsamt og skremmande med dette er, at desse skrivebordslækjarane opptrer som anonyme maktmenneske som tek avgjersler som får store konsekvensar for dei det gjeld, utan at dei kan stillast til ansvar for handlingane sine. Her finst det heller ingen ankeinstans, i og med at det som desse folka kjem fram til blir rekna som lov hos Rikstrygdeverket.

Rikstrygdeverket sitt avslag på søknaden om attføringspengar vart anka til Trygderetten, men resultatet her vart også negativt. Det viste seg at Trygderetten berre har til oppgåve å ta stilling til lovbruken, eller det som blir kalla det faktiske forhold eller grunnlag. Når det gjeld Rikstrygdeverket sine subjektive vurderingar av kor god eller dårleg primalterapien er, eller kva sjanse ein har innafor konvensjonell akademisk psykoterapi eller psykiatri, finst det ingen ankeinstans, og her er ein i praksis rettslaus.

Ein blei anbefalt å vere minst eitt år i primalterapi første gongen, men eg måtte reise heim igjen etter berre ti månader, for å behalde lærarjobben som eg ikkje lenger kunne få permisjon ifrå. Sjølv om eg var i relativt bra form då eg reiste heim, skulle dette vise seg å vere altfor tidleg. Etter eit halvt års tid i arbeid måtte eg ta tre månaders sjukmelding utan lønn for å få oppfølging i primalterapi. Det viste seg å bli ganske tøft å komme tilbake til Los Angeles og oppdage at det nettverket eg hadde hatt tidlegare var borte, i og med at dei fleste som eg hadde kjent ifrå sist hadde avslutta terapien og reist heim igjen. Einsemda og angsten var no så stor at det hemma terapien ein god del. For å kunne gjenoppleve og integrere katastrofale kjensler av einsemd, angst, håpløyse, hjelpeløyse og verdiløyse ifrå den tidlegaste barndommen, krevst det at ein har det rimeleg trygt og godt her og no.

Hadde eg måtta reise til ein annan by i Noreg for å gå i ei spesiell form for psykoterapi som ikkje finst på heimstaden min og angsten for å vere åleine hadde vore altfor stor, hadde kona mi fått permisjon ifrå jobben med full lønn ifrå Trygdekontoret for å vere med som støtte, i tillegg til at eg hadde fått utbetalt sjukepengar/attføringspengar. Men slik er det ikkje når det gjeld primalterapi i utlandet. Eg nemner dette fordi det faktisk skjedde med ein austlending som gjekk hos "primalkvakksalvaren" i Bergen.

Vinteren 1980/-81 var eg i full jobb som lærar heile tida og alt såg ut til å gå bra. Om sommaren etterpå hadde eg tenkt å ta ein tur tilbake til Los Angeles for oppfølging i primalterapi, men på grunn av hovudsakleg økonomiske årsaker, blei ikkje dette noko av. Som eit resultat av vonbrotet over at dette ikkje let seg gjere, datt eg rett ned i ein kraftig depresjon der eg vart nærmast sengeliggjande og hadde så vidt energi til å gjere det aller mest nødvendige. Eg opplevde samanbrotet som eit fysisk meir enn eit psykisk samanbrot og som ei gjenoppliving av noko som eg hadde opplevd tidlegare, kanskje alt i fødselen eller straks etter. Merkeleg nok, det einaste eg hadde av angst no var angst for ikkje å greie jobben som lærar, og den var velgrunna.

Til slutt måtte eg bite i det sure eplet og oppsøkje psykiater, og eg var heldig og kom i kontakt med ein ved Ettervernet ved Sandviken Sykehus i Bergen som eg følte meg på bølgjelengde med. Her blei eg sett på antidepressiva og fekk ein samtaletime kvar fjortande dag. No fekk Rikstrygdeverket oppfylt ønsket sitt om at eg burde prøve ytterlegare norsk behandling. Dei tre neste åra stod eg på i halv jobb som lærar medan eg gjekk i psykiatrisk behandling. For den innsatsen vart eg påskjønna med halv pensjon i Statens pensjonskasse for eitt år då eg til slutt ikkje makta meir. Hadde eg gitt opp med ein gong, hadde eg truleg fått full pensjon for resten av livet. Eg har inntrykk av at trygdesystemet er lagt opp slik, at viss ein får eit alvorleg psykisk problem, er det mest økonomisk lønnsamt å gi opp så fort som råd og la seg uføretrygde, spesielt dersom ein er medlem av ein offentleg pensjonskasse.

Sjølv om eg gjekk til psykiater, blei eg ikkje noko særleg betre, men eg er takksam for at eg heller ikkje blei dårlegare, noko som ein truleg lett kunne ha vorte dersom ein hadde kome til ein mindre forstandig psykiater av den typen som Rikstrygdeverket tydelegvis brukar som rådgivarar. Det å måtte gå på medisinar var ikkje heilt uproblematisk. Rett nok får ein dempa symptoma slik at ein søv betre, har mindre angst og depresjon og lettare greier dei daglege gjeremåla. Men diverre blei eg ikkje noko særleg meir arbeidsfør. Det verste er likevel kjensla av at ein ikkje lenger har noko håp, det vil seie håp om nokon gong å bli heilt bra og kunne leve eit normalt og verdig yrkesaktiv liv. I tillegg fører medisinane til at ein blir kjenslemessig overflatisk og lite sensitiv overfor andre menneske sine kjensler. Dette fekk negative fylgjer for tilhøvet til kona mi. Medisinar har diverre ein tendens til å få folk til å føle seg glade og lykkelege når ein eigentleg ikkje har noko å glede seg over.

At eg fekk tilbakefall vart for mykje å takle for Grethe, kona mi. No vart ho sjuk og fekk thyreotoksikose, hjerteflimmer og alvorleg vondt i ryggen, pluss eit par andre mindre alvorlege plager. Ein lokal nyutdanna distriktslækjar prøvde å hjelpe henne så godt han kunne, men etter eit års tid måtte han gi opp og sende henne til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane  i Førde. Då ho kom tilbake derifrå hadde ho endeleg fått dei rette medisinane mot thyreotoksikosen og hjerteflimmeret, men ryggvondet kunne dei ikkje gjere noko med. Det kunne vere Bechterevs, men det kunne ein først fastslå om eit par års tid når det hadde oppstått irreversible degenerative forandringar i ryggsøyla. I mellomtida måtte ho ta opp til fire kodeintablettar om dagen for å halde smertene i sjakk. I denne tilstanden vart ho  av ein uforstandig reumatolog ved Sentralsjukehuset i Førde tvinga til å gå tilbake i full jobb som hjelpepleiar ved den lokale sjukeheimen. Dette kunne ikkje gå bra, og det gjorde det heller ikkje.

Situasjonen var no desperat. Skulle vi berre sitje med hendene i fanget og vente på at vi begge to hamna på uføretrygda i ein alder av 32 og 35 år, eller skulle vi ta initiativet sjølve og gjere det som vi trudde var best for oss. Vi valde det siste og reiste sommaren 1984 til Janov sitt nyopna primalinstitutt i Paris. Eigentleg hadde vi planlagt  berre å vere der i sommarferien, men det viste seg at vi trengde meir tid i terapi begge to. Det er ofte slik i primalterapi, at når ein først begynner å opne opp for traume som har lege lagra i det undermedvitne sidan barndommen, blir ein gjerne dårlegare for ein periode og treng konstant regelmessig oppfølging. Eg reiste rett nok heim igjen på ettersommaren og prøvde å begynne i jobb igjen som lærar, men kom ikkje i gang på grunn av akutt angst og einsemd. Det spelte nok også inn at eg imot min eigen vilje vart flytta ifrå ungdomsskulesteget ned til første klasse og såleis blei sett i ein situasjon som eg følte meg veldig usikker i.

Under opphaldet i Paris viste det seg at Grethe vart kvitt ryggplagene etter berre nokre få månaders terapi. Når det galt dei to andre sjukdommane, gjekk ho til behandling hos ein norsktalande fransk lækjar og det vart regelmessig sendt sjukmelding heim til den lokale lækjaren i heimlandet.

Vi søkte begge to Trygdeverket om attføringspengar, men resultatet var like nedslåande som før. Grunngjevinga for avslaget hadde no vorte forandra til følgjande:

Det vart også påpeika, at når ein går til behandling i utlandet, er det ingen norsk offentleg godkjent lækjar som kan fylgje opp utviklinga i behandlinga og skrive ut eventuell vidare sjukmelding. Franske lækjarar er vel ikkje å stole på, sjølv om han som vi gjekk til var utdanna i Noreg og hadde hatt praksisperioden sin ved sjukehuset i Ålesund.

Ein må berre undre seg over denne grunngjevinga for avslaget på søknaden om attføringspengar. No skal det liksom vere i orden at norske kliniske psykologar og psykiatrar skal kunne praktisere for folketrygda si rekning ein psykoterapi som i fylgje Rikstrygdeverket skal vere uvitskapleg dvs. ikke medisinsk-vitenskaplig fundert og ikkje kan ha noko å seie for betring av arbeidsevna. Er dette ei slags erkjenning av at det meste som desse folka driv med er så dårleg at det ikkje tyder noko frå eller til om norske psykoterapeutar også kan praktisere enda ein ubrukeleg psykoterapi for folketrygda si rekning. Eller er dette ei omvurdering av primalterapien. Viss det siste er riktig, tyder det på at Rikstrygdeverket har teke feil tidlegare, og då skulle grunnlaget for avslaget på den første søknaden om attføringspengar vere borte, slik at i alle fall denne søknaden burde bli innvilga. Men slik er det ikkje hos Rikstrygdeverket. I staden finn dei opp ei ny grunngjeving som er omtrent like absurd som den første. Rett nok er dei metodane som blir brukte i primalterapi kjende, men for at ein skal kunne bruke dei riktig, krevst det mykje både trening i primalterapi og eigenterapi for å bli sensitiv og dyktig nok til å forstå det som føregår hos pasientane og seie det riktige til ei kvar tid.

