PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.

 

Startside
Opp
Primalterapi
Fødselstraumet
Traumeteorien
Psykoterapi
Psykiatri
Annonsering
Historier
Debatt
Bøker
Foreiningar
Lekkjer
Planer

 

SPONSORAR

Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>

 

BØKER PÅ ENGELSK:

THE BIOLOGY OF LOVE, .  Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet.  Prometheus Books 2000. Les meir>>

MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni  ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen.  Les meir>> 

KAMPEN MOT RIKSTRYGDEVERKET/NAV OG HELSEBYRÅKRATIET GENERELT

Av og om Leiv Henriksbø

Det ser ut til å vere ei generell oppfatning i det norske samfunnet at det berre er ekspertane, dvs. psykologar og psykiatrar som har rett til å uttale seg med ein viss autoritet om psykiske lidingar. Menneske som har slike lidingar og er pasientar, dei er i utgangspunktet sjuke på sinnet, og slike menneske kan det ikkje komme noko fornuftig ifrå. Tvert imot ser det heller ut til å vere slik at kritikk av psykiatrien blir sett på som eit teikn på vedvarande sinnssjukdom, omtrent på same måten som at ein i det gamle Sovjetunionen i utgangspunktet måtte vere sinnssjuk for å kritisere systemet.

Dette er høgst forunderleg med tanke på at på alle andre område av tenesteyting har kundane rett til å ha eigne meiningar om dei tenestene dei nyttar seg av og rett til å klage/reklamere dersom dei ikkje er fornøgde.

Heldigvis har det dei siste åra oppstått litt meir skepsis til såkalla psykologiske og psykiatriske sakkunnige i straffesaker og barnefordelingssaker i samband med skilsmisser. Dette er eigentleg på høg tid. I tillegg har vi fått uttrykket brukarmedverknad, men dette ser diverre ut til berre å gjelde for pasientorganisasjonar og då mest som sandpåstrøing.

For min del har eg i alt ni års erfaring med akademisk psykoterapi og psykiatri og over tjuefem års erfaring med primalterapi. Totalt har eg i tur og orden vore til behandling hos fem forskjellige psykologar og prøvd det meste som er av ulike psykoterapeutiske behandlingsformer alt ifrå kognitiv åtferdsterapi til psykodynamisk psykoterapi og psykoanalyse. I tillegg har eg vore innom fire psykiatrar og prøvd i alt 14 ulike medikament, alt ifrå valium til antidepressiva og nevroleptika. Alt har ikkje verka like bra, for å seie det mildt, og i alle tilfelle har dette berre hatt symptomdempande og sløvande verknad utan at ein har vorte noko særleg meir arbeidsfør.

På slutten av åttitalet las eg grunnfagspensumet i psykolog hos friundervisninga i Oslo, så eg må vel med ein viss rett i det minste kunne kalle meg for ein halvstudert røvar i psykologi. På den tida fantaserte eg om at det skulle vere økonomisk mogeleg å utdanne seg til primalterapeut, men Rikstrygdeverket har diverre med sin svært negative haldning til alternativ behandling generelt og primalterapien spesielt sett ein effektiv stoppar for det. I alle fall vil eg hevde, at når det gjeld mine eigne psykiske problem, er eg like mykje ekspert, om ikkje meir, enn dei psykologane og psykiatrane eg har hatt kontakt med. Eg vil også hevde at eg etter kvart har fått ei viss erfaring med og innsikt i kva som verkar bra og kva som verkar mindre bra innafor både psykoterapi og psykiatri, spesielt med omsyn til å hjelpe folk med psykiske lidingar til å bli tilnærma heilt friske og arbeidsføre.

Eg er født 31. mars 1948 i Eivindvik i Sogn og Fjordane og voks opp på ein bondegard. Etter sjuårig folkeskule og eitt års framhaldsskule, gjekk eg i fire år på reallina ved Voss landsgymnas. Deretter vart det eitt år i konstituert lærarjobb, militærteneste i flyvåpenet i Nord-Noreg og eit halvt år til i konstituert lærarjobb, før eg begynte på realfag ved Universitetet i Bergen. Der gjekk det ikkje fullt så bra som eg hadde håpa, så etter å ha teke ei årseining i kjemi, tok eg lærarskulen i Bergen med fordjuping i biologi. Er altså av utdanning såkalla folkeadjunkt.

Uttrykket ein ulykkeleg barndom har fått ein viss status i våre dagar, men eg kan ikkje hugse at eg har hatt nokon spesielt ulykkeleg barndom. Tvert imot syntest eg at eg hadde det nokså fritt og greitt, i alle fall fram til eg i tolvårsalderen måtte begynne å ta aktivt del i gardsarbeidet. Seinare har eg lært, at det ikkje er dei trauma ein hugsar som er det største problemet, men dei ein ikkje hugsar og som ein har fortrengt, og desse kan gå svært så langt tilbake i tid.

