|
PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.
|
|
SPONSORAR Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>
BØKER PÅ ENGELSK: THE BIOLOGY OF LOVE, . Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet. Prometheus Books 2000. Les meir>> MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen. Les meir>> |
FØDSELSTRAUMET GRUNNLEGGJANDE ÅRSAKER TIL PSYKISKE LIDINGAR av Leiv Henriksbø Dei siste åra har det vore mykje snakk om krisa i psykiatrien, og med det meiner ein den økonomiske krisa. Tankegangen skal visst nok vere den, at dersom alle som har psykiske lidingar hadde fått psykiatrisk hjelp, ville dei kunna bli kurerte og leve eit meiningsfullt yrkesaktivt liv. Eg vil hevde at det diverre ikkje er slik. Det viser seg nemleg at svært mange av dei som får psykiatrisk hjelp likevel hamnar på uføretrygda – heil eller halv, trass i at dei får slik hjelp, eller kanskje nettopp difor. I følgje statistikk ifrå Rikstrygdeverket skal det pr. i dag (-00) vere omlag 90.000 menneske på uføretrygd på grunn av psykiske lidingar, og dette talet er sterkt aukande. Difor vil eg hevde at psykiatrien ikkje berre er inne i ei økonomisk krise, men også ei teoretisk krise. Eg trur at denne teoretiske krisa kjem av at psykiatrien har oversett fødselstraumet som grunnleggjande årsak til alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, psykosar og ulike typar depresjonar. Alt i 1924 postulerte den austerrikske psykoanalytikaren og eleven av Freud, Otto Rank, fødselstraumet i boka; Das Trauma der Geburt. Det har vorte hevda at fødselstraumet lett kunne ha vorte integrert i den psykoanalytiske teorien, men reaksjonen hos Freud og elevane hans var så valdsamt negativ at Rank vart skubba ut i det yttarste mørket.
For å sjå korleis fødselen kan vere traumatisk, er det nødvendig å sjå på kva som eigentleg skjer i fødselen. Tilværet i livmora blir av den tsjekkisk-amerikanske psykiateren Stanislav Grof i boka hans; Realms of the Human Unconscious (1976) omtala som ein paradisisk tilstand av oseansk lykke, der ein ikkje kjenner grenser og føler seg i eitt med alt levande. Men også i dette paradiset kan det vere slangar, og denne harmonien kan lett bli forstyrra av negative kjemiske påverknader, mora sine bekymringar og eventuelle negative haldningar, mangelfull tilførsel av oksygen og næringsstoff og negativ fysisk påverknad utanfrå. Såleis har vi her i landet omlag like mange spontanabortar som provoserte abortar. Ein kan undrast over kva det medfører av smerte og liding for eit foster så vidt å overleve ein nesten-spontanabort. Første fasen av fødselen er når riene har begynt å presse barnet ned mot bekkenet før det er stor nok opning til at det kan komme ut. I denne fasen føregår det ei mobilisering av det sympatiske autonome nervesystemet, og kroppen blir sett i alarmtilstand for at barnet sjølv skal kunne hjelpe til med å komme seg ut. Dersom denne fasen tek for lang tid i høve til tilførselen av oksygen og næring, vil barnet til slutt bruke opp alt dette og det blir fare for at det ikkje vil komme levande ut. Då trær det parasympatiske nervesystemet i funksjon for å spare energi og sikre overlevinga, og alle kroppsfunksjonane begynner å gå for halv maskin. Dette er byrjinga på dødsprosessen, og etter dette er det berre eit spørsmål om minuttar heller enn timar før barnet kjem ut livlaust, viss det i det heile kjem ut utan kirurgisk inngrep. Denne fasen av fødselen gjev opphav til kjensler hos vaksne som at alt er håplaust, det er nærmast bokstavleg talt ingen veg ut og det er nyttelaust å søkje hjelp. Den andre fasen av fødselen er sjølve utdrivinga, og viss den er normal i tydinga optimal, vil den vere nærmast ei orgastisk stimulering av både mor og barn, der dei indre prosessane