MI
HISTORIE
Av
og om Leiv Henriksbø
Eg er født i
Eivindvik i Sogn og Fjordane i 1948 og utdanna lærar med opprykk, såkalla
folkeadjunkt. Alt ifrå tenåra har eg lidd av psykiske problem som angst, søvnproblem
og depresjon som blei stadig verre med åra. I og med at det viste seg å vere
umogeleg å få hjelp med desse problema innafor det norske psykiske
helsevernet, valde eg hausten 1978 å reise til Los Angeles i USA og gå eit år
i primalterapi hos opphavsmannen til denne terapiforma, Arthur Janov.
Primalterapi
er ein rein traumeorientert psykoterapi der ein jobbar med gjenoppleving
og integrering av traume ifrå tidlegare i livet. Desse trauma kan vere
ifrå ulykker og katastrofar i vaksen alder, men det som er spesielt med
primalterapi er at ein der også jobbar med traume ifrå dei første leveåra,
og fødselen viss det er nødvendig. Primalterapi har også vist seg å ha god
effekt på mange fysiske plager som det er lite eller inga hjelp å få med
innafor vanleg medisin og er såleis holistisk i sin natur.
Nokre månader før eg reiste til USA fekk eg beskjed ifrå Trygdekontoret i
Bergen om ar dei ville ta ifrå meg
sjuketrygda så snart eg reiste ut av landet for å gå i behandling i
primalterapi. Eg søkte då berre om attføringspengar, men dette vart også
nekta av Trygdeverket. Såleis måtte eg finansiere både opphaldet og
behandlinga sjølv, delvis med lån, oppsparte midlar og at kona mi Grethe var
igjen heime og jobba.
I motsetning til den utilstrekkelege behandlinga eg hadde fått innafor det
norske psykiske helsevernet,
var eg svært fornøgd med behandlinga eg fekk i primalterapi i Los Angeles. Men
problemet var at eg berre hadde høve til å vere der i ti månader, og det
skulle vise seg å vere altfor kort tid. Difor fekk eg etter eit par år
tilbakefall og måtte på nytt søkje hjelp innafor det norske psykiske
helsevernet.
Diverre var det ikkje noko avgjerande hjelp å få her i landet no heller når
det galt å bli heilt frisk og arbeidsfør, og i mellomtida hadde kona mi også
begynt å få sine problem, både fysiske og psykiske. Våren 1984 var det så
ille at vi begge to stod i fare for å hamne på uføretrygda i
trettiårsalderen. Då bestemde vi
oss begge to for å reise til Janov sitt nyopna primalinstitutt i Paris
i Frankrike.
Etter eit års vellykka behandling i primalterapi i Frankrike, reiste vi heim
igjen tilfredse og i god form og flytta til Oslo, der vi begge kom oss i arbeid
etter eitt halvt års tid med arbeidsmarknadskurs. Grethe fekk seg jobb som
spedbarnspleiar ved ei barselavdeling ved Aker Sykehus. Eg fann ut at det var
best å gi opp læraryrket for ei tid og tok meg jobb som lageransvarleg i ei
privat bedrift i Oslo.
Av erfaring ifrå tidlegare rekna vi med at det ville vere umogeleg å få
direkte støtte av Trygdeverket til sjølve behandlinga i primalterapi i Paris,
men derimot sende vi igjen inn ein søknad om attføringspengar. Det vart igjen blankt
avslag, men med ei anna grunngjeving enn tidlegare. Difor måtte vi lånefinansiere
både opphaldet og sjølve behandlinga i Paris.
Etter at vi flytta til Oslo og kom oss i jobb, trengde vi oppfølging i
primalterapi for å halde oss i jobb og bli verande i stand til å betale skatt
og trygdeavgift til det offentlege. På grunn av at vi måtte lånefinansiere
opphaldet og behandlinga i primalterapi i utlandet, strakk ikkje lønningane våre
til for å finansiere dette, og vi måtte stadig
ta opp nye dyre lån og kredittar for å skaffe oss oppfølging i primalterapi.
Våren 1988 var den økonomiske situasjonen vår så ille at eg måtte ta meg
ekstrajobb som avisbod om nettene i tillegg til full jobb om dagen. Då eg hadde
helde på med dette eit par vekers tid, fann eg kona mi død i senga om morgonen
den 30. april 1988. Ho hadde døydd i eit akutt anfall av hjerteinfarkt, og det
sjølv om ho på den tida gjekk til behandling for hjerteproblem på
Rikshospitalet.
Ho vart 37 år gammal.
Utbetaling av eit par livsforsikringar letta litt på det økonomiske trykket
for ei stund, men eg sat likevel igjen med altfor mykje gjeld til at det var
mogeleg å handtere denne gjelda samtidig som eg framleis trengde oppfølging i
primalterapi. Difor måtte eg trappe ned på terapien til under det forsvarlege.