Statens helsetilsyn har mellom anna til oppgåve å vakte over at norsk helsepersonell har ein høg fagleg og profesjonell standard. Då er det underleg at denne institusjonen kan tillate at norske kliniske psykologar og psykiatrar skal kunne praktisere primalterapi for folketrygda si rekning utan å ha noka utdanning, trening eller eigenterapi i denne behandlingsforma, samtidig som ein ikkje ein gong har rett til attføringspengar når ein går til behandling hos dei som er opplærte av opphavsmannen til denne terapien i utlandet. Dette blir etter mitt syn ei form for offentleg støtta kvakksalveri. Men det er vel slik Norsk psykologforening vil ha det, og dei har vel til liks med psykiatrien sine folk strategisk plasserte innafor helsebyråkratiet slik at dei får det som dei vil.

Som nemnt tidlegare har eg inntrykk av, at det ikkje under noko omstende skal givast noka form for støtte til folk som går i primalterapi i utlandet eller alternativ behandling generelt og at det er dei rådgjevande lækjarane og psykiatrane hos Rikstrygdeverket og resten av helsebyråkratiet som står bak dette. Grunngjevingane for dette ser ut til å ha underordna tyding, det gjeld berre å finne på noko nytt etter kvart som tidlegare grunngjevingar blir tilbakeviste. Eg kjenner ei jente i Asker som for nokre få år sidan søkte om å få direkte støtte til behandling i primalterapi i England, nærmare bestemt ved LAPP (London Association og Primal Psychoterapists), der dei fleste terapeutane er utdanna av Janov i Paris. Ho fekk avslag på søknaden der Rikstrygdeverket hadde falle tilbake på den tidlegare grunngjevinga eg fekk første gongen i 1979.

Ei tid etter at vi hadde fått avslag på søknaden om attføringspengar under behandling i primalterapi i Paris, oppsøkte eg ein saksbehandlar hos Rikstrygdeverket i Oslo. Diverre var det heilt håplaust å argumentere med han, i og med at han stod på sitt og refererte til lover og regelverk. Til slutt måtte eg spørje  om ikkje han personleg syntest at dette var dårleg og urettferdig behandling. Då fekk eg til svar, at tilhøva var slik hos Rikstrygdeverket at han ikkje ein gong torde å seie si personlege meining i kantina. Det var vel ei slags innrømming.

Vi gjekk begge to i primalterapi i Paris i eitt år. Då vi kom tilbake ifrå Paris sommaren 1985, stod vi begge to utan jobb. Vi valde då å flytte til Oslo for å kunne vere med på månadlege helgekurs i primalterapi som vart arrangerte her. Grethe tok kurs i barselpleie og fekk jobb som pleiar ved ei barselavdeling ved Aker Sykehus. Eg tok eit arbeidsmarknadsskurs i bedriftsopplæring for akademikarar. For deretter å komme fort ut i arbeid, tok eg meg førebels jobb som lageransvarleg i ei privat bedrift i påvente av å finne ein meir interessant og rimeleg godt betalt jobb seinare. Kona mi begynte å gå til behandling og kontroll for thyreotoksikosen og hjerteflimmeret hos ein professor i indremedisin ved Rikshospitalet.

Normalt skulle ein ha krav på yrkesmessig attføring når ein på grunn av sjukdom ikkje lenger kan fungere innafor det yrket som ein er utdanna til. Eg var så vidt ein tur innom Attføringsinstituttet i Oslo, men blei sendt ut igjen med eit klapp på skuldra og beskjed om at "du greier nok selv å skaffe deg arbeid". På den andre sida hadde eg likevel ikkje hatt råd til å gå på attføring, i og med at eg framleis trengde oppfølging i primalterapi og måtte betale dette av eigne midlar. Når eg tok meg jobb som lageransvarleg, var det også ut ifrå tankegangen om at lagerarbeid er så enkelt at det ikkje tyder noko frå eller til om ein har ein dårleg dag med visse mellomrom. Det stemde ikkje heilt, for eg har aldri opplevd så mykje arbeidspress og stress som lærar som eg har opplevd som lageransvarleg.

Alt såg ut til å gå bra bortsett ifrå ein ting, nemleg økonomien. På grunn av manglande støtte ifrå Trygdeverket, måtte eg og kona ta opp lån for å finansiere terapien i utlandet. Desse låna kunne vi lett ha greidd å handsame, viss det ikkje var for at vi trengde årleg oppfølging i primalterapi for å kunne halde oss i jobb og vere i stand til å betale skatt og folketrygdavgift til staten. No måtte vi ta opp nye dyre lån og kredittar for å kunne finansiere dette og samtidig betale renter og avdrag på dei gamle låna. Våren 1988 var økonomien vår så dårleg, at eg måtte ta ekstrajobb som avisbod om nettene. Då eg hadde helde på med dette ein fjorten dagars tid, fann eg kona mi død i senga om morgonen. Ho vart obdusert ved Patologisk Institutt ved Rikshospitalet, og etter eit halvt års tid blei dødsårsaka fastslått til å vere eit akutt tilfelle av hjerteinfarkt.

Det er vanskeleg å forstå og akseptere at eit menneske kan døy av hjerteinfarkt i ein alder av 37 år når ho samtidig går til behandling hos ein av landet vårt sine beste indremedisinarar, utan at denne har oversett noko eller gjort noko feil. Eg trudde at ho hadde døydd i eit akutt anfall av hjerteflimmer, i og med at medisinane mot dette hadde vorte tekne bort (seponerte) nokre månader tidlegare. Men i fylgje lækjarvitskapen kan ein ikkje døy av hjerteinfarkt på grunn av atri- eller forkammerflimmer, så då må ein vel godta det. Derimot er det vitskapleg påvist, at ein kan døy på grunn av langvarig stress. Difor vil eg påstå at dødsfallet til kona mi, Grethe, har samanheng med stress på grunn av langvarig dårleg økonomi og dermed mangelfull oppfølging i primalterapi, som igjen skuldast Rikstrygdeverket si negative haldning til denne forma for terapi.

Ut ifrå dette skuldar eg hermed Rikstrygdeverket for uaktsamt drap på kona mi, på grunn av manglande støtte i form av attføringspengar under behandling i primalterapi i utlandet. Dersom eg hadde vore vitne til ei trafikkulykke og ikkje hadde stoppa for å hjelpe til, og det hadde ført til at nokon hadde fått varig skade eller døydd, ville eg ha vorte tiltalt som kriminell. Denne lova ser ikkje ut til å gjelde for statsinstitusjonar som Rikstrygdeverket.

I ettertid kom eg over ein artikkel i Aftenposten der det blir gjort greie for ei vitskapleg undersøking som har påvist at den medisinen kona mi tok mot hjerteflimmer, nemleg betablokker, faktisk har ein profylaktisk effekt også på det første hjerteinfarktet. Det ville vere naturleg å tru det, i og med at det kan forhindre seinare hjerteinfarkt. Eg har også fått vite, at ein del allmennpraktiserande lækjarar ofte held pasientane sine på ein liten vedlikehaldsdose med betablokker, sjølv etter at den akutte fasen med anfall har gått over, for å vere på den sikre sida.

Etter at betablokker hadde vorte teke seponert hos kona mi, hadde ho av og til akutte anfall med hjerteflimmer, men prøvene som vart tekne på Rikshospitalet var alltid normale. Difor er vel dette eit typisk eksempel på korleis det kan gå når medisinske ekspertar berre stoler på objektive målingar utan å spørje pasienten ut om korleis det har gått sidan sist og ikkje bruker sunn fornuft og intuisjon. Ein er aldri så frisk som når ein er hos lækjaren.

Ein annan ting som bør nemnast er at hjerteflimmer ofte er forbunde med angst, og det var det i høgste grad i dette tilfellet. I og med at ho var åleine om natta då ho fekk hjerteinfarktet, kan dette kanskje ha vorte utløyst av ei slags angstparalyse, noko som ikkje ville ha skjedd dersom eg ikkje hadde trengt å ha ekstrajobb om nettene for at vi skulle klare å betale rekningane våre. Når eg kom heim ifrå den første jobben om dagen til eg gjekk på den neste om natta, måtte eg prøve å få meg litt søvn, så frå måndag til fredag hadde vi eigentleg lite sosial kontakt. Eg prøvde saka for Norsk pasientskadeerstatning, men fekk avslag fordi det vart hevda at professoren i indremedisin berre hadde følgt det som er standard gjeldande praksis i slike tilfelle.

I 15 månader etter at kona mi døydde arbeidde eg i to jobbar, lageransvarleg om dagen og avisbod om nettene. Det må vere mykje bra for ein som i følgje Rikstrygdeverket har gått "i en terapi som ikke er medisinsk-vitenskaplig fundert og som ikke skal ha noen betydning for bedring av ervervsevnen"

Som takk for innsatsen med å hjelpe seg sjølv i staden for å liggje fellesskapet til byrde, innførde landsmora Gro Harlem Brundtland si Arbeidarpartiregjering i 1988 nye føreskrifter i skattelova, slik at ein ikkje lenger skulle kunne få trekkje ifrå på skatten utgifter til privat alternativ behandling, verken i inn- eller utland. Utgifter til slik behandling skal heretter berre kunne trekkjast ifrå på skatten når det ikkje finst tilsvarande behandling innafor det offentlege norske helsevesenet. I følgje denne føreskrifta er det ikkje nødvendig at den offentlege behandlinga er lik eller like god som den alternative private, det er nok at det finst behandling innafor det offentlege for same sjukdommen som ein søkjer alternativ behandling for. 

I og med at det i prinsippet finst behandling for dei aller fleste sjukdommane innafor det offentlege helsevesenet, er det såleis opp til velviljen til det lokale likningskontoret om ein heretter skal kunne trekkje ifrå på skatten utgiftene til alternativ behandling. For skatteåret 1989 møtte eg ikkje nokon slik velvilje hos likningskontoret i Oslo og særfrådraget for utgiftene til primalterapi vart ikkje godkjende. Det var dette som fekk begeret til å flyte over for underteikna og no bestemte eg meg for å ta opp kampen med helsestyresmaktene ved å skrive om saka mi med Rikstrygdeverket.

