|
PSYKIATRI-kritisk, HELSEBYRÅKRATI-kritisk og ALTERNATIV-PSYKOTERAPEUTISK heimeside for informasjon og debatt, til fremming av traumeteorien generelt og traumeorienterte psykoterapiar, spesielt primalterapi.
|
|
SPONSORAR Ønskjer svært gjerne å få sponsorar til denne heimesida ifrå det private næringslivet. Les meir>>
BØKER PÅ ENGELSK: THE BIOLOGY OF LOVE, . Her presenterer Janov ein samanbindande teori mellom psykologi og hjernekjemi. Basert på den lange erfaring hans som terapeut og dei siste teoriane innafor psykologi og nevrologi, viser han korleis ei kjærleg behandling sterkt fremmar både fysisk og psykisk helse. Han fokuserer på prenatale erfaringar og fødselstraumet. Prometheus Books 2000. Les meir>> MODELS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse psykologane har nemleg gått igjennom mykje av forskinga på schizofreni og funne at den eigentlege årsaka er traume i barndommen. Les meir>> |
SPESIELT ANBEFALTE BØKER:
WHY LOVE MATTERS, How Affection Shapes a Babys Brain, av Sue Gerhardt. Forfattaren har praktisert som psykoterapeut i mange år og spesielt jobba med forstyrra eller dysfunksjonelt tilhøve mellom barnet og mora. Ho forklarer i boka korleis kjærleik er essensielt for utviklinga av hjernen i dei tidlege barneåra, spesielt når det gjeld utviklinga av våre sosiale og emosjonelle evner i vaksen alder. Boka inneheld ein del nevrobiologi forklart på ein enkel og forståeleg måte. Taylor & Frances Ltd. 2003. Les bokomtaler>> MODELLS OF MADNESS, Psychological, Social and Biological Approaches to Schizophrenia, av John Read, Loren R. Mosher og Richard P. Bentall. Her blir det hevda at schizofreni ikkje er ein sjukdom og at diagnosen må fjernast. Desse tre psykologane har gått igjennom omgrepet, diagnosen og forskinga på schizofreni og kome fram til at denne lidinga skuldast fattigdom, einsemd, overgrep i barndommen, omsorgsvikt og diskriminering, med andre ord traume. Men psykiatrien og lækjarmiddelindustrien held framleis fast på den såkalla biogenetiske modellen som fritek foreldra for alt ansvar for barneoppdraginga. Kanskje synd at desse psykologane ikkje også har inkorporert fødselstraumet i teoriane sine. Den legg trass alt ikkje all "skuld" på foreldra, men fokuserer også på mogelegheitene foreldra har til lindring av dette traumet, Ei svært viktig bok, håper den snart blir oversett til norsk. Taylor & Francis Ltd 2004. Les meir>> EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Nokre av metodane som blir brukte her må vel best karakteriserast som teknikkar for å halde den psykiske lidinga i sjakk, som f.eks. fysisk trening, riktig kost og konsentrasjon på hjerte sin rytme og arbeid. Derimot vil teknikkar som EMDR (teknikkar for å lette gjenopplevingar av traume), akupunktur og djup innanding ha ein viss forløysande og katartisk effekt. Pax 2005. Les omtale av boka på: NRK Gull 12/11-07>> KLIENTEN - DEN GLEMTE TERAPEUT, brukerstyring i psykisk helsearbeid. Asbjørn Kärki Ulvestad (Redaktør) ; Arne Kristian Henriksen (Redaktør) ; Anne-Grethe Tuseth (Redaktør) ; m.fl. Boken tar for seg klient- og resultatstyrt praksis (KOR), og handler om klientens undertrykte rolle innenfor psykisk helsevern. Bidragene er skrevet av brukere av helsetjenester og fagfolk i fellesskap, og forteller oss at det er klienten som er den viktigste kilden til forandring og at effektiv behandling derfor må ta hensyn til klientens kompetanse og erfaringer. Boken henvender seg til studenter og ansatte ved utdanningsinstitusjonene, brukere av sosial- og helsetjenester og politikere og ledere innen sosial- og helsefeltet. Har stikkordsregister. Gyldendal akademisk 2007. Les meir hos bokkilden.no>> Les også: Når klienten styrer behandlingen hos TNP>> PRIMALTERAPI, Behandling og forebygging av nevroser. Tore Gunstein Nilsen, Guri Tuft, Dette er ei enkel og grei innføring i primalterapi, spesielt med omsyn til teorien. Universitetsforlaget 1976.