hos barnet som er nødvendige for å leve utanfor livmora blir sette i gang på ein naturleg måte. Viss fødselen er hard og vanskeleg, vil denne orgastiske kjensla drukne i smerte. Såleis har vi eit munnhell som seier at det ikkje er langt mellom ekstase og smerte. Det at enkelte menneske kan oppleve erotisk tilfredsstilling gjennom masochisme og sadisme kan såleis ha sitt opphav i ein vanskeleg fødsel. Janov har gitt ut ei bok om fødselstraumet som han kallar; Imprints, The Lifelong Effects of the Birth Experience (1983). Her hevdar Janov, at det ein opplever i fødselen er ei form for læring som på ein svært effektiv måte blir prega inn for resten av livet (oneshotlearning), og denne læringa påverkar ikkje berre livshaldningane våre, men også kroppshaldninga og måten vi rører oss på. Folk som har vore inne i dødsprosessen i fødselen har m.a. ein tendens til seinare i livet å få manisk-depressiv sinnssjukdom der dei to fasane av denne sjukdommen er ei slags gjentaking og delvis gjenoppleving av det som skjedde i fødselen. Det å vere kjenslemessig i ubalanse går nettopp på at det sympatiske og det parasympatiske nervesystemet vekslar om å ha overtaket. Det har vist seg at ein lettast går inn i kjenslemessige utladingar, dvs. primalar, og kan lettast integrere trauma ifrå barndommen og fødselen når desse to nervesystema er i veksling, det som Janov kallar the primal window (primalvindauget). Janov kallar dei som har vore inne i dødsprosessen i fødselen for parasympatar. Det som skjedde i fødselen har vorte innprenta i ein slik grad at dei nærmast går på halv maskin for resten av livet og gir eit generelt inntrykk av å vere meir eller mindre sløve og trege. Dei har gjerne lett for å få plager som hypoglykemi, hypotyreose, kroniske muskel- og skjelettsjukdommar, kroniske hovudsmerter og andre meir eller mindre uforklarlege diffuse plager som kan drive lækjarar til vanvit. Dei har også ein tendens til å gi lett opp når dei møter vanskar seinare i livet, fordi dei måtte gi opp i fødselen. Dette er ei form for lærd hjelpeløyse som det er vanskeleg å avlære med åtferdsterapeutiske metodar. Parasympatane har ein tendens til å bli svært gamle, fordi dei går på sparebluss gjennom heile livet. Janov hevdar at det ikkje finst så mange av desse, fordi mange av dei ikkje greidde seg gjennom fødselen. Men her tek nok Janov feil, fordi fødselsvitskapen er kommen så langt i dag, at barn som kjem ut tilsynelatande livlause i fødselen likevel kan bergast. Det same gjeld ekstremt fortidlegfødte. Parasympatar kan ofte verke sympatiske, fordi dei blei tekne så hardt i fødselen, men dei har vanskeleg for å gjere karriere og blir gjerne sett forakteleg ned på som taparar. Dei er såleis overrepresenterte blant dei lågaste sosiale laga av befolkninga som alkoholikarar, narkomane og sinnssjuke. Dei som må kjempe seg ut i fødselen og lykkast med dette utan å måtte gå inn i dødsprosessen, blir av Janov kalla sympatar. Dei får gjerne ei livshaldning som går ut på å møte vanskar i livet med full innsats og står gjerne meir på til større vanskane blir. Dei er aktive og utagerande og ofte suksessrike yrkesmessig. Men sjølv om dei er under påverknad av det sympatiske nervesystemet, er dei ikkje alltid like sympatiske og har ikkje alltid like god forståing for menneske som ikkje har fått ein like god start i livet. Tvert imot vil ein i denne gruppa som oftast finne folk som har meir eller mindre sosiopatiske og psykopatiske trekk. Dei som er mest sensitive overfor andre menneske sine kjensler og som har best forståing for andre menneske sine problem, er som regel dei som har glidd nokså glatt i gjennom fødselen utan å ha måtta kjempe i nokon særleg grad for å komme seg ut levande, i tillegg til at dei har hatt ein