Eg begynte å få psykiske problem alt i 14-årsalderen, og det starta med frittflytande angst og søvnproblem, og seinare depresjon. På den tida trudde eg at dette ville gå over av seg sjølv med tida, berre ein stod nok på med idrett og utdanning, men det gjorde det diverre ikkje. Tvert imot vart det så ille under studietida i Bergen på byrjinga av syttitalet, at eg måtte oppsøkje psykolog, utan at det var til noka avgjerande hjelp heller. Først etter at eg vinteren 1978/-79 gjekk i primalterapi hos opphavsmannen til denne terapiforma, Arthur Janov, i Los Angeles i USA, vart det ei betring. Diverre hadde eg berre høve til å vere der i ti månader og det var altfor kort tid. Difor fekk eg tilbakefall og reiste i juni 1984 til Janov sitt nyopna institutt i Paris i Frankrike og gjekk der i primalterapi i eitt år i lag med kona mi Grethe. Som eldste dotter til ein krigsseglar hadde ho sine problem å stri med.

Før vi reiste til Paris for å gå i primalterapi, var vi begge to sjukmelde og i ein situasjon der vi begge stod i fare for å hamne på uføretrygda. Etter at vi kom tilbake derifrå, flytta vi til Oslo og kom oss i full jobb begge to etter å ha gått på såkalla arbeidsmarknadskurs. Eg gav opp læraryrket og tok meg jobb som lager- og transportansvarleg i ei lita privat bedrift der eg også var it-ansvarleg dei siste tre åra. Såleis har eg takk vere primalterapien vore i full jobb i Oslo i 14 år sidan 1986, og det utan lengre sjukmelding og utan bruk av medisinar, til eg vart sjukmeld i september 2000. Den tida eg fekk hjelp av den akademiske psykoterapien og psykiatrien, som i følgje Rikstrygdeverket skal vere så eineståande og fantastisk, greidde eg knapt nok å fungere i halv jobb.

Før eg i 1978 reiste til Los Angeles for å gå i primalterapi, sende eg inn ein søknad om attføringspengar. Den vart avslått med den grunngjevinga at: 

Primalterapi baserer seg på en teori som ikke er medisinsk-vitenskaplig fundert og som såvel svenske som norske fremtredende psykiatere har tatt avstand fra. De kan således ikke anses å være under medisinsk behandling med utsikt til bedring av ervervsevnen. 

Det skal ikkje forundre meg at det faktisk er sant at både svenske og norske leiande psykiatrar har teke avstand ifrå primalterapien, i og med at både teori og praksis er det motsette innafor primalterapi i høve til psykiatrien. Dvs. at primalterapi byggjer på traumeteorien og er avdekkande medan klassisk eller ortodoks psykiatri byggjer i hovudsak på den biologiske modellen og genteorien og er tildekkande. Resten av påstandane er etter mitt syn i alle fall feilaktige og vart tilbakevist i ankeerklæringa, utan at det førde til noko positivt resultat.

 Då eg og kona i 1984 reiste til Paris for å gå i primalterapi, søkte vi begge to om attføringspengar, og fekk begge to avslag. Grunngjevinga for avslaget hadde no vorte forandra til at: 

Primalterapi her i landet er godkjent som psykoterapi når behandlingen utøves av psykiater eller klinisk psykolog som har rett til å praktisere for folketrygdens regning. Det er ikke nødvendig å oppholde seg i Frankrike for å få slik behandling som det her er tale om. 

No er det liksom greitt å praktisere ein terapi som er uvitskapleg og ikkje har noko å seie for betring av arbeidsevna dersom det berre blir gjort av norske psykoterapeutar som har kommunal driftsavtale. Det ser ikkje ut til å ha noko å seie, at for å bli ein kvalifisert primalterapeut må ein ha fire års spesialutdanning med minst fem hundre timar eigenterapi i denne terapiforma. Det vart også her sendt inn anke med avvising av argumentasjonen, men også her utan noko positivt resultat.

På grunn av at vi vart nekta attføringspengar under behandling i primalterapi i utlandet, måtte vi finansiere dette ved å ta opp lån. Etter at vi i 1985 flytta til Oslo og begynte å arbeide, trengde vi begge to regelmessig oppfølging i denne terapien for å halde oss i jobb og bli verande i stand til å betale skatt og trygdeavgift til staten. På grunn av at vi måtte betale dette av eigne midlar utan å få noka støtte ifrå Rikstrygdeverket, måtte vi ta opp nye dyre lån og kredittar for å finansiere dette, samtidig som vi måtte betale renter og avdrag på gamle lån tekne opp i samband med behandlinga i primalterapi i utlandet.