Dessutan måtte eg i tur og orden selje jorda og utmarka på farsgarden i
Eivindvik som eg hadde arva, på nytt jobbe som avisbod om nettene i tillegg til
full jobb om dagen så lenge som det gjekk og elles jobbe så mykje overtid på
jobben om dagen som det var mogeleg. Eg måtte også flytte tre gonger innafor
Oslo av økonomiske grunnar.
Til slutt var eg så sliten og utbrend at det var ikkje anna å gjere enn å gå
ut i sjukmelding hausten 2000, og den viste seg å bli langvarig. Etter to nye
år hadde eg ikkje lenger råd til å bu i Oslo, og flytte heim igjen til
Eivindvik, der eg har eit hus som eg har arva. Her har eg brukt tida til å rive
ned eit stort uthus som var til nedfalls og eg har prøvd å få skikk på ein
hage på ca. fire mål.
No søkte
eg for første gong om direkte økonomisk støtte til nødvendig oppfølging i
primalterapi, men det vart blankt avslag, trass i at eg hadde anbefaling både ifrå psykiater og
fastlækjar. For ikkje å gå personleg konkurs, måtte eg no bite i det sure eple og søkje om uføretrygd.
I omlag 25 år har eg kjempa imot å bli uføretrygda og om å få ei eller anna
form for støtte ifrå Trygdeverket til å gå i primalterapi, men utan noko
positivt resultat. Det å få uføretrygd, derimot, gjekk glatt igjennom i løpet
av eitt års tid. Så no får eg utbetalt kvart år så lenge eg lever like
mykje som eg og kona mi kunne ha fått som attføringspengar under eitt års
opphald i primalterapi i utlandet. Heilt sprøtt, spør du meg, men slik
fungerer altså Trygdeverket. Det ser ut som dei heller vil betale folk det mangedoble for å
halde seg vekke ifrå alternative behandlingsformer enn å gi støtte til slike
behandlingsformer.
Eg synest det er ille nok at det er umogeleg å få direkte støtte til å gå i
primalterapi i utlandet, men eg synest det er heilt forkasteleg at når ein går
i ei av verdas beste psykoterapiar i utlandet, skal ein også bli nekta attføringspengar.
Dette har fått alvorlege økonomiske konsekvensar for meg og eg ser på det som
eit overgrep ifrå det offentlege. Denne saka har vore anka heilt til
Trygderetten, men det har vore avslag heile vegen, og sjølv om lovbruken har
vore legitim, har grunngjevingane vore nokså varierande og merkelege.
Men på den andre sida kan ein spørje om vi i lengda er tente med å ha eit
lovverk som berre ivaretek omsynet til profesjonane innafor det offentlege
norske psykiske helsevernet,
Det har
ikkje vore noka hjelp å få av trygderettsadvokatar i denne saka, så i 1995 gjorde eg eit forsøk på å få køyrt saka mi om støtte til
primalterapi i avisene. Eg prøvde først Aftenposten, men då eg ikkje fekk
nokon respons der, sende eg brev til om lag 20 andre aviser. Diverre var dette
til inga nytte: Vi takker for henvendelsen,
men dessverre er ikkje dette av interesse for oss. Så i -02 prøvde eg meg
igjen og sende e-post til Aftenposten, VG og Dagbladet med
bønn om at dei måtte sjå på saka igjen. Ingen av dei tok bryet med å
svare på denne e-posten.
Etter det eg har forstått, skal ei av oppgåvene til pressa vere å hjelpe
enkeltmenneske mot dårleg behandling og overgrep ifrå det offentlege. Men så
langt må eg berre beklage å måtte seie, at for min del ser den fjerde
statsmakta meir ut
til å vere staten sin forlengde arm.
Når det ikkje nytta å få saka mi køyrd i avisene, fann eg ut at eg fekk
heller opprette eiga heimeside og leggje den ut der. Såleis vart heimesida Ny
psykoterapi oppretta våren -02. I og med at primalterapi er lite kjent her i
landet og fagfolk ser på denne behandlingsforma som ein obskur
regresjonsterapi, sannsynlegvis fordi dei ikkje vil ta bryet med å setje seg
inn i kva den går ut på, fann eg grunn til å skrive ei utgreiing om både
primalterapi og fødselstraumet.
Denne heimesida vart ein rimeleg bra suksess og hadde på tre år over 12.000
treff, og søkeorda primalterapi og fødselstraumet vart lenge liggjande på
topp hos dei fleste søkemotorane. Men resultatet kunne ha vore endå betre viss
eg ikkje hadde vore så dum at eg la sida ut hos eit lite internettselskap. Små
internettselskap har diverre ein tendens til å kjøpe kvarandre opp ettersom
tida går. Det har skjedd to gonger med det internettselskapet eg har brukt, med
det resultat at heimesida har dotte ut av indeksering for eit par månader kvar
gong.