Til samanlikning vil eg berre nemne, at for nokre år sidan las eg om ein viss kvinneleg modell som fekk fiksa på brysta sine. Dette vart rekna som utgifter til erverving av inntekt og kunne såleis trekkjast ifrå på skatten. Men viss eit menneske som står i fare for å hamne på uføretrygda på grunn av sjukdom og på grunn av manglande effektiv behandling innafor det offentlege norske helsevesenet, går i privat behandling og blir i stand til å arbeide igjen og tene pengar, blir ikkje dette rekna som utgifter til erverving av inntekt og skal såleis ikkje kunne trekkjast ifrå på skatten. Forstå det den som kan.

Det at eg ikkje lenger fekk trekkje ifrå på skatten utgiftene til primalterapien, vart anka til Fylkeslegen i Oslo, som av prinsipielle grunnar sende saka vidare til Sosial- helsedirektoratet. Helsedirektoratet opprettheld avslaget, i og med at ein skrivebordslækjar der kom fram til følgjande godag-mann-økseskaft konklusjon:

På bakgrunn av journalnotatene frå Sandviken sykehus synes skatteyter på en ensidig måte å ha festet lit til at primalterapi - kanskje intet annet - har kunnet hjelpe ham. Han er således kommet noe uheldig ut i forhold til de behandlingstilbud som finnes innenfor det offentlige helsevesen.

Etter en gjennomgang av sakens dokumenter er Helsedirektoratet av den oppfatning at det ikke er noe i klagers sinnstilstand som i utgangspunktet ikke kan behandles i Norge.

Helsedirektoratet vil således hevde at det innenfor det offentlige helsevesen foreligger tilsvarende behandlingstilbud som det skatteyter oppsøkte i USA.

Eg vart naturlegvis svært skuffa over at dette blei konklusjonen ifrå Helsedirektoratet, trass i at eg til denne tid har prøvd norsk offentleg psykoterapi og psykiatri i til saman åtte år og vore innom i alt fire psykologar, tre psykiatrar og to psykoanalytikarar, som også var psykiatrar, utan å bli hjelpt. I tillegg bør det nemnast at eg har prøvd i alt 6 ulike medikament. Eg synest, viss det er riktig slik som Helsedirektoratet hevdar, at det finst tilbod her i landet som svarar til det som eg har oppsøkt i USA og Paris, då bør dei komme fram med dette tilbodet. Noko slikt tilbod har eg aldri fått.

Når det gjeld påstanden om å vere opphengd i primalterapi som det einaste saliggjerande, kan eg berre nemne at eg gjekk fire år i konvensjonell psykoterapi før eg vart opphengd i primalterapi. Hadde denne behandlinga hatt noko avgjerande effekt, hadde eg heller ikkje fått noko behov for å gå i primalterapi, men det gjorde den altså ikkje.

Eg må i denne samanhengen nemne at eg prøvde på denne tida å få billegare livsforsikring gjennom Høyskoleutdannedes forbund. Her fekk eg avslag med den grunngjevinga at faren for tilbakefall var altfor stor, underforstått tilbakefall der behandling innafor det offentlege norske psykiske helsevernet ikkje ville kunne forhindre at ein hamna på uføretrygda, - helsing fagkonsulenten. Dette viser at norske lækjarar og psykiatrar tilpassar standpunkta sine til kvar dei arbeider, til og med når det gjeld dei same sakene. Det finst altså ikkje noko som kan kallast objektiv vurdering.

Som nemnt tidlegare er det pr. 31/12-04 omlag 45.000 menneske som er uføretrygda på grunn av lettare psykiske lidingar, og eg lurer på korleis "disse har kommet ut i forhold til de behandlingstilbud som finnes innenfor det offentlige helsevesen". Sluttresultatet er i alle fall klart og tydeleg. I tillegg har vi alle dei som er uføretrygda på grunn av muskel- og skjelettsjukdommar og andre såkalla psykosomatiske plager, og denne gruppa er endå større enn dei omlag 90.000 som totalt er uføretrygda på grunn av psykiske lidingar.

Eg skal gjerne innrømme, at dersom eg hadde fått komme til ein dyktig psykolog i gymnastida som eg hadde vore på bølgjelengde med og fått tillit til, ville resultatet kanskje ha vorte eit anna. Men det denne saka eigentleg dreier seg om er, at det må setjast ei grense for kor mange år av eins liv ein må bruke til å gå i resultatlaus behandling innafor det offentlege norske psykiske helsevernet før ein får høve til å prøve noko anna som er alternativt og betre. Litt konkurranse vil gjere det offentlege norske helsevesenet meir villig til fortare å komme opp med meir effektiv behandling, og menneske med psykiske lidingar vil sleppe å gå år ut og år inn i resultatlaus psykologisk eller psykiatrisk behandling. Slik som systemet er i dag, vil det offentlege påstå at du må prøve ytterlegare offentleg behandling uansett kor mange år av eins liv ein har prøvd å bli kurert innafor det offentlege psykiske helsevernet. Til slutt vil ein kanskje vere så neddopa og øydelagd av medisinar, at ein likevel ikkje vil ha nokon sjanse innafor alternativ psykoterapeutisk behandling heller. 

Då eg begynte i primalterapi i 1978, søkte eg berre om attføringspengar, ikkje direkte støtte til behandlinga, for eg rekna med at det ville vere heilt urealistisk å få godkjent det siste. Men Rikstrygdeverket argumenterer med at dersom ein ikkje får direkte støtte til behandlinga, skal ein heller ikkje ha rett på attføringspengar. Av same grunn skal ein i følgje Helsedirektoratet heller ikkje lenger få trekkje utgiftene ifrå på skatten. Resonnementet inneheld ei logisk kortslutning, for kva behov har ein for å trekkje utgiftene til behandling ifrå på skatten dersom ein får alle utgiftene dekka av det offentlege.

Som ein kuriositet kan eg nemne, at eg har fått vite at flyktningar som har fått politisk asyl eller opphald på humanitært grunnlag her i landet, kan reise ut av landet på ferie i inntil tre månader om gongen og likevel behalde sjuke- og attføringspengane. Det skal visst vere for at dei skal styrke psyken sin. Dette er sikkert vel og bra for dei, men kvifor skal nordmenn behandlast dårlegare. Ein kan vel gå ut ifrå at dei ikkje reiser på ferie til det landet dei har flykta ifrå for å styrke psyken sin.

Eg tenkte no at ettersom det er umogeleg å vinne fram innafor helsebyråkratiet, får eg heller ta å skrive eit brev til den politiske leiinga i Sosial- og helsedepartementet, og håpe at det der finst fornuftige og rasjonelle folk som bryr seg om enkeltmenneske. Men der vart eg igjen skuffa. Sosial- og helsedepartementet hadde gått ut som klageinstans når det gjeld trygde- og  skattesaker i samband med sjukdom. Elles slo det fast at det er vanleg med til dels store eigendelar ved sjukdom og at regelverket må vere slik som det er for å vere mest mogeleg rettferdig og minst mogeleg basert på skjønn. Då skjønte eg at det ikkje berre er Rikstrygdeverket og resten av helsebyråkratiet som er negativ til alternativ behandling, men at dette går også langt inn i det politiske miljøet, eller for å seie det på ein litt respektlaus måte: Heile rukla er same ulla. Elles kan ein berre lure på kor vanleg det er med hundre  prosent eigendel. Med den haldninga helsestyresmaktene og diverre også mange politikarar har til alternativ behandling, er nok diverre dette ikkje heilt uvanleg.  Det einaste positive med svaret ifrå Helse- og sosialdepartementet var at det var skrive på rimeleg godt nynorsk.

Etter dette sende eg i tur og orden brev til medlemmane av Stortinget sin Helse- og sosialkommite, dei tre mest leiande psykiatrane våre: Eitinger, Retterstøl og Kringlen, Torbjørn Jagland då han berre var partiformann, foreininga Mental Helse Norge (MHN) og sivilombodsmannen, - alt med like negativt resultat.

 Ifrå medlemmane av Stortinget sin Helse- og sosialkomité fekk eg berre svar ifrå dei tre borgarlege partia på Stortinget, nemleg Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg folkeparti. Dei hadde alle forståing for saka, men dei kunne lite eller ingenting gjere i og med at dei ikkje sat i regjeringskontora. Når det gjeld dei sosialistiske partia, som snakkar mest om eit rettferdig samfunn, solidaritet og fellesskap, fekk eg ikkje noko svar.  For ordens skuld vil eg berre nemne at eg ikkje sende noko brev til Venstre, men eg ser også på dette partiet som eit borgarleg parti.

No burde eg naturlegvis ha teke saka mi opp igjen på politisk nivå medan vi hadde Bondevik-II regjeringa, men eg fekk diverre ikkje tid til dette fordi eg hadde altfor mange andre ting å ordne opp i og arbeidsevna er diverre framleis redusert. Men på den andre sida kan det vere like greitt at dei partia som er ansvarlege for eit så urettferdig og monopolistisk helse- og trygdesystem også får sjansen til å rydde opp etter seg.

Dei tre mest leiande psykiatrane nekta på at dei hadde drive med noka negativ rådgiving overfor Rikstrygdeverket når det gjaldt primalterapi. Rett nok fekk eg ikkje noko svar ifrå professor Einar Kringlen, men eg kjenner til at han overfor Rikstrygdeverket har anbefalt primalterapi for ei jente eg kjente ein gong, rett nok utan å ta stilling til teorien rundt terapien. Men sjølv dette var ikkje nok for Rikstrygdeverket, sjølv om det faktisk står i deira eige regelverk at støtte til alternativ behandling kan gjevast dersom det er anbefalt av ein leiar av ein universitetsklinikk. Denne jenta valde seinare å emigrere til USA der far til dottera hennar bur, og det var sikkert det luraste ho kunne gjere. Etter det eg har høyrt, skal det visst gå bra med ho. Når det gjeld Eitinger, var han nokså indignert over å bli konfrontert med ei slik sak etter å ha vore pensjonist i ti år. Ut ifrå dette må eg berre undre meg på kven dei er desse norske leiande psykiatrane som i følgje Rikstrygdeverket har teke avstand i frå primalterapien. Kanskje det er skrivebordslækjarane i helsebyråkratiet som har forfremma seg sjølve til leiande psykiatrar?

