|
PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.
|
|
SPONSORAR Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>
BØKER PÅ ENGELSK: THE BIOLOGY OF LOVE, . Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet. Prometheus Books 2000. Les meir>> MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen. Les meir>> |
LEKKJER Senter for traumepsykologi, psykologtjenester for privatpersoner og bedrifter, Oslo og Hamar. Brukar dei mest moderne traumeorienterte metodane innafor akademisk psykoterapi til behandling av psykiske lidingar. Les meir>> Senter for krisepsykologi, Bergen. På dette nettstedet vil du finne informasjon om senteret, tjenester senteret kan tilby og informasjon om prosjekter og kurs. Dette senteret vart oppretta alt i 1988 og er truleg det først og i dag det fremste i Europa. Berre enkelte psykologiske og psykoterapeutiske miljø i USA er kommen lengre på dette området. Les meir>> The National Child Traumatic Stress Nettwork, (NCTSN) USA. Amerikansk nasjonal heimeside om traumatisk stress hos barn og korleis desse best kan hjelpast. Dr. Arthur Janov's Primal Center. Dette er instituttet til opphavsmannen til Primalterapien. Her ligg hovudvekta på utdanning av nye primalterapeutar i det som best kan kallast klassisk primalterapi, men det blir også teke inn nye pasientar. Janov har rett nok offisielt pensjonert seg for ein del år sidan, men instituttet blir drive vidare av kona hans, France Janov, som er ein del år yngre. Primalterapi er ein rein traumeorientert holistisk psykodynamisk psykoterapi der teorien har vorte utvikla på empirisk (erfaringsmessig) grunnlag. Les meir>> LAPP (London Association of Primal Psychotherapists). Dette primalinstituttet har terapeutar som er utdanna hos Arthur Janov i Los Angeles og Paris, og dei utdannar også sjølve primalterapeutar, eller primal-psykoterapeutar som dei kaller det. Primalterapien her er til ein viss grad integrert i vanleg psykodynamisk og psykoanalytisk teori og praksis, og då spesielt objektrelasjonsteorien. Åtte gonger i året held ein norsk primalpsykoterapeut i frå dette instituttet helgekurs i Oslo, og ein kan i tillegg få terapi pr. telefon, men for å komme med må ein ha starta terapien i London. Les meir>> EMDR, Eye Movement Desensitization and Reprocessing. Dette er ei relativt ny form for behandling for traume eller PTSD som så langt har vist lovande resultat. Ein brukar her distraherande teknikkar som augerørsler, lyd eller lett berøring for å ta bort litt av intensiteten og smerta i traumet slik at dette lettare kan gjenopplevast og integrerast. Dette verkar svært bra når det gjeld eitt stort traume, og rimeleg bra når det gjeld multiple traume, men ikkje fult så bra på komplekse traume. Svært tidlege barndomstraume og fødselstraumet kjem inn under omgrepet komplekse traume, og her synest den teoretiske forståinga for det siste å vere noko mangelfull, om det i det heile finst ein slik teori innafor denne behandlingsforma. Les meir>> Nasjonalt kunskapssenter om vold og traumatisk stress. NKVTS formål er å styrke kunnskap og kompetanse om vold og traumatisk stress. Les kor traumeteorien står i dag innafor det norske psykiske helsevernet: Posttraumatiske stressforstyrrelser (PTSD) hos barn og ungdom. Sjå også psykologitidsskriftet Impuls ved UiO: Temanummer om traume. Det er svært gledeleg at den psykologiske vitskapen er på god veg til å stadfeste den amerikanske psykologen Arthur Janov sine teoriar vedrørande Primalterapien, men diverre er det enno eit godt stykke igjen. Diagnosen PTSD gjeld vist enno berre traume ein kan hugse. Traume som ein har heilt greidd å fortrengje og som berre gir uforståelege psykiatriske og