Det ser ikkje ut til at internettselskapa tek kundane sine heimesider noko særleg
alvorleg, så eg fann til slutt ut
at eg heller fekk skaffe meg eit eige domene med plassering av heimesida hos eit
webhotell. Det har eg no gjort som ein kan sjå på denne heimesida.
Men denne heimesida har også eit par gonger dotte ut av indeksering av heilt
mystiske grunnar og kvar gong vore borte i ein månads tid. Før eg la sida ut på
eige domene hos eit webhotell, var den ute av indeksering i fem månader. Det
verkar nesten som den rett og slett har vore redigert vekk, og ein må berre
lure på om det kan komme av klage ifrå ein eller annan maktperson enten innan
helsebyråkratiet eller psykiatrien.
Det er greitt å snakke om ytringsfridom når det gjeld Muhammedkarikaturar, men
kor langt strekkjer ytringsfridommen seg eigentleg viss norske maktpersonar føler
seg trua på ein eller annan måte? Eg berre spør.
Takk vere primalterapien fekk eg i alle fall fjorten ekstra år i arbeidslivet,
og hittil har eg ikkje trengt å bli dopa ned på medisinar og plassert i verna
bustad med dagleg tilsyn, slik som det går med mange av dei som får hjelp av
psykiatrien, som i følgje Trygdeverket og helsebyråkratiet skal vere så
fantastisk. Faktisk har eg i tolv av desse fjorten åra greidd meg
utan medisinar av noko slag.
Eg vil hevde at eg har fått øydelagt store deler av livet mitt på grunn av
Trygdeverket og helsebyråkratiet sine negative haldningar til alternative
behandlingsformer generelt og primalterapien spesielt. Viss desse institusjonane
hadde hatt ei meir positiv haldning til primalterapien, kan det godt hende at
kona mi også hadde vore i live i dag. No har eg enda opp som einsleg utan
familie i ein alder av 58 år.
Når det gjeld avisene, er eg no i ferd med å gjere eit siste forsøk på å få
køyrt saka mi i media. Det blir ein vinn eller forsvinn situasjon, i og med at
eg no står i fare for å gå personleg konkurs og kan komme til å måtte selje
resten av det eg eig. Ei stund lurde eg på om eg måtte
skrive eit brev til PFU (Pressens Faglige Utvalg) og klage over at avisene ikkje
gjer jobben sin når det gjeld å ta opp saker der enkeltmenneske blir svært dårleg
behandla av styresmaktene. Men heldigvis valde til slutt lokalavisa Strilen å
ta opp saka laurdag den 25. mars i år. For å komme vidare med saka, treng eg
likevel at ei større avis som har større gjennomslagskraft interesser seg
for saka.
Føremålet med å opprette heimesida Ny psykoterapi var først og fremst å
fremme mi eiga sak med Trygdeverket. Eg hadde håpa at velvillige
”maktmenneske”, dvs. velvillige journalistar, politikarar eller folk innafor
helsebyråkratiet, ville lese det eg hadde skrive og gripe tak i saka og prøve
å gjere noko med den. Men ingenting har så langt skjedd, sannsynlegvis fordi
dei ”rette” folka ikkje har teke bryet med å sjå på heimesida mi.
Etter kvart har eg skjønt at det står ikkje så bra til
med det
psykiske helsevernet
Difor har eg fått eit vidare siktemål med
denne heimesida. No er det ikkje berre
snakk om å fremme mi eiga sak, men også å kjempe i mot den statlege diskrimineringa av
menneske med psykiske lidingar og prøve å fremme eit meir humant og
menneskevennleg psykisk helsevern der det blir lagt meir vekt på forskjellege
typar av samtaleterapi og mindre vekt på medisinar og symptombehandling. Denne kampen er naturlegvis for tung for
meg åleine, så eg håper at det i alle fall må finnast ein del velvillige
menneske på ”grasrota” der ute som er villige til å delta i denne kampen.
Lovverket
treng også forandrast slik at omgrepet brukarmedverknad, som ifølgje Helse og
omsorgsdepartementet skal vere eit bærande prinsipp innafor all behandling av
menneske med psykiske lidingar, blir teke på alvor også i praksis. Det vil
seie at pasienten må bli sett i sentrum også innafor det psykiske helsevernet.
For det må bli slutt på at det er greitt at det offentlege kan øydeleggje
livet til enkeltmenneske, berre det skjer i samsvar med lovverket.
Leiv
Henriksbø
Eivindvik
10/4-06