Dei eg elles ikkje fekk noko svar ifrå var Torbjørn Jagland og foreininga MHN. Brevet til Torbjørn Jagland vart sendt som ein reaksjon på at han før stortingsvalet i 1993 hadde gitt ut ei bok om solidaritet og fellesskap, der eg spør om dette ikkje skal gjelde for alle. Eg overlet til lesaren å trekkje konklusjonen av mangel på svar, men eg må tilstå at brevet kanskje var litt provoserande.

Når det gjeld Mental Helse Norge, verkar det som denne foreininga på den tida hadde lagt seg så nær opp til psykiatrien i synspunkta sine, at det såg nærmast ut som den fungerte meir som ei støtteforeining for psykiatrien og eit underbruk av Norsk psykiatrisk forening enn som ei støtteforeining for folk med psykiske problem, for ikkje å seie problem med psykiatrien. Eg kjenner tilfeldigvis andre som har vore kritiske til psykiatrien som heller ikkje har fått svar på brev ifrå denne foreininga. Kanskje ein skal orsake dei med at dei hadde lite resursar ei tid, men at situasjonen no er ein annan. Dessutan har den for tida (-05) ein svært dyktig formann, nemleg Erling Jahn, som veit å seie ifrå både imot psykiatrien, det psykiske helsebyråkratiet og politikarane når det blir for ille.

Elles vil eg berre nemne at eg har fått høyre, at då Erling Jahn var med i Rådet for psykisk helse under professor Einar Kringlen si leiing, vart han kasta ut av dette rådet fordi han drista seg til å komme med kritiske ytringar om psykiatrien. Men så må ein vel kunne seie, at på den tida verka dette rådet meir som eit supperåd på psykiatrien sine premissar, og den innsamlingsaksjonen som det sette i gang i 1992 til psykiatrisk forsking har ikkje eg sett noko resultat av, anna enn at det held ein del psykologar og psykiatrar sysselsette som truleg elles ikkje var gagnlege til å jobbe med pasientar. Elles må eg få gi uttrykk for, at eg finn det nokså usmakeleg at dei same folka som igjennom Rikstrygdeverket og helsebyråkratiet aktivt har motarbeid at Trygdeverket skal gi noka form for støtte til alternativ behandling av psykiske lidingar, som f.eks. primalterapi, har bedt vanlege menneske om støtte til psykiatrisk forsking.

Når det gjeld Sivilombudsmannen, fekk eg her også svar, men det var negativt i den forstand at saka mi var over eitt år gammal og såleis forelda.

Sjølv om eg fekk avslag i frå høgste helsebyråkratiske hald når det gjaldt å trekkje utgiftene til primalterapi ifrå på skatten, heldt eg likevel fram med å føre desse utgiftene opp på sjølvmeldinga som særfrådrag for store sjukdomsutgifter. Dette har i alle år vorte godkjent av Oslo likningskontor bortsett ifrå 1989, og 1993 då det endelege avslaget kom ifrå Helsedirektoratet. Oslo likningskontor har vel funne ut at dette er for kynisk og umenneskeleg, og eg har høyrt at dette likningskontoret faktisk er kjent for å ta visse menneskelege omsyn i skattesaker, i motsetning til både helsebyråkratiet og Kemneren i Oslo. Eg synest det må vere noko fundamentalt gale med Rikstrygdeverket og helsepolitikken generelt når eit likningskontor tek meir menneskelege omsyn enn den institusjonen som har som oppgåve å hjelpe folk i samband med sjukdom og som er forvaltar av skattebetalarane sine eigne trygdeinnbetalingar.

Om lag eit halvt år før kona mi døydde i 1988 hadde vi teikna ein gjensidig livspolise på ein halv million kroner, men diverre såg vi oss ikkje råd til å betale premien, så den gjekk ut. I og med at eg hadde ein livspolise ifrå tidlegare og ho hadde ein gjennom jobben, fekk eg likevel utbetalt omlag kr. 250.000,- eit halvt år etter dødsfallet. Då nytta eg høvet til å kvitte meg med kredittkortgjelda for ei stund og betalte også ned noko privat gjeld, dvs. gjeld til privatpersonar. Men det økonomiske hovudproblemet var eg framleis ikkje kvitt, nemleg at eg ikkje gjekk med økonomisk overskot fordi eg ikkje fekk dekka utgifter til oppfølging i primalterapi av det offentlege. Dette trass i at eg på den tida budde i eit husleigeregulert husvære på Torshov i Oslo med bad og toalett i kjellaren til rundt kr. 800,- kroner i månadleg husleige. Difor beheld eg resten forsikringsutbetalingane som ein økonomisk buffer.

I 1992 vart økonomien så ille igjen at eg såg meg nøydd til å selje jorda og utmarka på farsgarden i Eivindvik i Sogn og Fjordane, som eg hadde overteke etter far min som døydde i jula i 1988. Det vart den endelege kroken på døra når det gjaldt å drive gardsbruk. I 1995 vart det på nytt økonomisk krise, og no gjorde eg eit fortvila forsøk på å gå ut i media med saka mi. Den sommaren skreiv eg ein avisartikkel i kronikkformat om saka mi pluss tre andre som handla om primalterapi, fødselstraumet og norsk helsepolitikk generelt. Først sende eg desse artiklane til Aftenposten, men då eg ikkje høyrde noko meir derifrå, prøvde eg nærmare tjue andre aviser, diverre med like negativt resultat. Rett nok var det eit par lokalaviser som uttrykte sympati med saka og ønskte meg lykke til vidare, men artiklane mine passa diverre ikkje inn i deira redaksjonelle linje.

Eg hadde i alle fall håpa på, at om ikkje avisene ville ta inn artiklane, så ville det i det minste vere ei av dei største avisene som interesserte seg såpass for saka at den ville køyre ein reportasje på den, men det var det ikkje. Det er litt forunderleg når ein tek omsyn til at i alle fall laussalsavisene i Oslo har uttrykt, at dei som den fjerde statsmakta ser på seg sjølve som garantistar for rettstryggleiken til enkeltmenneske overfor det offentlege byråkratiet. For meg såg det meir ut som avisene er "makta" sin forlengde arm. Fakta er vel at dei er mest opptekne av opplagstalet, som rett og rimeleg er, så viss saka di ikkje er interessant nok for potensielle lesarar, eller for mange "maktmenneske" kan bli støtte og fornærma, kan du vere så urettferdig behandla som du berre vil utan at media reagerer. Personleg trur eg at folk flest er best tent med at rettstryggleiken i størst mogeleg grad blir ivareteken via lovverket, viss vi verkeleg hadde hatt ei skikkeleg grunnlov og lovverk som også inkluderer generelle menneskerettar.

Når det å gå ut med saka mi i media og kanskje få ei løysing på den på den måten ikkje lykkast, var det ikkje noko anna å gjere enn å begynne og gå med aviser igjen om nettene i tillegg til full jobb om dagen, for å greie å betale rekningane. Dette hadde eg tenkt å halde fram med til eg endeleg hadde komme i økonomisk ballanse uansett kor lang tid det ville ta. Men hausten -97 begynte det å bli så mykje overtid på jobben om dagen at eg måtte gi opp dette. Dessutan vart det ikkje så mykje pengar av ekstrajobbinga likevel, i og med at eg måtte betale omlag kr. 50.000,- i toppskatt i denne perioden, i tillegg til at eg var uheldig med eit bruktbilkjøp. Eg har merka meg, at i følgje Jens Stoltenberg som statsministerkandidat for det raudgrøne regjeringsalternativet, er reduksjon av toppskatten det same som å gi skattelette til dei rike. I følgje hans definisjon på rikfolk var eg altså rik i denne perioden.

Utpå hausten 1997 kom eit nytt sjokk. Eg fekk beskjed om at den husleigeregulerte blokka eg budde i på Torshov skulle renoverast og utseksjonerast som sjølveigarhusvære, så i løpet av desember månad måtte eg ut. No måtte eg ut på den opne marknaden og kjøpe meg eit husvære. Å leige var heilt håplaust med dei leigeprisane som var då, og betre har det ikkje vorte seinare. På mirakuløs vis greidde eg å få lån så eg fekk kjøpt meg det billigaste eittromshusvære som var å oppdrive i Oslo, nemleg i ei høgblokk på Ammerud. Så no sat eg med ei samla gjeld på rundt kr 800.000,-.

Sidan eg og kona mi flytte til Oslo i 1985, har eg greidd meg utan bruk av medisinar, men denne hausten rauk nattesøvnen. For å overleve dette presset, måtte eg ta både sovemedisin og antidepressiva, i mitt tilfelle Johannesurt som det siste. Sommaren etter greidde eg heldigvis å kutte ut desse medisinane igjen.

Viss det ikkje var for at eg framleis trengde oppfølging i primalterapi, ville det ikkje vere noko stort problem å handtere ei gjeld på kr. 800.000,- heller. Men eg fekk som før basere meg på å jobbe mest mogeleg overtid. I frå hausten 1997 vart eg utnemnd til dataansvarleg i det firmaet eg jobba i. Data hadde lav status i dette firmaet, og det vart nærmast sett på som eit nødvendig vonde som det helst ikkje skulle "leikast" med i arbeidstida. Det passa meg i grunnen fint etter tilhøva, så kunne eg jobbe nærmast så mykje overtid som eg ville og makta. Såleis ble det i 1999 jobba nærmare 300 timar overtid. Etter at eg oppdaga at det heller ikkje var nok for å dekke dei månadlege utgiftene, har det gått nokså bratt nedover og eg måtte begynne med medisinar igjen.

Sommaren 2000 måtte eg, for ikkje å gå personleg konkurs, selje husværet mitt på Ammerud for å ta ut verdiauken og gå ut på leigemarknaden. Eg brukte heile sommarferien pluss ei vekes avspasering av overtid for å flytte og pusse opp det gamle husværet, slik at eg kunne få ein bra pris for det. Då eg skulle begynne i jobb igjen etter sommarferien, var eg eigentleg heilt utsliten og utbrend, og i slutten av september vart eg sjukmeld. Medan eg var sjukmeld, vart jobben min rasjonalisert bort, dvs. utsorsa, og eg vart oppsagt på grunn av at omsetninga hadde gått sterkt ned. Dette var i grunnen heilt greitt for min del, for det var ikkje lenger noko triveleg å jobbe i dette firmaet. 