somatiske symptom, som f.eks. fødselstraume, er enno ikkje omfatta av den vitskaplege traumeteorien, sjølv om slike traume også kan gjenopplevast og handsamast i Primalterapi med svært godt resultat. Alice Miller, polsk-sveitsisk psykoanalytikar som etter mange års praksis har teke avstand i frå Freud sin driftsteori og teorien om dei psykoseksuelle stadia og innsett at årsaka til psykiske lidingar er reelle traumatiske opplevingar ifrå barndommen. Har skrive ei rekkje bøker om emnet, mange av desse er oversette til norsk. Book rewiev. A. Miller har gått god for at primalterapi er ein adekvat måte å handsame desse trauma på, spesielt slik den blir praktisert ved LAPP i London. Skandinavisk Alice Miller forum. John Bowlby, opphavsmann til teorien om kjenslemessig tilknyting (the attachment theory) mellom barn og foreldre på eit tidleg stadium i barndommen og kva dette har å seie for ei sunn sjeleleg utvikling. Birth psychology, amerikansk heimeside om pre- og perinatal psykologi, dvs. teoriar om fosteret si oppleving av svangerskapet og fødselen. Norsk side: Livet før fødselen. Psykoanalyse, psykoterapeutisk retning som vart starta av og tek utgangspunkt i den austerrikske lækjaren Sigmund Freud sitt arbeid. Psykoanalysen er i dag splitta i mange ulike retningar som f.eks. klassisk, kleiniansk, lacansk, sjølvpsykologi og psykoanalyse ut i frå objektsrelasjonsteorien, og desse arbeider litt ulikt ut ifrå dei ulike teoriane. Ein del psykoanalytikarar tek utgangspunkt i dei ulike teoriane etter som det best passar (jobbar såkalla eklektisk), men personleg vil eg anbefale psykoanalyse ut ifrå objektsrelasjonsteorien (objektrelasjonane er relasjonane til andre menneske og spesielt eins nærmaste som foreldre og sysken) og sjølvpsykologien. Dei er i alle fall tilnærma mest i samsvar med teorien bak primalterapi. Heinz Kohut, grunnleggjar av sjølv- eller sjølvetpsykologien innafor psykoanalysen. Denne forma for psykoterapi skal vere veleigna til behandling av folk med alvorlege psykiske lidingar som schizofreni, da kanskje best i kombinasjon med primalterapi og psykoanalyse etter objektsrelasjonsteorien. Forum for selvpsykologi, norsk gruppe av fagfolk som har danna eit forum for informasjon og debatt når det gjeld Heinz Kohut sine teoriar om sjølvet og korleis ein best kan bruke desse teoriane i praktisk psykoterapeutisk arbeid. Oppdatert: OM SELVREGULERINGSBASERT OG OPPLEVELSESORIENTERT VEGETOTERAPI, (SOV). Vegetoterapi er generelt ein kroppsleg innfallsvinkel til fortrengde konfliktar og traume ifrå barndommen og korleis desse best kan gjenopplevast og integrerast. I SOV tek ein utgangspunkt i pusten, og det ser ut til at tradisjonelle teknikkar innafor vegetoterapi er kombinert med andre moderne teknikkar for traumebehandling og teoriar om traume og korleis desse best kan handsamast. Les: PUSTENS BETYDNING I VEGETOTERAPI av Eivind Balsnæs i Bærum, artikkel innsendt av vegetoterapeut Inge J. Clausen. Sjå også: PSYKOLOGIBANKEN. Gestaltterapi, (primalterapi light) ei form for psykoterapi der ein arbeider både eksistensielt og psykodynamisk, grunnlagt av Laura og Fredrick (Fritz) Pearls og Paul Goodman på byrjinga av 60-talet i USA. Det finst over hundre gestaltterapeutar i Noreg i dag, eg denne terapien kan vere eit alternativ for folk som har ei ikkje altfor belastande psykisk liding og som har råd til å betale behandlinga sjølv. For oversikt over gestaltterapeutar i Noreg, sjå Gestaltnett. Humanistisk psykologi. Dette er psykologi som byggjer på eksistensiell filosofi som går ut på at ein kvar må sjølv ta ansvar for livet sitt og problema sine og gjere det beste ut av det. I psykoterapeutisk samanheng vil