BARN OG FØLELSER, Arthur Janov. Handlar om korleis ein best kan oppdra barn for å unngå seinare psykiske skader. Cappelen 1977. Original tittel: THE FEELING CHILD: Preventing Nevrosis in Children; Simon & Schuster, N.Y. 1973. AFFECT REGULATION AND THE ORIGIN OF THE SELF, Allan Schore. A. Schore er professor i nevropsykologi ved UCLA i California og har gjennom forsking vist kor mykje det har å seie med riktig kjenslemessig kontakt og stimulering dei første leveåra, ikkje berre for den sjelelege utviklinga, men også for utviklinga av hjernen og kroppen elles. Han stadfestar såleis J. Bolby sitt arbeid vedrørande teorien om kjenslemessig tilknyting (the attachment theory), og A. Janov tek han til inntekt for sine teoriar. Sjå også Book Review. For spesielt enteresserte: Trauma Information Pages. Laurence Erlbaum 1999. JOHN BOWLBY AND ATTACHMENT THEORY, Jeremy Holmes. Grei og oversiktleg innføring i J. Bowlby sine teoriar når det gjeld kva tidleg kjenslemessig tilknyting til foreldre og føresette har å seie for ei sunn sjeleleg utvikling hos barnet. Routledge, 1993. DET UFØDTE BARNS HEMMELIGE LIV, Thomas Verny. Handlar om korleis fosteret opplever svangerskapet og korleis mora og andre kan kommunisere med fosteret for å skape ei best mogeleg harmonisk utvikling alt på fosterstadiet. Kunnskapen om dette er skaffa til vegs gjennom psykoterapeutisk gjenoppleving av fostertilværet hos vaksne. Borgen forlag, Danmark 1987. Original tittel: The Secret Life of the Unborn Child. FØDES UTEN VOLD, Fredrick Leboyer. Denne boka kasta lys over den harde og kjenslelause måten barn vart mottekne i fødselen tidlegare og har i stor grad ført til forandring av vanleg fødselspraksis over store deler av den vestlege verda. Gyldendal Norsk Forlag 1975. Original tittel: Pour une naissance sans violence, 1974. DET FØRSTE LEVEÅRS PSYKOLOGI, Det psykiske svangerskap, Anne-Marit Duve. Skildring av den psykiske utviklinga hos spedbarnet frå fødselen og fram til eittårsalderen. Universitetforlaget 1972. BARNESKJEBNER, Alice Miller. Handlar om korleis ein med ei såkalla vellykka fasade prøver å dekke over sakn og traume ifrå barndommen og konsekvensane av det. Gyldendal 1980. I BEGYNNELSEN VAR OPPDRAGELSEN, Alice Miller. Handlar om korleis vi medvite eller umedvite prøver å undertrykkje det levande, det kreative og det emosjonelle hos barnet og dermed barnet i oss sjølve. Gyldendal 1986. Original tittel: Am Anfang war Erziehung. DU SKAL IKKE MERKE, Alice Miller. Handlar om sviket mot barnet i tradisjonell psykoanalyse. Gyldendal 1988. Original tittel: Du sollst nicht merken. DEN UBRUKTE NØKKELEN, Alice Miller. Peiker på forbløffande samanhengar i store kunstnarar sin barndom; Nietzsche, Picasso, Kollwitz, Buster og Keaton. Biografar har teke lett på opplevingar som må ha gjort eit enormt inntrykk - og som kan finnast igjen i kunstnarane sine verk. Illustrert med foto og teikningar. Gyldendal 1991. DEN FORBUDTE VITEN, Alice Miller. Handlar om å ta sin eigen barndom og sine eigne lidingar alvorleg. Gyldendal 1992. Original tittel: Das verbannte Wissen. NB: Alice Miller var ei tid involvert i terapi hos den sveitsiske psykoterapeuten Konrad Stettbacher og hans metode