Som nemnt selde eg det sjølveigde eittroms husværet på Ammerud og fekk ein verdiauke på omlag hundre prosent på tre år. Eg flytte no inn i eit treroms husvære som eg leigde rett under Ekeberg  i Ekeberg-Nordstrand bydel i Oslo . Planen var å leige ut to rom, men diverre var det berre eit av romma som eigna seg til utleige.

No var eg så utsliten og nedkøyrd at eg måtte gå konstant på sovemedisin og antidepressiva dei neste to åra, for å kunne få sove om nettene og vere i stand til å gå utfor døra om dagen. Diverre var ikkje verknaden av desse medisinane like god som tidlegare, den sløvande verknaden hadde begynt å bli gradvis sterkare, så det var heilt umogeleg å tenkje på å gå ut i jobb igjen. Hausten -01 begynte eg rett nok på attføring ved å ta dei fire første modulane av datakortet, men eg såg det som heilt meiningslaust å satse på yrkesmessig attføring så lenge som utgiftene på grunn av primalterapien var høgre enn "inntektene" og ein gjekk gradvis og sikkert mot personleg konkurs. Først då eg greidde å kutte ut antidepressivaen våren -02, fekk eg såpass mykje energi og overskot at eg greidde å opprette eiga heimeside på internett.

I 1986 oppsøkte eg advokat i Oslo for å sjå om det var noko grunnlag for å gå til sak mot Rikstrygdeverket. Diverre greidde ikkje denne advokaten å få utlevert sakspapira. Trygdekontoret i Eivindvik påstod at dei hadde sendt papira til Trygdekontoret i Oslo. Oslo trygdekontor påstod at dei aldri hadde motteke noko sakspapir. I og med at det er sjeldan brev forsvinn i posten her til lands, har eg meir tru på at Oslo trygdekontor rett og slett har kasta sakspapira i søpla rett etter mottak, og det er i så fall heller ikkje første gongen. I alle fall blei rådet ifrå advokaten ikkje å gå til sak, i og med at det nesten er umogeleg å vinne ei sak mot Rikstrygdeverket.

Hausten -01 tenkte eg at det var på tide å oppsøkje advokat igjen og ringde rundt til tre forskjellege advokatkontor, men vart avvist av dei alle på telefonen. Ei av dei eg snakka med var direkte uforskamma, og det vart eg også. Ein kan lure på kva trygderettsadvokatar eigentleg driv på med, i og med at dei tydelegvis er så redde for å føre ei sak mot Rikstrygdeverket at dei ikkje er villige til å gi deg ein time på kontoret ein gong. Jobbar dei alle for Rikstrygdeverket? Dette er forunderleg med tanke på at det er mange advokatar som nærmast kastar seg over kriminelle og asylsøkarar, for ikkje å seie kriminelle asylsøkarar. Ein får vel berre vere glad for at asylsøkarar, kriminelle og potensielle terroristar har ei viss form for rettstryggleik i det norske samfunnet.

Likevel fekk eg faktisk eit brukbart råd ifrå ein av advokatane, og det var å søkje på nytt igjen. Men kva skulle eg så søkje om på nytt? Eg var alt på attføring og hadde ikkje råd til å reise til utlandet for å gå i primalterapi uansett, så eg fann ut at eg fekk heller  søkje om direkte støtte til primalterapien. Så i november -01 sende eg inn ein søknad til Ekeberg - Nordstrand trygdekontor om direkte støtte til å gå i primalterapi . Denne søknaden fekk eg aldri noko svar på, sjølv om eg sende inn ei purring, noko som eg vil hevde er i strid med Lov om offentleg forvaltning.  Men så er det heller ikkje første gongen Trygdeverket har gått utover lovverket for å motarbeide folk som vil gå i primalterapi.

Vinteren -02 fekk eg eit brev ifrå naboane på Henriksbø i Eivindvik om at løa og fjøsen på eigedommen min, som var ein bygning i fire etasjar på ca. 260 m3, var til nedfalls. Slik den stod no vart den sett på som ei fare for naboane, og dei kravde den riven så fort som råd. Teknisk etat i kommunen var av same oppfatning, og sjølv kunne eg godt sjå at dei hadde eit poeng. I og med at eg ikkje lenger hadde råd til å bu i Oslo, flytta eg såleis heim til Eivindvik sommaren -02.  Dei to neste åra jobba eg med å rive denne løa, samtidig som eg prøvde å få skikk på ein hage på omlag fire mål, noko som eg framleis driv på med. Elles trudde eg, at ved å bu gratis i eige hus skulle eg spare mange utgifter, men eg oppdaga etter kvart at det diverre har sin pris å bu i eit gammalt gjeldfritt hus også.

Etter at eg hadde flytta til Eivindvik, gav eg opp å vente på svar ifrå Ekeberg - Nordstrand trygdekontor på søknaden om direkte støtte til å gå i primalterapi. No tok eg og sende inn ein ny søknad til Gulen trygdekontor i slutten av desember -02. Etter omlag ein månads tid fekk eg blankt avslag ifrå trygdekontoret med følgjande grunngjeving etter Folketrygdlova paragrafane 5-1 til 5-26:

For at folketrygda skal dekke utgifter til primalterapi, må en psykolog/lege ansatt der ha avtale med det statlige helseforetaket om driftstilskott, og du må vere henvist dit fra lege. Vi kan ikke se at disse vilkårene er oppfylt. Folketrygda kan derfor ikke dekke utgifter til primalterapi.

No hadde eg rett nok erklæring eller anbefaling både ifrå fastlækjar og psykiater, i og med at begge desse innsåg at det var primalterapien som så langt hadde verka best, men dette var ikkje nok for Trygdeverket. Avslaget på søknaden vart straks anka inn til Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane, men dei opprettheld avslaget med same grunngjeving som det lokale trygdekontoret og presiserte i tillegg at Trygdeverket berre er eit forvaltningsorgan som ikkje kan ta stilling til spørsmål av helsepolitisk karakter. Etter dette såg eg ingen grunn til å anke vidare til Trygderetten, i og med at den berre skal vurdere lovbruken, og at eg heller ikkje ville ha nokon sjanse til å vinne ei eventuell sivil rettssak.

No skal primalterapi i følgje Rikstrygdeverket vere godkjent som behandling med rett til trygdekasserefusjon dersom den blir utøvd av klinisk psykolog eller psykiater. Dette og argumentasjonen til Trygdekontoret i Sogn og Fjordane kan tyde på at det berre er ein formalitet som skal for at LAPP (London Association of Primal Psychotherapists) skal kunne få driftsavtale med lokale norske helseføretak, men så enkelt er det diverre ikkje. Hos LAPP er det diverre ingen fast tilsett lækjar og ingen psykoterapeutar som er verken psykologar eller kliniske psykologar. Ein primalterapeut har MA-graden og den norske terapeuten har magistergraden, elles har dei andre berre BA-graden i psykologi. Men det som er viktig i denne samanhengen er, at alle har fire års spesialutdanning i primalterapi, dei fleste hos Janov i Paris, og fem års praksis og alle er godkjende som psykoterapeutar i følgje det engelske uavhengige kvalitetssikringsorganet UKCP (UK Council for Psychotherapy).  Likevel har eg ingen illusjonar om at nokon av desse terapeutane vil bli godkjende av noko norsk helseføretak, i og med at det er svært mange norske kliniske psykologar som heller ikkje har offentleg driftsavtale, sjølv om behovet for psykoterapeutar her i landet er skrikande stort.

Etter det eg har forstått er det Sosial- og helsedirektoratet som utformar krava til til helseprofesjonane og Statens helsetilsyn som overvaker at desse krava blir følgde. Då er det noko underleg at norske kliniske psykologar og psykiatrar i følgje desse institusjonane kan praktisere primalterapi med minimal kjennskap til denne terapiforma medan dei som er spesialutdanna innafor primalterapi ikkje kan godkjennast. Ein spesiell ting med utdanninga av primalterapeutar er, at dei har omlag fem hundre timar med eigenterapi, noko som truleg må vere verdsrekord. I tillegg krevst det også at dei har ein time eigenterapi så lenge dei praktiserer som terapeutar. Det siste er også eit krav som UKCP stiller til alle som driv psykoterapi. Til samanlikning er det ikkje noko krav til norske offentleg godkjende psykoterapeutar at dei skal ha eigenterapi, sjølv om det rett nok er krav til vegleiing for nyutdanna psykologar og psykiatrar.

Etter å ha fått avslag på søknaden om direkte støtte til primalterapien, såg eg ingen annan utveg enn å søkje om uføretrygd. Eg var framleis ikkje i stand til å jobbe, på grunn av altfor mykje privat press og stress. Viss eg hadde fått meg jobb, ville eg i alle fall trengt å halde fram i primalterapi for å kunne fungere i jobben, men då ville utgiftene framleis vere større enn inntektene, eit slags evig "catch 22". Så det einaste håpet eg no hadde for å unngå å gå personleg konkurs igjen var altså å søkje om uføretrygd, for då ville ei livsforsikring på omlag ein halv million krone komme til utbetaling.

I februar -02 sende eg inn søknaden om uføretrygd, eller uførepensjon som det formelt heiter. Her blei det litt problem under vegs, fordi Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane ikkje ville godta erklæringa ifrå psykiateren min, som viste seg å vere spesialist i barnepsykiatri. Men etter å ha fått ei erklæring ifrå fastlækjaren min, som eg ikkje hadde sett eller snakka med på tjue år, ordna sak seg og eg vart uføretrygda ifrå november -03.

Etter å ha kjempa i over tjuefem år for å få ei eller anna form for støtte ifrå Trygdeverket for å gå i primalterapi og  mot å bli uføretrygda, var dette litt av eit nederlag, men det løyste i alle fall dei økonomiske problema mine for ei stund. No fekk eg utbetalt forsikringspolisen og gjeldsforsikringa, så eg kunne bli kvitt all gjelda, både vanlege lån, kredittkortgjeld og private lån, dvs. lån frå privatpersonar. Det var ei stort lette, sjølv om eg berre sat igjen med kr. 150.000,- etter at all gjelda var betalt. Likevel synest eg det er ille at private forsikringsselskap skal måtte punge ut fordi Rikstrygdeverket ikkje gjer jobben sin, men dei er vel så vande med det at det ikkje spelar noka rolle.