det seie at ein jobbar med dei problema som var utløysande i samband med den psykiske lidinga. Humanistisk psykologi omfattar m.a. eksistensiell psykoterapi, og psykologen Helen Kolsrud Finnøy påstår at ho oppnår svært gode resultat med denne forma for terapi, til og med når det gjeld psykotiske pasientar. I jungelen av ulike psykoterapiar er ikkje dette min favoritt, men på den andre sida må ein i ein kvar terapi ta tak i problema her og no og prøve å finne ei løysing på dei, også i primalterapi. Dette er ei dansk side og diverre har eg ikkje vore i stand til å finne ei tilsvarande norsk side. Barbro Sandin, intervju i tidsskriftet Spegeln. B. Sandin viste på syttitalet i Sverige at det er mogeleg å behandle schizofrene utan bruk av medisinar. Dette har til ein viss grad forandra svensk psykiatri i ei meir psykodynamisk retning. B. Sandin er opphav til Walla vårdhäm og Stiftelsen Walla som behandlar schizofrene og annan alvorleg problemungdom med minimal bruk av medisinar. Sjå: Samtale med Barbro Sandin. Stanislav Grof, tsjekkisk-amerikansk psykiater som på 60-talet utvikla psykolytisk og psykedelisk psykoterapi med bruk av lav- og høgdose LSD. Han påstår at han hadde svært gode resultat med denne behandlinga der mange andre tydelegvis mislykkast. Då LSD vart eit misbrukarstoff og dermed forbode å bruke terapeutisk, utvikla han holotropisk terapi (holotropic brethwork) som er ein stoffri teknikk der han hevdar å oppnå same resultat som tidlegare med LSD. Mitt inntrykk er at dette er ein terapi for rimeleg oppegåande folk som er interessert i mystiske opplevingar og ikkje noko å satse på for folk som har alvorlege psykiske lidingar. Likevel er resultata til Grof interessante når det gjeld kartlegginga av det umedvitne. From Primal Therapy To Holotropic Breathwork, John Speyrer. Etter mitt syn ein svært interessant og relevant artikkel som samanliknar S. Grof sin holotropiske terapi. med A. Janov sin primalterapi. Regresjonsterapi, psykoterapi som ved hjelp av lett hypnose eller andre teknikkar fører pasienten tilbake i tid til gjenoppleving av traumatiske hendingar i dette og tidlegare liv. Blir her i landet mest praktisert av New Age-terapeutar og er såleis truleg best eigna som personleg utvikling for rimeleg friske og oppegåande menneske. I utlandet og spesielt i USA, er dette ei nokså stor alternativterapeutisk rørsle, sjå: IARRT, International Association for Regression Research & Therapies. Andre lekkjer: Rune Amundsen, APPLE, A.Finkelstein, A.Tomlinson berre for å vise noko, elles er det berre å søkje på Internett på Regression therapy. New Age skal vere den nye tidsalderen som vi er på vei inn i, dvs. Vannmannen sin tidsalder. Men diverre ser det ut til at såkalla New Age terapeutar interesserer seg lite for folk med alvorlege psykiske lidingar. Tvert imot blir desse bedne om å halde seg borte ifrå New Age terapiar, og dette kan for så vidt vere ei ansvarleg haldning, om enn noko defensivt. Alternativopplysningen. Dette er i oversiktsside over alternative terapeutar i Noreg. Her er det ein del bra, men også mykje rart, og eg må diverre ut ifrå eigne erfaringar be folk med alvorlege psykiske lidingar om å tenkje seg godt om før dei involverer seg med reine New Age terapeutar. Desse er mest opptekne med personleg utvikling for rimeleg oppegåande menneske med rimeleg god egostyrke. Psykologar og psykiatrar som har refusjonsavtale med NAV. Det er gledeleg at styresmaktene endeleg har gjort det enkelt å finne fram til spesialistar som har avtale med det offentlege. Mindre gledeleg er det at det framleis er svært få av desse i høvet til behovet, og at det ikkje står kva slags psykoterapi den enkelte