Den økonomiske situasjonen vart etter kvart så håplaus, at eg i midten av april 1988 tok meg ekstrajobb som avisbod om nettene i tillegg til full jobb om dagen. Då eg hadde helde på med dette eit par vekers tid, fann eg kona mi død i senga om morgonen. Ho var m.a. plaga med hjerteflimmer som ho gjekk til behandling for, og det viste seg at ho hadde døydd i eit akutt anfall av hjerteinfarkt i ein alder av 37 år. På grunn av at eg måtte arbeide så mykje, fekk eg for lite tid til å vere i lag med henne og ta meg av henne, og eg vil bestemt hevde at dette er ei av hovudårsakene til at ho døydde. Etter det eg har forstått, er hjerteflimmer ofte forbunde med mykje angst som i verste fall kan føre til angstparalyse og påfølgjande hjertestans, dersom ein er åleine med dette.

Eg har i to periodar på til saman to år og ti månader jobba som avisbod om nettene i tillegg til full jobb om dagen. Elles har eg jobba så mykje overtid som det har vore mogeleg å få hos arbeidsgivaren. Såleis jobba eg i -99 over tre hundre timar overtid.  Dette må vel vere mykje bra for ein som i følgje Rikstrygdeverket har gått i ein psykoterapi som ikkje skal ha noko å seie for betring av arbeidsevna. 

I tillegg har eg måtta flytte innafor Oslo i alt tre gonger på grunn av økonomiske årsaker, den første gongen til eit husleigeregulert husvære på Torshov der eg betalte omlag kr. 800,- i månadleg husleige. Men det var diverre likevel ikkje billig nok til at eg gjekk i økonomisk ballanse. Då denne blokka hausten -97 skulle renoverast og utseksjonerast som sjølveigarhusvære, måtte eg ut på den opne marknaden og kjøpe meg eit husvære. Nærmast på mirakuløs vis greidde eg å få meg lån slik at eg fekk kjøpt det billigaste husvære som var å oppdrive i Oslo, nemleg eit eittroms husvære i ei høgblokk på Ammerud.

Sommaren 2000 var den økonomiske situasjonen min så ille igjen at eg måtte selje husværet mitt på Ammerud og flytte til leigd husvære. Til denne flyttinga måtte eg bruke heile sommarferien pluss ei vekes avspasering av overtid, og då var i grunnen løpet køyrt for min del. Då eg begynte på jobb igjen etter sommarferien, som eigentleg ikkje hadde vore nokon skikkeleg ferie, var eg så sliten og utbrent at det ikkje var noko anna å gjere enn å la seg langtidssjukmelde.

Etter desse erfaringane veit eg alt om det å vere utbrend. Det er ikkje berre det at kroppen ikkje vil meir, men stressnivået var utruleg høgt og eg følte meg like stressa som før sjølv etter at eg hadde vorte sjukmeld, då eg eigentleg skulle hatt all verdens tid. Stresset var noko som psykiateren min var bekymra for og han ville eigentleg sjukmelde meg eit år tidlegare, men eg nekta, - eg skulle halde ut ei stund til. Elles kan ein lure på kor all denne kjensla av stress eigentleg kjem ifrå når ein føler seg like stressa utan jobb som i jobb. Faktisk føler eg meg litt stressa enno, sjølv om eg har fått rydda opp i ein del stressfaktorar her og no.

Etter å ha vore sjukmeld ein månads tid gjekk eg tilbake til halv jobb eit par månaders tid etter ordninga "arbeid for trygd". Men no hadde det vorte så ille at eg var like sliten av å jobbe halv tid som eg før var av å jobbe full tid. Eg trur det kan vere greitt å ha ein kjedeleg rutinejobb for ei tid, viss ein kan gjere noko interessant på fritida. Litt av problemet mitt var truleg, at eg ikkje var i stand til å gjere noko som helst på fritida dei siste fem åra. Det første signalet på at ein begynner å bli utbrend er, at helga ikkje er nok til å ta seg inn igjen. Dit var eg kommen to år før eg vart sjukmeld. Sommaren etter var diverre ikkje tre vekers ferie nok til å ta seg inn igjen og eg kom meg ikkje ut av Oslo i sommarferien.