når det gjeld å drive primalterapi. Ho har seinare teke avstand ifrå Stettbacher etter at ho oppdaga at han ikkje har verken utdanning, trening eller eigenterapi i denne forma for psykoterapi. L.H. PSYKOANALYSEN I NORGE, Per Anthi og Sverre Varvin, (red.) Denne boka byggjer på ein foredragsserie i samband med Psykoanalytisk institutt sitt 25-årsjubileum i 1992. Universitetsforlaget 1993. THE ASSAULT ON TRUTH: Freud's Suppression of the Seduction Theory. Masson var på slutten av 1970-talet direktør for Freud-arkiva. (Paperback-2003) by Jeffrey Moussaieff Masson (Author). SELVETS PSYKOLOGI, Heinz Kohut. Grunnleggjaren av den såkalla selv- eller selvetpsykologien, som i motsetning til egopsykologien trekkjer kropp, drifter og kjensler med i forståinga av sinnet og personlegdommen. Den svenske psykoterapeuten Barbro Sandin og Wallarørsla byggjer m.a. på denne forma for psykologisk forståing i arbeidet med schizofrene. FRA NARSISSIME TIL SELVPSYKOLOGI: En innføring i Heinz Kohuts forfatterskap, Sigmund Karterud. Ad Notam Gyldendal, 1995. SELVPSYKOLOGI ETTER KOHUT, redaktører Sigmund Karterud og Jon Monsen, Ad Notam Gyldendal 1997. PSYKOTERAPI MED SCHIZOFRENE, Bertram P. Karon og Gary VandenBos: Her blir det vist at det er fullt mogeleg å drive terapi på schizofrene utan bruk av medisinar, og at det faktisk er billigare enn bruk av medisinar både på kort og lang sikt. Universitetsforlaget 1985. DEN ZEBRAANDIGA PUDDELKÄRNAN, Barbro Sandin, svensk. Skildring av Sätermodellen i Sverike når det gjeld å drive psykoterapi på schizofrene, ut ifrå selvetpsykologi. Raben & Sjøgren, 1986. Dualis Pocket, 1998. Dansk oversetting: Den zebrastribede puddelkerne, Rosinante, 1986. TOKFYRSTEN, Elgard Jonsson, svensk. Biografisk historie av og om den første schizofrene pasienten til Barbro Sandin på Säter sjukhus. Han vart til slutt så bra at han udanna seg til psykolog. Dualis förlag, 1996. Dansk oversetting: Galefyrsten, Rosinante. DØDELIG TERAPI, INNSIKT TIL UTSIKT, terapi, Ellen Kolsrud Finnøy. Dokumentasjon på at nevroleptika og antidepressiva, spesielt SSRI-preparata, også kalla lykkepillane, fører til kjemiske forandringar i hjernen som kan vere meir eller mindre varige. Dette fører i sin tur til hemming av dei intellektuelle funksjonane. Kolsrud Finnøy viser også eit psykoterapeutisk alternativ til medisinane. Framstillinga er litterær og boka er rimeleg enkel å lese. Sjå omtale i Dagbladet. Universitetsforlaget 2000. I SINNSYKEHUSETS VOLD, Joar Tranøy. Innlagtes motstand mot legemlig behandling ved Gaustad sykehus. Pax 1993. PSYKIATRIENS KJEMISKE MAKT, Joar Tranøy. Dokumentasjon av skadeleg effekt av bruk av lobotomi, nevroleptika og LSD innan norsk psykiatri. Spartacus forlag AS, Oslo 1995. TIL PASIENTENS BESTE, Joar Tranøy. Ei bok om behandling, makt og pasientprotest i norsk psykiatri. Forum, Aschehoug 1999. Sjå omtale av boka. BUR TIL EN SKADET FUGL, Liv R. Lykkenborg. Sjølvbiografisk bok om korleis det var å vere pasient på psykiatriske institusjonar på femtitalet og vegen ut av det medisinske slaveriet. Sjølv om vi får håpe at psykiatrien har kome litt vidare sidan den gong, er boka truleg like aktuell i dag. J.W. Cappelens Forlag 1982. Paperback: Ex Libris Forlag 1995. TOXIC PSYCHIATRY, Peter Breggin. Undertittel: Drugs and Electroconvulsive Therapy: The Truth and the Better Alternative. Peter Breggin er den fremste antipsykiateren i USA i dag og driv sitt eige antipsykiatriske senter. Boka handlar om den skadelege effekten av medisinbruk og elektrosjokk i dagens psykiatri. Det er utruleg at denne boka ikkje er oversett til norsk, men ryktet i det antipsykiatriske miljøet i Oslo vil ha det til at psykiatrien har lagt press på forlaga for at denne boka ikkje skal bli oversett til norsk. Fontana ,1993. GALSKAPENS HISTORIE, Michel Foucault. Forfattaren omtalar her korleis dei gale gjekk ifrå å vere eit akseptert og fargerikt innslag i samfunnet i mellomalderen til å bli utstøytte nærmast som spedalske i vår moderne tidsalder. Gyldendal, 1999. LIVETS MAGISKE VEV, Glimt fra en optimistisk terapeuts verksted, Rune Amundsen. Norsk psykolog som interesserer seg for transpersonlege og spirituelle sider ved psyken og praktiserer ein type regresjonsterapi der ein går tilbake til tidlegare liv for å finne løysinga på psykiske problem. R. Amundsen er lite populær i det veletablert psykologiske og psykiatriske miljøet og har til tider vore sterkt motarbeidd av dette miljøet.
|
Next to mental illness, one of the major afflictions of humanity today is the treatment for it. Sitat i frå Arthur Janov i boka The Primal Scream 1970. Bilete henta ifrå omslaget til boka: IMPRINTS: The Lifelong Effects of the Birth Experience. ACE-STUDIEN: (Adverse Childhood Experiences Study) Eit barn som opplever misbruk eller mishandling har langt større risiko for å bli alvorleg sjuk femti år seinare, viser stor amerikansk studie. Les meir>> SCHIZOFRENI FINNES IKKE. Schizofreni-diagnosen er et overgrep og en fornærmelse i seg selv, mener John Read. Ifølge psykologen er det bare legemiddelindustrien og medisintro psykiatere som tjener på å opprettholde diagnosen. Les meir>>
BØKER PÅ NORSK: DISSOSIASJON OG RELASJONSTRAUMER, Integrering av det splittede jeg. Dette er den første norske boken om traumer og dissosiasjon, skrevet av erfarne fagpersoner innen feltet. Her presenteres ny og aktuell kunnskap om fenomenet dissosiasjon og dissosiative lidelser som kan gjøre symptomene mer forståelige og behandlingen best mulig. Av Trine Anstorp, Kirsten Benum og Marianne Jakobsen (red.). Les meir>> EVNEN TIL HELBRED, behandling av stress, angst og depresjoner uten medikamenter eller psykoterapi, av David Servan-Schreiber; Synnøve Sundby (Oversetter). Metoden byggjer på hjerneforsking og tradisjonell austerlandsk medisin, og baserer seg på den emosjonelle hjernen si evne til å gjenopprette balanse og velvere. Les meir>>
|
|
Innehavar og administrator av heimesida Ny psykoterapi: Leiv Henriksbø, Henriksbø, 5966 Eivindvik, tlf. 57783216, mob. 90990898. E-postadresse: leiv.henriksbo@nypsykoterapi.no. Web: Studio Henriksbø, org.nr.: 988113824. Besøksstatistikk. Redaktøren av denne heimesida går ikkje nødvendigvis god for alt som står på heimesider som denne sida er linka opp til og tek ikkje noko ansvar for innhaldet på desse. Kopiering av artiklar på denne heimesida er berre tillete til ikkjekommersiell bruk. Ny Psykoterapi |