praktiserer. Det er litt skilnad på korttids kognitiv åtferdsterapi og psykoanalyse og folk har ulike behov. NY: BIOPSYKIATRIEN OG PSYKOFARMAKOTERAPIENS VIDUNDERLIGE NYE VERDEN Biopsykiatri står for einsidig bruk av medisinar ved behandling av psykiske lidingar, noko som nok har vist seg effektivt når det gjeld demping av symptom, men som diverre gjer pasientane omtrent like yrkesmessige invalide som dei før var på grunn av den psykiske lidinga. Motsatsen er psykodynamisk psykiatri, som "Ny psykoterapi" naturlegvis ikkje har noko imot. Kanskje ein gyllen middelveg her er tingen, dvs. lavdosebehandling med hovudvekt på psykoterapi, slik som det til ein viss grad blir praktisert i primalterapi. Les Rolf Kenneth Myhre sitt innlegg med diskusjonsforum på Alternativt Nettverk>> NY: AkuttPost.no, -Et evig hjem for noen. Ei privat heimeside som er kritisk til dagens psykiatri og det psykiske helsevernet generelt. Her finn du både pasienthistorier og eit diskusjonsforum. Tore Lende: EN SIDE FOR MENNESKELIG VERDIGHET, IKKE-VOLD, BRORSKAP OG VENNSKAP- for fred og fordragelighet i smått og stort - søkelys på urettferdighet i familie og samfunn, skole, psykiatri, pedagogikk, juss, religion og arbeidsliv - en veiviser til en frigjørende livsstil,økonomi, frihet og ansvarlighet - kreative og nyskapende løsninger - et nyskapende og selvfornyende samfunn som frigjør våre indre skapende krefter Joar Tranøy, norsk psykolog som er svært kritisk til psykiatrien og har forska i ei årrekkje på psykiatrien sine overgrep mot enkeltmenneske. Har gitt ut fleire bøker om emnet. Juklerødsaka, handlar om skytebasen Arnold Juklerød som vart innlagt til psykiatrisk behandling og gitt diagnosen kverulantparanoia pga. at han var usamd i sentraliseringa av skulevesenet i heimkommunen. Sjå også psykolog Arild Karlsen si heimeside og Arve Kirkevik si heimeside: Arnold Juklerøds Frisone, der m.a. journalen til A. Juklerød er lagt ut. Lars Mårtensson, svensk lækjar som er svært kritisk til dagens medisinske psykiatri og som hevdar at han kan dokumentere at psykotiske og schizofrene pasientar kan lækjast ved hjelp av visse metodar som ikkje omfattar bruk av medisinar. Peter Breggin, amerikansk psykiater som har teke avstand i frå bruk av nevroleptika til behandling av psykiske lidingar og starta sitt eige antpsykiatriske senter. Norsk Antipsykiatri, antipsykiatrisk oversiktsside. Psykiatrikritisk heimeside tilhøyrande den svenske lækjaren Lars Mårtensson. Tidsskrift for psykisk helsearbeid er et organ for debatt og formidling av teori, forskning og fagutvikling innen psykisk helsevern. De bak tidsskriftet er ganske progressive, skriver bra lederartikler. Men artiklene ellers er ymse når det gjelder oss tilhengere av traumeteorien. Desverre må man betale for å lese artikler, men man kan også abonnere på tidsskriftet. Andre primalsenter og opplysningssider: The Primal Institute, A. Janov sitt opphavlege primalinstitutt, The Primal Psychoterapy Page er ei opplysningsside om Primalterapi med svært mange gode artiklar. For å finne andre primalsenter, er det berre å søkje på "Primal therapy" på Internett. |
Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it. Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience. ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>> SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>
BØKER PÅ NORSK: DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>> EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>
|
|
Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898. E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk. Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk. Ny Psykoterapi |