Siste året eg budde i Oslo, måtte eg betale både husleiga og oppfølginga i primalterapien ved hjelp av kredittkortlån. Det kunne berre ikkje halde fram slik, så difor flytte eg sommaren -02 til Eivindvik i Sogn og Fjordane der eg har eit hus som eg har arva. Eigentleg arva eg eit heilt gardsbruk, nemleg farsgarden, men eg har tidlegare selt jorda og utmarka for eit par hundre tusen kroner for å betale ned på gjeld teke opp i samband med primalterapi og finansiere oppfølging i denne terapien. Det vart den endelege kroken på døra når det gjaldt tanken på å drive garden. Dei to neste åra sidan hausten -02 har eg drive på med å rive eit fire etasjes uthus på omlag 260 m2 grunnflate som var til nedfalls og som naboane har forlangt rive. Eg har greidd den jobben brukbart, nettopp fordi eg har helde fram med å ha i primalterapi pr. telefon tre gongar i veka.

Primalterapi er ein holistisk psykoterapi som kan minne litt både om psykoanalyse og regresjonsterapi, der ein i staden for å fortrengje symptoma ved hjelp av medisinar eller kognitiv åtferdsterapi, får hjelp og tryggleik til å følgje dei tilbake til dei opplevingane i barndommen som skapte dei. Den terapeutiske effekten oppnår ein både ved gjenoppleving av trauma ifrå barndommen og om nødvendig fødselen og kanskje også fosterstadiet, og at ein får innsikt i desse trauma. Dette skjer gjennom ei form for kjenslemessig forløysing eller katarsis som Janov kallar primalar, og primalterapien er hittil den einaste psykoterapien eg kjenner til der ein kan oppleve slik kjenslemessig katarsis,

På grunn av at ein i primalterapi jobbar med svært sterke kjensler, får ein mest ut av primalterapien viss ein kan gå i intensivterapi ein til to veker eit par gonger i året. På grunn av dårleg økonomi, har eg ikkje hatt høve til dette sidan -91. Det har rett nok sidan -85 vore helde helgekurs i primalterapi åtte til ti gonger i året i Oslo, men dette har vore for lite for min del. Det har gjort at eg etter -91 begynte å ha terapi pr. telefon med ein primalterapeut ved LAPP (London Association of Primal Psychotherapists) i London. Dei fleste av desse primalterapeutane er utdanna av Janov i Paris.

Sidan år 2000 har eg vore inne i ein svært vanskeleg periode både i primalterapien og i livet elles, der eg har begynt å gjenoppleve fødselstraumet. Det har ført til at eg har vore nøydd til å ha terapi tre gonger i veka pr. telefon for å halde det gåande. Dette kostar diverre over fire tusen kroner i månaden som eg må betale av eigne midlar.

I motsetning til å ha intensiv primalterapi over kortare periodar, finn eg diverre det å ha terapi over telefon ikkje heilt tilfredsstillande. Difor tenkte eg at det måtte vere betre å ha ein time i veka hos ein norsk psykodynamisk orientert psykolog som er fysisk til stades. Etter å ha prøvd dette eit par tre månader våren -02, viste dette seg diverre ikkje å vere tilfelle. Ei av dei to eg prøvde var direkte kvalmande, dvs. eg vart køyrt så hardt andre timen hos henne at eg vart kvalm og måtte berre avslutte heile behandlinga midt i timen for å komme meg ut så eg ikkje skulle kaste opp på golvet i terapilokalet hennar. Eg hadde søkt etter psykologar med kommunal driftsavtale som jobba psykodynamisk, men ho her verka meir som ein knallhard og dogmatisk kognitiv åtferdsterapeut.

Eg har også dei siste åra prøvd tre forskjellige gestaltterapeutar, og sjølv om eg fann desse fullt på høgde med dei psykologane som eg har gått til, var det likevel ikkje tilfredsstillande. Dessutan måtte eg her betale alle utgifter av eigne midlar, og som om ikkje det var nok, måtte eg også betale moms på slutten. 

I det siste har eg fleire gonger prøvd å trappe ned til to timar i veka med primalterapi pr. telefon, men har ikkje greidd det så langt. Det har berre ført til at eg har vorte passivisert og ute av stand til å gjere noko fornuftig. Eg lir av ein nevrose som er svært smertefull med mykje angst, fortviling og desperasjon, og det eg no har av primalterapi er akkurat nok til å halde dette i sjakk, men eg skulle gjerne ha komme litt vidare.