For Trygdeverket må det kanskje fortone seg som ein siger at dei endeleg fekk uføretrygda han som dei såg på som einsidig opphengd i primalterapi, slik at det ein gong for alltid fekk vist at primalterapi ikkje er noko tess. I så fall ser Trygdeverket bort ifrå to ting: Det eine er, at dei tre siste åra eg budde i Oslo gjekk eg også til behandling hos ein psykiater. Så viss uføretrygdinga er dårleg reklame for primalterapien, er den også like dårleg reklame for psykiatrien. Det er andre er, at manglande støtte ifrå Trygdeverket, først og fremst i form av attføringspengar under behandling i primalterapi utlandet, har ført til at eg har måtte jobbe så mykje både overtid eg ekstra for å kunne dekke dei løpande utgiftene, at eg vart utbrend, sjukmeld og  til slutt hamna på uføretrygda.

Det verkar nesten som helsestyresmaktene ser på uføretrygda som ei slags behandling i seg sjølv, for då skal ein greie seg utan noka form for psykoterapi, kanskje bortsett ifrå å hamne i verna bustad med dagleg tilsyn som fullstendig oppgitt. Eg har derimot helde fram med å ha primalterapi, og det opptil tre timar i veka dei siste fem åra sidan eg vart sjukmeld i -00. Grunnen til dette er at eg vil bli i stand til å gå ut i arbeid igjen, noko som ser ut til å vere heilt uinteressant for Trygdeverket. Eg må såleis framleis betale behandlinga av eigne midlar, og det har eg valt å gjere sjølv om dette no kostar meg over 50.000-, kroner i året. Dette fører diverre til at framleis er utgiftene større enn inntektene og forsikringsutbetalinga er for lengst brukt opp, men eg har ikkje tenkt å gi opp når eg er så nær målet. Får eg ikkje jobb, og det er ei viss fare for det, i og med at eg er over femti år gammal, får eg heller starte som sjølvstendig næringsdrivande, og det er faktisk det eg har mest lyst til å gjere.

Primalterapien min fungerte svært bra ifrå 1984 til -91 då det for alvor begynte å stramme seg til økonomisk. I denne perioden vart det helde ti helgekurs (weekend retreats) i Oslo kvart år. I tillegg reiste eg ein gong i året til London og hadde ei til to veker med intensivterapi, og eg var med på årlege ei vekes sommarkurs. Desse turane til utlandet for å gå i intensiv primalterapi vart det slutt på etter dette, og terapien min begynte å gå dårlegare, sjølv om eg no begynte å kompensere med å ha terapi over telefon. Spesielt har eg sakna å kunne vere med på sommarkurs i primalterapi, ikkje berre fordi desse kursa var svært effektive, men ein trefte også svært mange interessante menneske ifrå heile Europa. 

Dei siste fem åra ifrå 2000 har eg vore inne i ein svært aktiv periode i primalterapien i og med at eg har begynt å gjenoppleve traume ifrå det første leveåret og fødselen. Det har som nemnt ført til at eg har måtta ha terapi pr. telefon tre gonger for veka for å halde meg oppgåande og vere i stand til å gjere noko fornuftig. Diverre er det ikkje like effektivt å ha terapi pr. telefon, samanlikna med det å ha terapeuten tilstades, men eg har ikkje råd til å reise til verken Oslo eller London for å ha intensivterapi. Difor slit eg diverre litt for tida.

Eg tenkte at det kanskje var betre å gå til norsk psykolog som var fysisk tilstades enn å ha primalterapi pr. telefon, men etter å ha prøvd to psykologar med offentleg driftsavtale i år -01, fann eg ut at dette ikkje var tilfelle. Eg hadde søkt etter psykologar som jobbar psykodynamisk, men den første eg kom til hos viste seg å vere ein knallhard tilhengar av kognitiv åtferdsterapi og var direkte kvalmande. Det vil seie, at eg vart køyrd så hardt at eg rett og slett vart kvalm og måtte avbryte behandlinga for godt midt i andre timen og komme meg ut så eg ikkje skulle kasta opp på golvet i behandlingslokalet. Eg prøvde på denne tida også to-tre gestaltterapeutar, men også det utan noko positivt resultat, sjølv om eg synest at desse var verken betre eller dårlegare enn dei psykologane eg har gått til. Her måtte eg betale heile behandlinga sjølv, og som det ikkje var nok måtte eg på slutten også betale moms.

Når det gjeld Rikstrygdeverket, ser det ut til at det fungerer etter eit slags alt-eller-ingenting-prinsipp der den såkalla tilfredse majoriteten får dekka alle utgifter i samband med sjukdom, medan andre får ingenting, og det sjølv om det er tvungen medlemskap i folketrygda. Med den "tilfredse majoriteten" meiner eg her dei som er så "heldige" å få ein politisk korrekt sjukdom, som er fysiske sjukdommar som etter kort tid kan lækjast enten ved hjelp av medisinar eller kirurgiske inngrep. I høve til menneske med fysiske sjukdommar som rimeleg enkelt kan lækjast, ser det ut til å vere ei grov diskriminering av menneske med psykiske lidingar, som tydelegvis blir rekna som meir eller mindre verdilause menneske. Det er nærmare tretti år sidan Trygdeverket begynte å sende folk med "direktørsjukdommen" hjerteinfarkt til utlandet for behandling, den såkalla hjertebrua til London. Vi har også hatt helsereisene til Jugoslavia for folk med hudsjukdommar, som berre er symptomdemping. 

I år 2000 løyvde Stortinget ein milliard kroner til behandling i utlandet for åra -00 og -01 for å korte ned på behandlingskøane, den såkalla "utanlandsmilliarden". Eg har ikkje høyrt om at eit einaste menneske med psykiske lidingar fekk tilbod om behandling i utlandet, sjølv om behovet her var minst like stort som innafor somatisk behandling. Men det som er verre er, at då det ifrå 2003 som ein del av budsjettforliket med Framstegspartiet vart innført eit tak nr. 2 for eigendelar på helseutgifter, skulle dette berre gjelde for behandling av fysiske plager, nærmare bestemt: fysioterapi, tannbehandling med refusjonsrett, opphald ved opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet, dvs. klimareiser. Så vidt eg hugsar vart det løyvd over 600 mill. kroner til dette føremålet, og med denne avgrensinga av ordninga kan eg godt forstå at berre ein liten brøkdel av desse pengane vart brukte. Elles kan det vere på sin plass å nemne at når det gjeld psykiske lidingar, er det først dei siste åra at offentlege psykiatriske institusjonar og poliklinikkar har begynt å føre ventelister. 

Det aller verste er likevel, etter mitt syn, at politikarane har innført moms på alternative helsetenester. Dette slår spesielt uheldig ut for folk som treng psykoterapi, i og med at desse ofte treng svært mange timar for å få ei betring på symptoma sine. No har rett nok Finansdepartementet gjort ein del unntak ifrå denne regelen, men igjen berre for alternativ behandling som går på kroppslege plager.

Eg synest det er heilt uakseptabelt, når ein tenkjer på at det er tvungen medlemsskap i folketrygda og at det er skattebetalarane sine eigne sjuketrygdinnbetalingar Trygdeverket forvaltar, at nokon ikkje skal få dekka noko av utgiftene når dei på grunn av at dei ikkje får den hjelpa dei treng innafor det offentlege helsevesenet, må ty til privat og/eller alternativ behandling i inn- eller utland. Viss vi hadde hatt eit skikkeleg lovverk her i landet som verkeleg vernar enkeltindividet imot overgrep ifrå det offentlege, burde dette ha vore ulovleg, og det beste hadde vore viss det også hadde vore grunnlovstridig. F. eks. i Tyskland kan ein velje om ein vil ha offentleg eller privat helseforsikring, og der får ein dekka omlag 60% av utgiftene viss ein vel privat behandling. Som ein kuriositet kan det nemnast, at arbeidsgivarar i Tyskland ser på det som eit pluss viss arbeidssøkjarar går i aller har gått i psykoterapi, fordi desse då har meir sjølvinnsikt enn andre arbeidssøkjarar.

I England har dei mykje det same systemet som hos oss når det gjeld helsevesenet, også når det gjeld køar og manglande støtte til privat psykoterapi og alternativ behandling. Men her er det det trass alt mogeleg å nå fram i helsebyråkratiet ved hjelp av litt papirarbeid. Det engelske NHS (National Health Service), som tilsvarer vårt Trygdeverk, er i motsetning til Rikstrygdeverket såpass rasjonelt at når det ser at ei behandling i primalterapi berre kostar ein femtedel av kva ei tilsvarande offentleg poliklinisk behandling kostar, så gir det støtte til den alternative behandlinga.

Med den underkapasiteten det er innafor det psykiske helsevernet her i landet i høve til behovet, verkar det som at for i det heile å få behandling, bør ein helst som god sosialdemokrat sitje passivt med hendene i fanget og vere underdanig og servilt la seg behandle innafor det offentlege norske helsevesenet uansett om dette fører til noko positivt resultat eller ikkje. Dersom behandlinga ikkje fører fram, skal ein ikkje bråke med at det finst betre alternativ behandling, spesielt ikkje i utlandet. Vi har nemleg ei utmerka ordning for å ta oss av slike tilfelle her i landet, nemleg uføretrygda. 

Det ser ut som stønadsordningane er lagt opp slik at ein fortast mogeleg skal hamne på uføretrygda. I alle fall er det forunderleg kor lett det er å få uføretrygda i høve til  å få støtte til effektiv privat behandling, sjølv om det første kostar mange gonger så mykje som det siste. Konklusjonen på dette må vel vere at pasientane er til for det offentlege helsevesenet og ikkje omvendt. Ja, ein kan faktisk av og til lure på om det ikkje er slik at det eigentlege overordna målet med norsk helsepolitikk generelt er at det skal vere full sysselsetting innafor det offentlege helsevesenet. Dette er naturlegvis eit uuttalt mål, men det verkar slik i praksis, og det kan også forklare kvifor det er så vanskeleg å få avvikla helsekøane.