god oppvekst med varme, kjærlege og rimeleg bestemte foreldre. Ei anna form for læring som blir prega inn alt i fødselen er, at dersom det blir brukt mykje bedøving som går over i fosteret, vil barnet lære at når det seinare i livet møter store vanskar, kan det løyse desse vanskane med å dope seg ned med kjemiske stoff. Dette disponerer for alkoholisme og narkomani, og svenske forskarar skal faktisk ha funne ein samanheng mellom narkomani og bruk av bedøving i fødselen. For å unngå skadeverknader av bedøving som går over i fosteret, er det nødvendig at den blir gitt så seint som råd under fødselen, eller at ein heller bruker andre former for bedøving som ikkje går over i fosteret. Ein skulle tru, at for å unngå for mykje smerte under fødselen, ville det vere eit godt alternativ med keisarsnitt i dei mest ekstreme tilfella. Men det viser seg diverre at desse heller ikkje har det så greitt i primalterapi, fordi dei ikkje fekk den stimuleringa i fødselen som er nødvendig for å sette i gang dei indre kroppsfunksjonane på ein naturleg måte. Eit barn som har vore utsett for mykje smerte i fødselen, vil måtte bli svært skeptisk til den personen som har utsett det for denne smerta, nemleg mora. Doktor Peter Fedor-Freyberg, professor i obstetrikk ved Universitetet i Uppsala, undra seg over at enkelte sunne og friske nyfødde snudde seg bort ifrå brystet til mora når dei skulle brystfødast. Når han la desse ungane bort til andre mødrer, tok dei bryst med ein gong. Seinare fann han ut at mødrene til dei ungane som hadde nekta å ta bryst, hadde hatt negative haldningar til svangerskapet. Dette tyder på at det ikkje berre er livstruande fysisk smerte og oksygenmangel i fødselen som er traumatiserande, men også eventuelle negative haldningar hos mora til barnet før og i fødselen. For eit nyfødt barn skal det vere ein medfødt refleks å snu hovudet mot brystvorta når det blir lagt bort til mora sitt bryst. Det skal uhyre mykje viljestyrke til for å overstyre ein slik refleks. (Kjelde: T. Verny og J. Kelly: The Secret Life of the Unborn Child, Sphere Books Ltd. London 1981) Negative tankar om svangerskapet hos mora og ein smertefull fødsel gir ein dårleg start på tilhøvet mellom mor og barn og kan truleg vere opphav til schizofreni seinare i livet. Schizofrene har som kjent eit ambivalent tilhøve både til andre menneske og seg sjølve. Det kjem av, i følgje primalteorien, at dei ber på så mykje meir eller mindre fortrengd smerte og traume ifrå fødselen og dei første leveåra at dei må spalte seg vekk ifrå seg sjølve og sitt eige ego for å kontrollere denne smerta, og det i ein slik grad at dei i enkelte tilfelle er i tvil om dei verkeleg eksisterer. Personleg avmakt hos menneske i denne gruppa blir paradoksalt nok ofte kompensert med personleg allmakt der ein trur ein er Gud i staden for den ein eigentleg er. For å kontrollere all den smerta og trauma ein ber på som schizofren, bør ein sanneleg helst vere like mektig som Gud. Ein smertefull fødsel kan lindrast dersom foreldra gir mykje kontakt, omsorg og kjærleik til barnet dei første to til tre åra etter fødselen. Då vil barnet truleg integrere deler av fødselstraumet, samtidig som det byggjer opp eit effektivt psykisk forsvar mot resten. Barn som ikkje får denne kjærlege omsorga i tida etter fødselen, får ikkje bygd opp noko effektivt psykisk forsvar, og vil for resten av livet vere meir eller mindre under påverknad av angsten og terroren ifrå fødselen, utan eigentleg å forstå kva som plagar dei. Desse har på ein måte tapt dobbelt og vil vere offer for forskjellige typar psykiske og somatiske plager seinare i livet. Kva type plager eller psykiske lidingar ein vil få, vil i følgje Janov, komme av genetiske faktorar og livshistoria etter fødselen.