Av dei psykofarmaka eg har prøvd, inngår også den mykje omtala lykkepillen. Vinteren 2000 prøvde eg Seroxat, men etter ei vekes tid fekk eg så negative reaksjonar på den at det ikkje var til å halde ut. Den skal verke mot depresjon, men eg vart så mykje meir deprimert, at eg trygt kan seie at eg ikkje visste kva depresjon eigentleg er for noko før eg hadde prøvd denne medisinen. Deretter prøvde eg Fontex, som tilsvarer det amerikanarane kallar Prosac. Den gjorde at eg i tillegg til å bli meir deprimert, også fekk meir angst. Derimot har eg god erfaring med Johannesurt (Hyperikum perforatum) som har både ein antidepressiv, roande og søvndyssande effekt nesten utan biverknader. Men for å kunne ta den i passeleg dose har eg måtta ta den i form av tinktur. Då var det lettare å trappe ned etter kvart som behovet for å ta den minka. Det siste halvåret eg tok den, var det faktisk nok med ein drope om kvelden. Elles må eg framleis ta sovemedisin (Imovane) for å få sove om nettene, men den fører diverre til at ein blir utruleg treg om morgonen, i tillegg til at den verkar meir og meir sløvande med tida.

Generelt er det mitt inntrykk at psykofarmaka som i utgangspunktet verkar bra, etter ei tids bruk verkar dårlegare og dårlegare og meir og meir sløvande. Dette gjeld faktisk også Johannesurt. Difor har eg funne ut at det beste er å ta så lite medisinar som mogeleg for å halde ut kvardagen og heile tida prøve å trappe meir ned, samtidig som ein går i psykoterapi, som i mitt tilfelle er primalterapi. Berre psykoterapien kan gjere ein heilt frisk og arbeidsfør, psykofarmaka er berre demping av symptom og ikkje noko meir enn det, sjølv om det sikkert også har sin verdi. I tillegg må ein naturlegvis også jobbe med livet her og no og prøve å finne løysingar på dei vanskane som i første omgang utløyste dei psykiske problema og som held dei gåande. Psykoterapi er trass alt berre eit middel og ikkje noko mål i seg sjølv.

Eg begynte første gongen i primalterapi for over 25 år sidan og terapien min har såleis teke svært lang tid. Dette skuldast først og fremst mangel på optimal oppfølging gå grunn av dårleg økonomi som igjen skuldast manglande støtte ifrå Rikstrygdeverket i form av attføringspengar  under behandling i utlandet, noko som eg ser på som eit overgrep. Ja, eg vil gå så langt som til å hevde at behandlinga mi i primalterapi har vorte minst tre gonger så lang og i alle fall tre gonger så dyr som den trengte å bli på grunn av Rikstrygdeverket si negative haldning til primalterapien.

Den andre årsaka er karakteren av dei trauma som eg har vore utsett for i barndommen og komplikasjonar under fødselen. Eg er født heime som den første og det oppstod komplikasjonar slik at jordmora til slutt måtte tilkalle distriktslækjaren for å få jobben gjort. I tillegg praktiserte mor mi den åtferdsterapeutiske barneoppdraginga, som skulle vere så veldig vitskapleg på tretti-, førti- og femtitalet. Denne forma for barneoppdraging gjekk i grove trekk ut på at ungen skulle matast etter eit visst tidsskjema, og viss han skreik, skulle han berre bli liggjande å skrike til han gav opp, for elles kunne han bli bortskjemd og dermed altfor krevjande å ha med å gjere seinare.

Mor mi tok truleg denne åtferdsterapeutiske barneoppdraginga endå eit steg vidare, i og med at ho like godt venta med matinga til barnet hadde gitt opp og slutta å skrike. Skriking vart rekna som uartig oppførsel, og den skulle ikkje påskjønast, heller tvert imot. Om nettene tok ho bomullsdottar i øyrene så ho skulle få sove opp i all skrikinga. Far min syntest at dette var ille, men diverre hadde ikkje likestillinga kome så langt på den tida at han såg det som si oppgåve å ta del i barnestellet. Når ein i tillegg til å ha hatt ein traumatisk fødsel, også blir grovt understimulert i lang tid etter fødselen, må nødvendigvis behandlinga for å gjere dette godt igjen også ta lang tid. Vi har også sett dette innafor narkomanomsorga, ref.: Snåsakollektivet. Elles bør eg kanskje nemne at eg nekta å ta bryst, så eg måtte første tida matast med tåteflaske. Då var det naturlegvis ikkje nødvendig å ta ungen opp når han skulle matast.