Eit anna mål som faktisk er uttalt er, at helsestyresmaktene og politikarane skal ha full kontroll med utgiftene til helsevesenet. Dette har ført til at det stadig blir løyvd for lite pengar både til behandling og rehabilitering, til og med etter at helsevesenet har vorte delprivatisert og delt inn i helseregionar. Det har ført til at mange som elles kunne ha fungert i arbeidslivet har måtta søkje om uføretrygd, og med den auken ein har sett i uføretrygdinga dei siste åra, ser det ut til at politikarane her har mista all kontroll. 

Før i tida kunne folk risikere å bli ståande i behandlingskø til langt etter at sjukelønnsperioden hadde gått ut og ein hadde eventuelt fått varig skade. Ja, det finst faktisk fleire eksempel på at folk har døydd medan dei venta på behandling, og dette skulle vere i sosialdemokratisk solidaritet med alle dei andre som stod i same køen. Sjølve behandlinga kosta ofte mindre enn det som vart utbetalt i sjukelønn og attføring. No er vi komne i den motsette situasjonen der det har vorte eit stort problem at helseføretaka driv med underskot, fordi dei behandlar for mange pasientar. Kven skulle ha trudd det for berre nokre få år sidan?

Eg synest det hadde vore betre med eit system der minst 80% av behandlingspengane følgjer pasientane, der ein kan velje gratis offentleg behandling eller privat behandling med inntil 20% eigendel. Dette bør gjelde for alle pasientar, også dei som har psykiske lidingar. All behandling som har dokumentert verknad, enten den er offentleg, privat, komplementær eller alternativ må godkjennast, og det må vere nok med tilvising ifrå fastlækjaren for at den enkelte skal få den behandlinga som vedkommande føler seg best tent med.  Dette vil gjere dei offentlege helseinstitusjonane mindre sårbare for statlege nedskjeringar av løyvingane og vil også inspirere til større konkurranse. 

Er målet med statlege nedskjeringar av løyvingane til helseføretaka å gjere dei meir effektive, er det betre heller å la dei få litt meir konkurranse ifrå private helseinstitusjonar om pasientane. For min del kunne dei like gjerne privatisere heile helsevesenet, og det kan eg hevde utan å vere nokon varm tilhengar av Framstegspartiet. Innafor privat tenesteyting ser det ut til å vere fullt opp av alle mogelege slags tilbod, og det heilt utan køar.

Men det beste hadde vore at eigendeltak 2 hadde vorte innført for all behandling som ikkje blir dekka av eigendeltak 1, inkludert all godkjend privat, komplementær og alternativ behandling. Viss ein då er nøydd til å gå til ein psykolog som ikkje har  driftsavtale med helseregionen, fordi det er umogeleg å komme til hos ein som har slik avtale, kan ein i alle fall komme inn under eigendeltak 2. Då kunne vi kanskje gå ifrå det trygdesamfunnet vi har i dag med over trehundretusen uføretrygda til eit behandlingssamfunn der langt fleire ville kunne halde seg i arbeid, og dei som likevel ikkje kan hjelpast tilbake i arbeid kan få eit meir verdig og meiningsfullt liv.

Eigentleg synest eg det er ein uting med eigendelar på helsetenester generelt, som i røynda er skatt på sjukdom. I land som ikkje blir rekna som fullt så rike som vårt, f.eks. Storbritannia, Nederland og Danmark, har dei ikkje eigendelar på helsetenester. Sjølv Margareth Tatcher, som elles er kjend som jernkvinna som begynte å skjære ned på den britiske velferdsstaten, greidde ikkje å innføre eigendelar på helsetenester. Såleis er alle reseptpliktige medisinar utskrivne av lækjarar i Storbritannia gratis, også dei som her i landet blir rekna som b-preparat. Det absolutt aller beste hadde såleis vore at vi hadde fått fjerna eigendelar  på offentlege helsetenester, så kan ein heller bruke det som i dag er eigendel 1 som tak for private og alternative helsetenester.

I alle fall synest eg det er heilt uakseptabelt at enkelte av oss ikkje skal få noka støtte i samband med behandling av sjukdom på grunn av eit rigid regelverk som berre ser ut til å ivareta interessene til dei godkjende offentlege profesjonane. Dette spesielt på grunn av at det er tvungen medlemskap i folketrygda. Dette burde etter mi meining vere grunnlovsstridig, viss vi hadde hatt ei skikkeleg grunnlov som også hadde omfatta generelle menneskerettar. 

Slik som Folketrygdlova verkar i dag, ser det ut til å vere heilt greitt å øydeleggje livet til enkeltpersonar, berre det skjer i samsvar med lover og regelverk. Eg vil hevde at det nesten er noko nazistisk eller fasistisk over dette, der menneskeverdet blir gradert etter sosial status, og dei som har lavast status blir behandla som fjorten på dusinet. Kan vi vere tente med å ha slike lover og regelverk? Kanskje menneskerettsorganisasjonane burde begynne å interessere seg litt for menneskerettane her i landet også og ikkje berre i utlandet, sjølv om brot på menneskerettane er større og ikkje minst meir synlege i enkelte andre land. For min del har det faktisk vore verre å kjempe med Rikstrygdeverket, som skal vere ein institusjon som har til oppgåve å hjelpe folk i samband med sjukdom, enn å kjempe med sjølve nevrosen.

Eg hadde håpa at EU sitt tenestdirektiv snart skulle bli gjennomført for EU- og EØS-landa, slik at vi ein gong for alltid kunne få slutt på det klamme norske offentlege helsemonopolet som nærmast har eit mellomaldersk liveigeskap til pasientane. Men diverre ser dette til å dra ut i tid, i og med at mange andre land også vil verne det nasjonale helsevesenet sitt ifrå konkurranse på same måten som dei også vil verne jordbruket. Det siste kan eg faktisk godt forstå, men ikkje det første.

No skal det naturlegvis innrømmast, at helsevesenet i Noreg er eit av dei beste i verda, om ikkje det aller beste, i alle fall på det somatiske området. Såleis er det berre Cuba som har fleire lækjarar i høve til innbyggjartalet enn vi. Men kvifor skal det vere så forbaska monopolistisk. Vi er berre omlag fire millionar menneske her i landet og vi kan ikkje vere verdsmeistrar på absolutt alle medisinske og psykoterapeutiske område.

Våren 1996 vart omgrepet brukarmedverknad  introdusert av Helse- og Sosialdepartementet på ein brukarkonferanse på Voksenåsen Hotell i Oslo kalla: På egne vegne. Eg var med på denne konferansen som representant både for pasientorganisasjonen WSO (We Shall Overcome) og det psykiatrikritiske bladet Søkelyset. Der vart vi delt inn i grupper slik at vi skulle kunne uttale oss fritt til gruppeleiarane som var representantar for Helse- og Sosialdepartementet. Eg må diverre melde at representanten ifrå departementet i mi gruppe ikkje var mykje interessert i å høyre synspunkta mine, eg fekk rett og slett beskjed om å halde kjeft. Elles såg det ut til at heile konferansen var dominert av Mental Helse Norge og folk som jobba innafor psykiatrien som psykiatriske hjelpepleiarar og sjukepleiarar.

No viser det seg at Helse- og omsorgsdepartementet og spesielt Sosial- og helsedirektoratet har jobba vidare med omgrepet brukarmedverknad. Såleis har dette omgrepet fått ein sentral plass i fleire offentleg dokument som f.eks. Stortingsmelding nr. 25 (1996-97), Åpenhet og helhet; Om psykiske lidelser og Opptrappingsplanen for psykiske helse 1999-2006, jmf. St. prp. nr. 63 (1997-98). Spesielt interessant når det gjeld brukarmedverknad er: Opptrappingsplanen for psykisk helse, status 2003, Sosial og helsedirektoratets vurderinger. Sitat kap. 1.3 Brukerperspektivet.:

Det er et overordnet mål i Opptrappingsplanen å øke brukernes medvirkning, jfr. Stortingets behandling av denne. Stortinget påpekte i sin innstilling til Opptrappingsplanen (Innst. S. nr. 222 (1997 - 98)) at brukernes behov og medvirkning er sentralt for økt kvalitet på tjenestene, og at kommuner og foretak må prioritere dette. Videre heter det at dette vil medføre store utfordringer for organisasjonene, samt at støtte til prosjekter som brukerne selv tar initiativ til, skal prioriteres. Brukermedvirkning skal være et bærende prinsipp i all form for behandling av mennesker, fordi det er viktig med tanke på å styrke brukernes evne til å mestre eget liv, sikre verdighet og bidra til at behandlingsmessige behov blir ivaretatt.

Brukerperspektivet innebærer både det å lytte til og ta på alvor brukernes behov og erfaringer, vektlegging av den enkelte brukers egne ressurser, og styrkede muligheter til medvirkning på alle nivåer. Disse sidene henger nøye sammen.

Ved siden av at perspektivet innebærer en verdi i seg selv, vil realisering av perspektivet kunne være et viktig bidrag til økt kvalitet i tjenestene. Brukermedvirkning vil kunne være et viktig bidrag til å identifisere mangler i systemet, flaskehalser mv. Realiseringen representerer dessuten utfordringer når det gjelder fagpersonellets kunnskaper og ferdigheter, holdninger og verdier, og etablering av dialog og samarbeid mellom fagpersonell og brukere. 

Brukermedvirkning bør skje på individ-, system- og politisk nivå. På individnivå betyr brukermedvirkning at den som står i et mottakerforhold til tilbud og tjenester får innflytelse på sitt eget tilbud (mi utheving). På systemnivå bør representanter for brukerorganisasjoner eller brukergrupper samarbeide med fagfolk, politikere og administrasjon for å gi viktige bidrag til planlegging, utforming og drift av et bedre tjenestetilbud. På politisk nivå utøves brukermedvirkning som en demokratisk rettighet der brukergrupper får uttale seg i viktige saker som angår dem før endelige beslutninger fattes.