Stanislav Grof har utifrå erfaring med LSD-terapi utvikla ein teori som minner mykje om primalteorien, men han går eit steg vidare og hevdar at ein del av dei som er sterkast belasta med psykiske lidingar også har behov for transpersonlege eller mystiske opplevingar for å bli heilt kurerte. Ut ifrå primaltankegangen kan det hende, at mange av dei mystiske opplevingane pasientar har i Grof sin stoffrie holotropiske terapi, er symbolisering av smerte som kjem altfor tidleg opp i medvitet til at hjernebarken og intellektet greier å handsame det. Grof hevdar at det er gjenoppleving av dei sterkaste trauma, det vil seie fødselen, som har den største terapeutiske effekten. Dette stemmer også med erfaringa i primalterapi, men her ser ein det ikkje som noko mål i seg sjølv å drive pasientane inn i fødselstraumet, dersom ein kan hjelpe dei til eit godt og verdig liv på enklare måtar. Dette fordi fødselstraumet er eit så stort og katastrofalt traume, at det er vanskeleg å gå skikkeleg inn i og komme skikkeleg ut av, og ein kan berre føle ein liten del av det om gongen. Difor prøver ein i primalterapi å hjelpe pasientane til å byggje opp igjen det psykiske forsvaret mot fødselstraumet viss det er mogeleg, ved å hjelpe dei til å integrere mindre traumatiske opplevingar i kronologisk rekkefølgje bakover i tida. Stanislav Grof er, etter mitt syn, ein betre teoretikar og forfattar enn Janov, men terapien hans er monaleg hardare og eignar seg nok best til personleg utvikling for relativt velfungerande menneske med ein viss egostyrke. Det ser ut som det i samfunnet føregår ei generell forteiing når det gjeld traume ifrå barndommen generelt og fødselstraumet spesielt. Ja, der ser ut til at folk flest har lettare for å godta traume ifrå tidlegare reinkarnasjonar, for ikkje å seie små grøne menn ifrå mars, enn fødselstraumet i dette livet. Dette kan komme av at det er svært mange av oss som går rundt og ber på slike traume, og vi prøver så godt vi kan å halde dei nede. I tillegg er mange av oss foreldre, og vi vil helst ikkje tenkje på kva gale vi eventuelt kan ha gjort mot våre eigne ungar. Når det gjeld fødselen, er den det nærmaste vi kjem døden før vi til slutt døyr. Det høyrer med til historia, at i følgje Stanislav Grof hadde Janov store vanskar med å godta at det er mogeleg å gjenoppleve fødselen, men at han vart tvinga til dette på grunn av overveldande klinisk erfaring, i og med at pasientane hans hevda at dei gjenopplevde dette heilt konkret. For å oppsummere kan ein trekkje den konklusjonen, ut ifrå dei erfaringane som er gjort i Janov sin primalterapi og Grof sine ulike terapiar med og utan LSD, at mentale lidingar har sine grunnleggjande årsaker alt i fødselen og på fosterstadiet, og at det er snakk om traume som har trua