Primalterapi har på folkemunne nokså forakteleg vorte kalla skriketerapien, der pasientane ligg på golvet og skrik ut det fortrengde behovet for mor eller far. Målet skal vere å få utløyst eit slags urskrik, og då skal ein bli kurert. Dette er ei stereotyp oppfatning av primalterapien som ikkje stemmer heilt med røyndommen. I alle fall for min del har det vore svært lite skriking, men derimot mykje føling og handsaming av kjensler som angst, håpløyse, hjelpeløyse, verdiløyse, maktesløyse og ikkje minst desperasjon med diffus fysisk smerte i heile kroppen, såkalla psykosomatisk uro. Dette tyder på at mykje av trauma mine stammar ifrå den første delen av fødselen der ein sit fast i fødselskanalen og fosterstadiet. Det har vist seg at traume i frå dette stadiet kan ein ikkje så lett få forløysing på ved å skrike dei ut, rett og slett fordi ein ikkje kunne skrike då ein vart utsett for dei. Ein kan berre få forløysing på dei ved å sleppe dei til og kjenne på dei i lag med ein kvalifisert psykoterapeut som gir den tryggleiken som skal til. Når det gjeld fosterstadiet, bør det nemnast at mor mi hadde fem spontanabortar mellom meg og bror min som er fem år yngre. Sjølv livet på fosterstadiet ser ikkje alltid ut til å vere så behageleg og smertefritt som ein kanskje skulle tru.

Mor mi var sikkert eit godt menneske på mange måtar, men ho valde å stole på ekspertane når det gjaldt barneoppdraginga. Eg kjenner andre som har hatt ein langt meir traumatisk fødsel enn kva eg har hatt, men som likevel har greidd seg betre i livet. Dette kjem av at dei har hatt mødrer med eit varmt hjerte som hadde mot til å trasse ekspertisen sin vitskaplege form for barneoppdraging og gjere det som dei følte var riktig. Det har vist seg at ein ikkje kan stole blindt på ekspertar, og ein kan berre lure på kva slags psykologiske og psykiatriske teoriar som i dag er feilaktige. Samtida kan vanskeleg sjå slikt.

Åtferdsvitskapen har påstått at deira form for barneoppdraging verka, og det gjorde den i mitt tilfelle også. Etter å ha skrike meir eller mindre samanhengande dag og natt i eit halvt år, slutta eg brått og blei snill og medgjerleg. Akkurat dette har eg faktisk gjenopplevd i primalterapi. Nervane til foreldra mine hadde no vorte så frynsete på grunn av all skrikinga over så lang tid, at eg oppfatta situasjonen slik at viss eg ikkje no held opp, ville eg til slutt i beste fall få skikkeleg bank og i verste fall rett og slett risikere å bli drepen. To tanter som budde i huset på den tida syntest at eg såg så slapp og sjukleg ut at dei ville at foreldra mine skulle ta barnet med til lækjaren, men det blei det naturleg nok ikkje noko av.

Eg finn det nesten ironisk at institusjonalisert barnemishandling som var eit resultat av åtferdsterapeutiske fôrfeila vitskaplege teoriar skal kunne kurerast med kognitiv åtferdsterapi. Det er her snakk om traume ifrå det første leveåret og fødselen og kanskje også fosterstadiet, og eg har inntrykk av at norske akademiske psykologar ikkje jobbar på eit så djupt nivå. Då blir alternativet psykiatrien med neddoping på medisinar, og eg har diverre sett korleis det har gått med mange som har fått den typen hjelp. Sjølv om eg godt kan innsjå at moderat bruk av medisinar (lavdosebehandling) kan vere til ei viss hjelp i visse tilfelle, synest eg likevel at det er eit paradoks at traume ifrå tidleg barndom skal kunne kurerast og viskast ut med kjemiske preparat.

Opphavleg søkte eg berre Trygdeverket om å få behalde attføringspengane under behandling i primalterapi i utlandet, og eg har vore innforstått med ut det ville vere uråd å få noka direkte støtte til sjølve behandlinga. Men etter å ha vore sjukmeld i over eitt år, hadde den økonomiske situasjonen min igjen vorte så dårleg at eg i oktober -01 såg meg nøydd til å sende eg inn ein søknad til det lokale trygdekontoret, som då var Ekeberg – Nordstrand trygdekontor, om direkte støtte til å gå i primalterapi. Eg fekk aldri noko svar på denne søknaden, sjølv om eg purra på den både munnleg og skriftleg. Tvert imot fekk eg inntrykk av at dette trygdekontoret trenerte søknaden og ikkje hadde til hensikt å svare på den, og eg begynte å lure på kva slags paragrafar i Lov om folketrygd som kunne gi heimel for ei slik sakshandsaming.

Etter å ha flytta til Eivindvik sende eg såleis like godt inn ein ny søknad om direkte støtte til å gå i primalterapi, men no til Gulen trygdekontor. Her fekk eg svar etter kort tid, men med blankt avslag:

For at folketrygda skal dekke utgifter til Primalterapi, må en psykolog/lege ansatt der ha avtale med det statlige helseforetaket om driftstilskott, og du må være henvist dit fra lege. Vi kan ikke se at disse vilkårene er oppfylt. Folketrygda kan derfor ikke dekke utgifter til Primalterapi.