Hovedutfordringen når det gjelder realisering av brukerperspektivet og brukermedvirkning er å få til den nødvendige kultur- og holdningsendringen som skal til i alle aktuelle deltjenester og sektorer, og på alle nivåer. Denne realiseringen innebærer ingen endring når det gjelder plikten til faglig forsvarlig virksomhet eller til å drive virksomheten innen de fastsatte rammene.

Dette er flotte ideelle målsettingar, eg hadde nesten sagt for ei ideell verd, men diverre er ikkje verda ideell. Likevel får ein berre håpe at helseføretaka før eller seinare vil ta brukarmedverknad meir alvorleg heilt ned på individuelt nivå også når det gjeld alternativ privat behandling, og at noko brukarmedverknad med tida også må sive ned til Rikstrygdeverket.

For å oppsummere: Eg og kona mi Grethe begynte i primalterapi fordi vi ikkje fekk noka effektiv hjelp innafor det offentlege helsevesenet i samband med sjukdom, og vi stod begge to i fare for å hamne på uføretrygda. Etter at vi hadde gått eitt år i primalterapi ved Janov sin klinikk i Paris vinteren 1984-85, kom vi oss begge to i full jobb i Oslo etter å ha teke arbeidsmarknadskurs.

På grunn av at vi vart nekta både attføringspengar og direkte støtte av Trygdeverket til både opphald og behandling i utlandet, måtte vi lånefinansiere dette. Etter at vi kom heim igjen og flytte til Oslo, fekk vi såleis ein svært vanskeleg økonomi der vi måtte ta opp nye dyre lån og kredittar  for å betale oppfølging i primalterapien og samtid betale rente og avdrag på gamle lån tekne opp i samband med denne terapien. Eg har tidlegare godtgjort at denne vanskelege livssituasjonen kan vere ein av grunnane til at ho døydde den 30. april 1988 av hjerteinfarkt i ein alder av 37 år.

I tida etter har eg, på grunn av dårleg økonomi som skuldast manglande støtte ifrå Rikstrygdeverket i samband med primalterapi, i to periodar på til saman to år og ni månader hatt to jobbar, dvs. avisbod om nettene i tillegg til full jobb om dagen. Av same grunn har eg også måtta flytte i alt tre gongar innafor Oslo, og fjerde og siste gongen flytta eg heim til Eivindvik. Alt dette stresset og presset har ført til at eg har vorte utbrend,  sjukmeld og til slutt hamna på uføretrygda. Eg vil i alle fall påstå at eg har gjort alt eg kan for å halde meg i arbeid, men har i så måte vorte direkte motarbeidd av Rikstrygdeverket.

På byrjinga av åttitalet skriv no avdøde Jan Blaha ifrå Askøy utanfor Bergen eit innlegg i Bergens Tidende der han hevda, at han hadde inntrykk av at medan det lokale Trygdekontoret prøvde å finne ein paragraf i Folketrygdlova som kunne hjelpe folk, verka det som Rikstrygdeverket sentralt nærmast leitte med lys og lykter for å finne ein paragraf i same lova for å sleppe å hjelpe. Han må nok ha hatt sine smertelege erfaringar med Rikstrygdeverket, og eg er heilt samd med ham, dette er også mi erfaring.

Denne vanskelege økonomiske situasjonen, eller skal eg heller seie tilstanden, har ført til at det har vorte lite kontinuitet i behandlinga mi i primalterapi, og i tre år var eg faktisk heilt borte ifrå behandlinga. Av den grunn vil eg påstå at behandlinga mi har vorte minst tre gonger så lang og i alle fall tre gonger så dyr som som den hadde trengt å bli, viss ein hadde hatt økonomi til å gå optimalt i primalterapi. Pr. 31/12-05 har såleis eg og kona mi brukt kr. 895.252,- i direkte utgifter til primalterapi. Tek ein med utgifter til reise og opphald, blir dette truleg nærmare kr. 400.000,- i tillegg. Men det som er verst er, at vi har måtta betale kr. 932.165,- i renteutgifter på alle dei låna som vi måtte ta opp i samband med primalterapien.

Eg vil gjerne nemne at eg hadde skrive i ankeerklæringa til Rikstrygdeverket, at støtte til behandling i primalterapi gjennom attføringspengar ville kunne spare både kona mi og meg for ein del unødvendig liding, i og med at vi då ville få økonomi til å skaffe oss meir terapi på kortare tid og såleis bli fortare ferdig med primalterapien og betre i stand til å fungere godt i yrkeslivet. Ein kan vel ikkje tolke avslaget ifrå Rikstrygdeverket på annan måte enn at det er uinteressant for Rikstrygdeverket å spare folk for unødvendige lidingar. Såleis kan eg godt forstå at det er enkelte innafor det antipsykiatriske miljøet i Oslo som kallar Rikstrygdeverket med sitt rette namn, nemleg Rikstorturverket.

Sjølv om det ser ut til at Rikstrygdeverket har hatt ei bastant negativ haldning til alternativ behandling generelt og primalterapi spesielt, som til og med  har gått utanfor det som Rikstrygdeverket kan tillate seg som eit forvaltningsorgan i følgje Folketrygdlova, kjenner eg til at det er eit par personar som faktisk har greidd å lure Rikstrygdeverket. Desse to skaffa seg først eit eittårig studieopphald i USA, og så vart dei nokså tilfeldig psykisk sjuke i byrjinga av dette studieopphaldet. Då var det greitt for Rikstrygdeverket å betale utgiftene til behandling i primalterapi.

For tida har eg gitt opp å få noka direkte støtte ifrå Rikstrygdeverket til å gå i primalterapi. Dette kjem for det første av at politikarane tydelegvis har laga lovverket slik at dette er umogeleg, og for det andre av at eg reknar med snart å vere ferdig i primalterapi viss økonomien tillet det. Men eg gir hermed beskjed om at når det gjeld å bli nekta attføringspengar under behandling i primalterapi i utlandet, ser eg på dette som eit overgrep, lovverk eller ikkje. Difor har eg til hensikt å søkje om erstatning for alle dei ekstrautgiftene eg har vorte påførd av Rikstrygdeverket på grunn av avslaget på søknaden om attføringspengar. Krevje erstatning kan eg ikkje, i og med at Rikstrygdeverket vil hevde at saka er forelda, men for min del derimot er ikkje saka forelda. Tvert imot er det dei siste ti åra denne dårlege behandlinga ifrå Rikstrygdeverket si side har fått dei størst personlege negative konsekvensane for underteikna.

Avslutningsvis vil eg minne om, at eg og kona mi Grethe, opphavleg berre søkte Trygdeverket  om attføringspengar under behandling i primalterapi i utlandet. I og med at det vart blankt avslege, har vi såleis betalt alle utgifter til behandlinga sjølve, dvs. 100 prosent eigendel. Eg har merka meg at den raudgrøne regjeringa vi har i dag gjorde ramaskrik kvar gong Bondevik-II regjeringa prøvde å heve eigendeltak 1 på sjukdomsutgifter då desse partia var i opposisjon. Kanskje dei også kan gjere noko for dei som må betale 100 prosent eigendel no når dei er i posisjon.

Eg vil hevde at både kona mi og eg ville ha fått eit heilt anna og betre liv viss Rikstrygdeverket og resten av helsebyråkratiet hadde hatt ei meir positiv haldning til alternative behandlingsformer generelt og primalterapi spesielt, og sannsynlegvis ville ho også ha vore i live i dag. Diverre ser ikkje dette ut til å bety noko for Rikstrygdeverket og helsebyråkratiet, men det skal vere interessant å sjå om politikarane kan leve med ei slik dårleg behandling av enkeltmennesket. Sjølv om eg har gått utruleg lenge i primalterapi, er det likevel denne behandlinga som gjer at eg er rimeleg oppegåande og i stand til å gjere noko fornuftig, i alle fall privat. Eg får berre vere glad for at eg ikkje treng å bu i verna bustad med dagleg tilsyn, slik som det ofte går med dei som får den noverande politisk korrekte behandlinga, nemleg psykiatrisk behandling. 

Hadde eg fått økonomisk tryggleik for at eg kunne skaffe meg optimalt med primalterapi når eg trengde det, kunne eg for lenge sidan ha gått tilbake til læraryrket. Eg hadde også ein draum om å utdanne meg til primalterapeut, men Rikstrygdeverket (les: Rikstorturverket), har sett ein effektiv stoppar i for det med si negative haldning til alternative behandlingsformer generelt og primalterapi spesielt. Faktisk så finst det så vidt eg veit ingen kvalifiserte praktiserande primalterapeutar i Noreg i dag, og ein kan lure på kva det er som er grunnen til det.

Dei borgarlege partia på Stortinget påstår at dei er meir opptekne av enkeltindividet og valfridom for enkeltindividet enn dei sosialistiske partia. Dette har eg diverre ikkje merka noko særleg til personleg. Dei sosialistiske partia derimot skal vere meir opptekne av fellesskapsløysingar, der enkeltindividet har mindre å seie og i enkelte tilfelle nærmast kan ofrast for fellesskapet. For min del vil eg berre få sagt, at eg er ikkje interessert i å bli ofra for verken mangelfull borgarleg  eller sosialistisk politikk. Eg er rett og slett ikkje lenger interessert i å vere noko offer. Tvert i mot synest eg at dei som trur så hardt på politikken sin, enten det er borgarleg individualisme eller sosialistiske fellesskapsløysingar som det einaste saliggjerande, heller kan ofre seg sjølve for politikken sin, i staden for å gjere andre til offer. I alle fall bør det vere eit krav til fellesskapsløysingane, uansett politisk retning, at dei skal gjelde for alle og at ingen skal kunne falle utanfor.

 

Leiv Henriksbø

Eivindvik den 1/3-06

 

Til toppen av sida.

Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it.  Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. 

Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience.

ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>>

SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>

 

BØKER PÅ NORSK:

DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>>

EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>

 

 

 

Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898.  E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk.

Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk.

Startside ] Opp ] Primalterapi ] Fødselstraumet ] Traumeteorien ] Psykoterapi ] Psykiatri ] Annonsering ] Historier ] Debatt ] Bøker ] Foreiningar ] Lekkjer ] Planer ]

Ny Psykoterapi