overlevinga til organismen. Dette gjer at det blir vanskeleg å sjå på psykiske lidingar som sjukdommar i vanleg forstand som skal kunne kurerast med medisinar omtrent som infeksjonssjukdommar, slik som psykiatrien gjer. Tvert imot vil eg hevde, at menneske som får så alvorlege psykiske lidingar i vaksen alder at dei må oppsøkje psykiatrisk hjelp, enten har hatt ein traumatisk fødsel eller alvorleg omsorgssvikt dei første leveåra etter fødselen eller begge deler. Men diverre, fordi norsk psykiatri framleis ser ut til å vere opphengd i arv, genteori og nevrologi, ser det ikkje ut til at det blir gjort noka forsking på denne samanhengen her på berget, trass i at vi i 1992 hadde innsamling til psykiatrisk forsking. Derimot treng ein ikkje gå lenger enn til nabolandet Sverige for å finne ein heilt anna situasjon. Professorane Bertil Jacobson ved Huddinge Universitetssjukehus og Marc Bygdeman ved det Karolinska sjukehuset i Stockholm har publisert ein studie av 242 vaksne som tok livet av seg på ein valdsam måte i perioden 1978 til 1995. Desse var fødde på sjukehus i Stockholm ifrå 1945 til 1980 og hadde ein svært vanskeleg fødsel med såkalla multiple traume. Denne gruppa vart samanlikna med ei kontrollgruppe som hadde hatt ein normal fødsel og som var samansett av sysken til den første gruppa og var fødde i det same tidsrommet på dei same sjukehusa. Dei kom fram til at dei som hadde hatt ein vanskeleg fødsel hadde ein sjølvmordsrate som var omlag 500 % høgre enn kontrollgruppa. (Ref.: Brittish Medical Journal 1998;317:1346-1349, 14. november.) Sjølvmord er ofte assosiert med alvorlege psykiske lidingar som uni- og bipolare depresjonar, men også schizofrene kan ta livet av seg, ofte etter langvarig bruk av nevroleptika. Likevel blir dette tolka slik at komplikasjonar under fødselen også er ein risikofaktor i samband med sjølvmord, i tillegg til sinnslidingar som schizofreni og depresjon. Noka forståing av at også desse alvorlege sinnslidingane har noko med ein vanskeleg fødsel å gjere, er det visst ikkje her. Dr. Gwen L. Zornberg og kolegaer ved Harvard School of Public Helth i Boston, Massachusetts i USA studerte ei samling av 693 menn og kvinner som var født i tidsrommet 1959 til 1966 med omsyn på samanhengen mellom komplikasjonar under fødselen og seinare schizofreni. Desse hadde ein gjennomsnittleg alder på 19 år, og dei fann ut at 5,75% av dei som hadde hatt ein komplisert og langvarig fødsel med oksygenmangel utvikla schizofreni, medan berre 0,39% av dei som ikkje hadde slike komplikasjonar under fødselen utvikla denne lidinga. Det vil seie ein at ein traumatisk fødsel aukar risikoen for å utvikle schizofreni i vaksen alder med opp til 14 gonger. (Ref.: American Journal of Psychiatry: 157:196-202, februar 2000.)