Her blir det stilt to vilkår for å få støtte og det blir hevda at ingen av desse er oppfylt. Dette er positivt feil, i og med at eg hadde henvisning eller anbefaling både ifrå psykiater og fastlækjar, i og med at begge desse innsåg at det hittil var primalterapien som hadde verka best. Når det gjeld det andre vilkåret, kan det verke som det berre er ein formalitet som skal til for at primalterapeutane ved LAPP i London skal kunne få driftsavtale med lokale norske helseføretak, men så enkelt er det nok diverre ikkje.

Avslaget på direkte støtte til primalterapien vart anka inn til Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane, men med like negativt resultat. Då såg ingen vits i å gå vidare med saka og anke til Trygderetten, i og med at denne berre skal ta stilling til lovbruken. Heller ikkje såg eg lenger nokon hensikt i å gå til sivilt søksmål mot Trygdeverket på dette grunnlaget.

I og med at det viste seg å vere umogeleg å få direkte støtte ifrå Trygdeverket til å gå i primalterapi, var eg no komen i ein situasjon der eg ikkje lenger hadde råd til å halde fram i primalterapi. Eg sat no med ei samla gjeld på omlag kr. 670.000,-, og i og med at eg levde på attføringspengar, hadde eg meir enn nok med å betale renter og avdrag på denne gjelda. Men det å slutte i primalterapi var heller ikkje uproblematisk, for då ville eg etter ei viss tid bli fullstendig passivisert og invalidisert på grunn av psykiske lidingar og til slutt hamne på uføretrygda. Då fann eg ut at eg like godt kunne søkje om uføretrygd først som sist, for det var ingen veg utanom likevel. 

Så i februar -02 sende eg inn ein søknad om uføretrygd, eller uførepensjon som det formelt heiter. Her blei det litt problem under vegs, fordi Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane ikkje ville godta erklæringa ifrå psykiateren min, som viste seg å vere spesialist i barnepsykiatri. Men etter å ha fått ei erklæring ifrå fastlækjaren min, som eg ikkje hadde sett eller snakka med på tjue år, ordna sak seg og eg vart uføretrygda ifrå november -03.

Etter å ha kjempa i over tjuefem år for å få ei eller anna form for støtte ifrå Trygdeverket for å gå i Primalterapi og  mot å bli uføretrygda, var dette litt av ein nedtur og eit nederlag, men det løyste i alle fall dei økonomiske problema mine for ei stund. No fekk eg utbetalt livsforsikringspolisen i tillegg til at eg hadde gjeldsforsikring på det store banklånet, så no blei eg kvitt all gjelda, til og med  kredittkortgjelda og private lån. Det var ei stort lette, sjølv om eg berre sat igjen med omlag kr. 150.000,- etter at all gjelda var betalt. Likevel synest eg det er ille at private forsikringsselskap skal måtte punge ut fordi Rikstrygdeverket ikkje gjer jobben sin, men dei er vel så vande med det at det ikkje spelar noko rolle.

For Trygdeverket må det kanskje fortone seg som ein siger at dei endeleg fekk uføretrygda han som dei såg på som einsidig opphengd i Primalterapi, slik at det ein gong for alltid fekk vist at Primalterapi ikkje er noko tess. I så fall ser Trygdeverket bort ifrå to ting: Det eine er, at dei tre siste åra eg budde i Oslo gjekk eg også til behandling hos ein psykiater. Så viss uføretrygdinga er dårleg reklame for Primalterapien, er den også like dårleg reklame for psykiatrien. Det  andre er, at Trygdeverket er sjølv skuld i at eg hamna på uføretrygda, i og med at  manglande støtte ifrå Trygdeverket, først og fremst i form av attføringspengar under behandling i Primalterapi utlandet, har ført til at eg har måtte jobbe så mykje både overtid eg ekstra for å kunne dekke dei løpande utgiftene, at eg vart utbrend, sjukmeld og  til slutt hamna på uføretrygda.

Ein kan lure på kva slags institusjon Trygdeverket eigentleg er. No får eg årleg utbetalt omlag kr. 200.000,- brutto i uføretrygd. Denne summen tilsvarer truleg det som eg og kona mi til saman ville ha fått utbetalt i attføringspengar under behandling i primalterapi ved Janov sin klinikk i Paris vinteren 1984/-85, viss dette hadde vorte innvilga. Då ville det ha vore ei eingongsutbetaling som kunne ha forhindra at vi seinare kom i eit vedvarande økonomisk uføre som til slutt enda med død for henne og uføretrygding for meg. Men no ser det ut til å vere heilt greitt for Trygdeverket å betale ut denne summen kvart år så lenge ein lever.

Såleis kan ein lure på kva slags logikk Trygdeverket eigentleg opererer etter. Det er i alle fall ikkje det som blir kalla sunt folkevit, og heller ikkje den typen logikk som eg lærde då eg las til førebuande prøve ved Universitetet. Derimot er det noko som heiter maktlogikk, og den ser ut til å ha sine heilt spesielle lover og reglar. Såleis kan det verke som Trygdeverket er den siste sosialdemokratiske institusjonen der den såkalla blårussen enno ikkje har overteke makta. For ein må vel rekne med at blårussen med sine økonomiske kalkulatorar i alle fall ville innsjå, at det ville vere billigare å gi folk eit mindre beløp i støtte til å gå i effektiv behandling så dei kan bli verande friske og arbeidsføre enn å betale ut det doble eller mangedoble i uføretrygd over fleire år.

Eg vil hevde at eg har gjort alt som står i mi makt for å bli verande oppegåande og halde meg i jobb, men eg har aldri fått noka støtte ifrå Rikstrygdeverket til dette. Tvert imot har eg inntrykk av at eg har vorte direkte motarbeidd av denne institusjonen som elles har til oppgåve å hjelpe folk i samband med sjukdom. Kan det verkeleg vere eit mål for Rikstrygdeverket, at folk som går i alternative behandlingsformer skal motarbeidast slik at dei til slutt eventuelt mislykkast? Har menneske med psykiske lidingar ingen annan verdi enn at dei skal halde liv i norske kliniske psykologar og psykiatrar som jobbar innafor det offisielle norske psykiske helsevernet, og det uansett om dei blir hjelpte eller ikkje? Det må vel vere lov å spørje? I alle fall trudde eg at helsevesenet var til for pasientane og ikkje omvendt, og at ein hadde eit visst krav på å få effektiv behandling som verkeleg er til nytte, i og med at vi alle er pliktige til betale trygdeavgift til staten. Så naiv går det altså an å bli.

Pr. 31/12-04 har eg og kona mi brukt over kr. 800.000,- i direkte utgifter til primalterapi. Tek ein med utgifter til reise og opphald, blir det truleg nærmare kr. 400.000,- i tillegg. Men det som er verst er, at vi har måtta betale litt over kr. 900.000,- i renteutgifter på alle dei låna som vi måtte ta opp i samband med Primalterapien. Det aller meste av dette kunne vi ha unngått dersom Rikstrygdeverket ikkje hadde nekta oss attføringspengar under behandling i Primalterapi i utlandet.

Både kona mi og eg har til fulle fått føle den helsebyråkratiske småligheita og kynismen, og det ser diverre ut til ikkje å vere nokon ende på den heller. Vi har prioritert psykisk helse framfor materiell velstand, og sjølv om vi har brukt mykje pengar på primalterapien, har vi likevel ikkje brukt meir enn kva andre brukar på å ha privatbil. Personleg har eg også fått føle kor deprimerande, demoraliserande og passiviserande det er å vere i økonomisk krise over lengre tid. Faktisk så er det dei siste tjue åra berre under akutte økonomiske kriser eg har hatt behov for å ta medisinar.

For å oppsummere, er det slik at sjølv om eg har gått vel lenge i primalterapi, er det likevel denne behandlinga som gjer at eg er rimeleg oppegåande og i stand til å ta meg av meg sjølv. Men økonomisk er eg mykje i den same situasjonen som eg har vore i det meste av tida etter at eg begynte i primalterapi, nemleg at inntektene ikkje strekk til når utgiftene til behandlinga i primalterapi kjem på toppen av alle andre nødvendige levekostnader. Såleis er eg avhengig av å skaffe meg ekstrainntekter på ein eller anna måte. Eg får berre vere glad for at eg ikkje må bu i verna bustad med dagleg tilsyn, slik som det går med mange som får hjelp av psykiatrien, som i følgje Rikstrygdeverket og helsebyråkratiet skal vere så fantastisk.

Eg vil til slutt minne om at alt kona mi og eg bad om i utgangspunktet, var å få behalde attføringspengane under behandling i primalterapi utlandet. Eg synest ikkje det var så altfor mykje å be om. Hadde vi fått det, ville vi ha hatt eit heilt anna liv, og det er mogeleg at ho kanskje også hadde vore i live i dag. 

 

Leiv Henriksbø

Eivindvik 5. mars 2003. 

Sist oppdater 2. desember 2005.

 

Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it.  Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. 

Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience.

ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>>

SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>

 

BØKER PÅ NORSK:

DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>>

EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>

 

 

 

Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898.  E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk.

Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk.

Startside ] Opp ] Primalterapi ] Fødselstraumet ] Traumeteorien ] Psykoterapi ] Psykiatri ] Annonsering ] Historier ] Debatt ] Bøker ] Foreiningar ] Lekkjer ] Planer ]

Ny Psykoterapi