Den medisinske vitskapen har altså funne ut at menneske som har fått diagnosen schizofreni, har ein hjerne som er litt ulik hjernen til såkalla normale friske menneske. Spesielt er hjernestrukturen hippocampus i det limbiske system litt mindre og ikkje fullt så utvikla. I tillegg skal schizofrene også ha større væskefylte tomrom i hjernen, kalla ventriklar på det medisinske fagspråket. Kanskje desse områda har vorte overbelasta av smerteimpulsar og oksygenmangel slik at dei har vorte lettare degenererte. Vi veit at svært langvarig oksygenmangel under fødselen faktisk fører til større hjerneskade som går under det medisinske namnet cerebral parese. Det limbiske system er den gamle delen av hjernen som vi har felles med alle andre pattedyr. Her blir kjenslene (emosjonane) våre genererte som eit svar på sanseinntrykk både ifrå kroppen sjølv og omverda, og desse sanseinntrykka må passere dette området for å nå fram til den medvitne delen av hjernen. Janov påstår at dette området av hjernen også spelar ei stor rolle når det gjeld å hindre at altfor smertefulle sanseinntrykk når fram til medviten oppleving, i og med at det her er mange inhibitoriske synapsar. Det vil seie at fortrengde opplevingar og traume ifrå den tidlegaste barndommen, fødselen og fosterstadiet må vere lagra her og eventuelt på endå lågare nivå. Denne hjerneforskinga er med på å slå sprekker i den seigliva myta som psykiatrien i all si tid har bygd profesjonen sin på, nemleg at årsakene til alvorlege psykiske lidingar som schizofreni og andre former for psykosar og alvorlege depresjonar hovudsakleg er genetiske. Etter dette vil miljøfaktoren utvilsamt stå sterkare, og vi er med andre ord i ferd med å få eit nevrobiologisk grunnlag for å hevde at einsidig bruk av medisinar over lengre tid ikkje er så gunstig som psykiatrien tradisjonelt vil ha det til. Det beste vil då heller vere spesielt tilpassa psykoterapi der ein berre i ekstreme tilfelle bruker medisinar for ei kortare tid for å støtte opp under den psykodynamiske prosessen. Både Janov og Grof har dei siste tjue åra hevda at det er ein samanheng mellom komplikasjonar under fødselen og seinare utvikling av alvorlege psykiske lidingar. Spørsmålet er då om ein mangelfullt utvikla hjerne kan vekse og modnast til full utvikling i den rette forma for kjenslemessig stimulerande psykoterapi i vaksen alder. I følgje Janov kan den det, på same måte som resten av kroppen kan vekse og modnast til sitt fulle genetiske utviklingspotensiale i vaksen alder. Primalterapi er først og fremst ein terapi for nevrotiske lidingar, men det finst eksempel på at menneske med så alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, psykosar og uni- og bipolare depresjonar faktisk har vorte friske i primalterapi, men det er ein lang og vanskeleg veg å gå. På den andre sida er det heller ikkje så lett å leve med slike lidingar, spesielt ikkje viss ein ikkje får noka form for hjelp eller berre medisinsk psykiatrisk behandling. Personleg synest eg at både Arthur Janov og Stanislav Grof sine stort sett samanfallande teoriar om kva som er dei grunnleggjande årsakene til alvorlege psykiske lidingar saman med den nyare hjerneforskinga som er referert her, kan og bør gi menneske som har slike lidingar høgre status i samfunnet. Dette fordi det ikkje lenger kan hevdast med same styrke som før at desse har mindreverdige gen som går i arv i slekta, som også blir stempla som mindreverdig i fleire generasjonar. Psykiatrien har diverre også vore involvert i såkalla rasehygieniske teoriar, og så vidt eg veit er den kanskje ikkje enno heilt stuerein på dette området. Barn som har hatt ein vanskeleg fødsel blir ofte meir krevjande og vanskelege å ha med å gjere og har eit større behov for kontakt, kjærleik og omsorg enn kva sjølv middels resurssterke foreldre ofte kan makte. Difor bør behandling av menneske med psykiske lidingar først og fremst gå ut på å gi den omsorga som foreldra i si tid ikkje makta, for at den enkelte skal kunne fullføre den utviklinga som stoppa opp i barndommen. Eventuell bruk av medisinar må berre vere eit supplement til dette i ekstreme tilfelle. Dette er også eit krav som gjennom mange år har vore reist av folk som går i og har gått i psykiatrisk behandling, men som psykiatrien stort sett med sin enorme såkalla vitskaplege fagkompetanse har vendt det døve øyret til. Eg er diverre redd for at det enno skal gå mange år før psykiatrien blir i stand til å erkjenne at også alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, psykosar og alvorlege depresjonar er utviklingskriser og legg opp behandlinga etter det. Oslo 5/6-02 Leiv Henriksbø
|
Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it. Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience. ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>> SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>
BØKER PÅ NORSK: DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>> EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>
|
|
Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898. E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk. Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk. Ny Psykoterapi |